President
FrP meiner at effektiviseringa av offentleg forvaltning ikkje har den ønska framdrift. Vi vil påpeike at måla med fornying av offentleg sektor er å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring. Vi meiner det er viktig at det vert arbeidd med kvalitetsmål, som både tek omsyn til fagleg kvalitet, helsefremjande arbeidsmiljø, kostnadskontroll og kontinuerleg kompetanseoppbygging. Det må utviklast gode system for tilbakemelding og endring av regler og rutinar som ikkje fungerar etter plana.
President, Frp meiner det er Fornyings- og administrasjonsdepartementet som må vere hovudmotoren i dette arbeidet, og vi meiner at framdrifta på ingen måte er tilfredsstillande.
President, for offentleg sektor er det spesielt viktig å ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsformer med dei mogelegheiter dette gjev. Offentleg sektor forbrukar kvart år store deler av den samla verdiskapinga i Noreg. Når offentleg sektor forbrukar fellesskapets midlar, må det kvile eit spesielt ansvar på alle offentlege verksemder, og spesielt Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Frp meiner at offentleg sektor i langt større grad burde vere opnare i sin sakshandsaming, slik at dei det gjeld, andre sakspartar og det offentlege får tilfredsstillande innsyn. Etter FrP sitt syn kan dette gjerast utan at det går ut over personvern eller tausskapsplikt. Ei meir open sakshandsaming vil etter vårt syn kunne vere gjenstand for ei kontinuerleg vurdering og effektivisering av offentleg sektor til innbyggjarane sitt beste.
President, FrP er framleis av den oppfatning at offentleg verksemd i større grad bør ta i bruk verkemiddel som anbod, privatisering og konkurransestimulering. FrP meiner det må føreligge særskilt grunngjeving dersom desse prinsippa ikkje skal nyttast av det offentlege.
President, Regjeringa har skrytt mykje av si satsing på breiband. Dei viser til at denne satsinga vil resultere i at breibanddekninga vil kome opp på rundt 95%. No er vel sanninga at det er det som regjeringspartia likar svært dårleg, nemleg marknadskreftene, som har sytt for det meste av denne utbygginga. Imidlertid vil det framleis være ca. 100 000 husstandar som må klare seg utan breiband, og at berekningar viser at sluttrekninga vil kome opp i mot 1,5 milliardar kroner før full utbygging til alle. Årsaka til dette er dårlege telefonlinjer og lange avstandar, og vil med dagens løyvingar ta mange år før ein har nådd alle.
President, Regjeringa har lova breibank til alle i løpet av 2007, og at dei forventar at private aktørar, fylke og kommunar tek sin del av rekninga. Når staten har teke ut over 1,7 milliardar kroner i utbytte frå Telenor berre i 2005, så er det eit paradoks at Regjeringa ikkje er villeg til å løyve meir pengar til breibandutbygging.
President, eg trur ikkje eg tek munnen for full når eg hevdar at Regjeringa på nytt har lova noko dei ikkje er i stand til å halde.
President, avslutningsvis vil eg igjen peike på at det er særs viktig av offentleg administrasjon vert gjort så enkel og kostnadseffektiv som mogeleg. FrP vil påpeike at det er nokon som må betale rekninga, i form av stadig høgre skattar og avgifter. Hadde det i stat, fylker og kommunar vore gjort dei rette grep, kunne store beløp vore sparde.

