RESOLUSJON 1
Sogn og Fjordane FrP
Fremma av: Selje FrP
Fullverdig sjukehus for Nordfjordregionen
Fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane FrP vil peike på at for Nordfjord sjukehus er situasjonen no som et fullverdig sjukehus for Nordfjordregionen ikkje mindre en dramatisk. Vi viser her til det som har skjedd med ein del pasientar på grunn av vedtak i styre ved Helse Førde.
Sogn og Fjordane FrP registrerer at dei som bur i distriktet har totalt mista tilliten til Helse Førde, og det er også heilt tydeleg at Helse Førde er i ferd med å øydelegge helsetilbodet for distrikta i Sogn og Fjordane fylke.
I denne samanheng viser vi til media men også til brev frå dei tilsette ved Nordfjord sjukehus til Helse og omsorgsminister
Bjarne Håkon Hanssen, datert 6.okt.2008.
Brev til styret i Helse Førde frå 10 overlegar ved Nordfjord sjukehus, datert 13.06.2008.
Brev frå Nordfjord sjukehus, ortopedisk avdeling til adm. direktør J. Bolstad ,datert 25.07.2008. Rapport frå Spesialitetskomiteens
besøk ved Nordfjord sjukehus, datert 11.sep.2007. Rapport frå Spesialitetskomiteens besøk ved Førde Sentralsjukehus, datert
10.sept.2007. Uttale frå kommunelegane i Nordfjordregionen, datert 27.10.2008.
Ut i frå det som er nemnt i brev og rapportar ovanfor sluttar årsmøtet seg til synspunkta til dei tilsette, overlegane ved Nordfjord sjukehus og kommunelegane i Nordfjordregionen og at desse synspunkta vert lagt til grunn i framtida når det gjeld pasientbehandling ved Nordfjord sjukehus.
Sogn og Fjordane FrP krev at sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal har eit fødetilbod på dagens nivå og døgnkontinuerlig akuttberedskap innan ortopedi og medisin, slik noverande regjering har lova.
RESOLUSJON 2
Sogn og Fjordane FrP
Fremma av: Selje FrP
Rask utviding av tunnelar
Sogn og Fjordane er eit fylke med svært mange tunnelar, som er ein del av vegnettet.
Dei fleste av desse tunnelane er bygde for fleire år sidan, med ein storleik som var tilfredsstillande for det køyremateriell som var då. Etter kvart har dette endra seg, til ein slik storleik at det viser seg at dei fleste transportselskapa i dag har køyremateriale som er så høge at dei køyrer ulovleg gjennom tunnelane.
Dersom transportselskapa skal kunne tilfredsstille næringslivet sine behov, er dei heilt avhengig
av å kunne køyre med bilar som har dagens storleik.
Sogn og Fjordane FrP vil påpeike nødvendigheita av ei rask utviding av storleiken på dagens tunnelar/bygge nye eventuelle anna trasèval slik at dei stettar dagens og framtidas køyremateriale. Dette er difor heilt avgjerande dersom næringslivet i fylket vårt skal kunne halde fram med drifta si, og dersom dei skal kunne tryggje sine arbeidsplassar, som igjen er avgjerande for busetnaden i distriktet vårt.
Sogn og Fjordane FrP vil derfor på det sterkaste oppmode landets myndigheiter å syte for løyve pengar til slike utbetringar, slik at dette stettar dagens og framtida sine behov.
Sogn og Fjordane FrP vil også oppmode myndigheitene til å nytte fornuft ved kontrollar av dagens køyretøy, slik at desse kan få køyre gjennom tunnelane utan å verte stoppa og bøtelagt. Dette må dei få lov til inntil tunnelstrekka er utbetra til ein storleik som gjer det lovleg å nytte tunnelane utan å køyre ulovleg.
**********
RESOLUSJON 3
Fremma av:Selje FrP
Trombolysebehandling i ambulansetenesta i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane FrP reagerer med vantru på at Helse Førde nektar å innføre trombolysebehanling som standard i ambulansane i fylket. Sogn og Fjordane er einaste fylket som ikkje har dette tilbodet og medisinarar over heile landet er forundra over dette vedtaket i Helse Førde.
Trombolysebehandling kan redde liv, og det kan forhindre at folk vert uføre resten av livet. Til raskare denne behandlinga vert sett i verk til betre virkning kan ein oppnå.
Behandlinga fungere slik at ambulansepersonell koblar til EKG og så sit det ein kardiolog inne på sjukehuset og vurderer om pasienten treng denne behandlinga eller ikkje.
Den einaste grunnen til at dette ikkje vert innført, må forsvarast medisinsk. Dette kan vanskeleg gjerast når det kan ta opp til 3,5 time frå Ytre Stadlandet og inn til Nordfjordeid. Så lang tid utelukkar bruk av trombolyse både på hjarteinfarktpasientar og slagpasientar.
Når ein tek topografien i fylket til grunn så veit vi at mange fjellovergangar, rasutsette vegar og dårleg ver gjer at det kan ta lang tid før pasienten er komen til sjukehus for å få behandling.
Sogn og Fjordane FrP krev at dette tilbodet vert tilgjengeleg for folket i Sogn og Fjordane på lik line med resten av landet.
**********
RESOLUSJON 4
Sogn og Fjordane FrP
Fremma av: John O. Bendiksen, Gloppen FrP
Staten må ta ansvar for tapt arbeidsinntekt for medlemmer i Røde Kors Hjelpekorps når disse må ut i ettersøk og lignende. Dette gjelder de som er ansatt i det private næringsliv.
Røde Kors Hjelpekorps rykker årlig på ca. 700 redningsaksjoner. Dvs. at hvert hjelpekorps i snitt deltar på 1- 2 aksjoner pr. år. Behovet for assistanse oppstår på alle døgnets tider, også i arbeidstiden. Tjenesten blir utført uten vederlag, mange har til og med store utgifter i forbindelse med utførselen av sine oppgaver.
I henhold til Statens personalhåndbok kan tjenestemenn som er knyttet til Norges Røde Kors gis full lønn under tjenestefrihet i forbindelse med utrykning til hjelp for nødstilte. Arbeids – og administrasjonsdepartementet har videre samtykket til lønn i en uke under permisjon og deltagelse i organisert redningsopplæring for statsansatte som er ledende tillitsmenn eller distriktsledere innen Norges Røde kors. Kommunalt ansatte har samme rettigheter som statlige.
Dette gjelder ikke for ansatte i det private næringsliv. Her er det opp til arbeidsgiver å avgjøre hvorvidt en ansatt skal trekkes i lønn under en aksjon eller ikke. Vi har eksempler blant annet fra Gloppen der arbeidstakere i privat næring har sluttet i Hjelpekorpset på grunn av tap i lønn under aksjon. De hadde ikke råd å være med i korpset. Når det råder slike forhold i vårt samfunn, kan en jo ikke forvente at verken Hjelpekorpset eller andre frivillige redningskorps får noe stor tilstrømming av frivillige.
En kan forstå arbeidsgiver og. Når en medarbeider blir borte fra jobb medfører det tap også for arbeidsgiver. Det burde være en statlig oppgave å dekke dette tapet. Og kan enkelt løses ved å benytte politiet. Disse er jo alltid med i en redningsaksjon. Når aksjonen er over kan politiet fylle ut de nødvendige timelister, sende disse over til rette statlige instans. Og arbeidstakeren får utbetalt tapt arbeidsfortjeneste.
Fylkesårsmøtet ber Stortingsgruppen om å arbeide for å få en snarlig løsning på denne saken.
RESOLUSJON 5
Sogn og Fjordane FrP
Fremma av: Åge Starheim og Lars–Svein Drabløs
Distriktskrise i krisepakken
Det viser seg at i den krisepakken som kom ifrå regjeringa i samband med finanskrisa kjem distriktsfylke som Sogn og Fjordane dårleg ut. Årsaka er at det vert utrekna etter folketalet.
Sogn og Fjordane FrP vil be regjeringa om å kome med ein krisepakke 2, som er retta mot infrastruktur. Med det meinar vi reduksjon i billettprisane på riks- og stamvegferjer, som FrP allereie har gjort framlegg om, og nedbetaling av bomvegprosjekt, som til dømes Fjærland og Fatlaberget.
Dette vil vere med på å styrke eksisterande verksemder og stimulere til nyskapning i fylket. Sogn og Fjordane, som andre distriktsfylke langs kysten, har stor produksjon av varer som skal eksporterast, og her er ein betydeleg produksjon av varer og tenester til det sentrale innanlandsmarknaden.
Vi ber og regjeringa om å tilføre ekstra midlar til distriktsutbygging i områder som Bremanger/Svelgen. Dette vil gjere det mogeleg å få etablert betydeleg fleire arbeidsplassar i Svelgen.
**********
RESOLUSJON 6
Sogn og Fjordane FrP
Fremma av: Åge Starheim, Jostein Kvalsvik og Lars-Svein Drabløs
Sogn og Fjordane tildeles alt for lite midler i statlige krisepakke
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete påstår at grunnen til Sogn og Fjordane sin lave andel av samferdselsmidlene skyldes at her er alt for få planer klare.
Det medfører for så vidt riktighet at her er mangel på ferdige planer på prosjekt, men en stiller likevel spørsmål det antall kroner som tildeles fylke når en ser på de summene til de klargjorte prosjektene.
Det er ikke tvil om at mange av disse prosjektene kunne har vært tildelt betydelig større midler, og at dette viser at Liv Signe Navarsete har tapt kampen om andeler til Sogn og Fjordane. Ser en for eksempel på prosjektet RV-60 Olden-Innvik, så kunne en uten problemer tildelt betydelig større sum.
Årsmøtet til Sogn og Fjordane FrP forventer at også de rød/grønne vil benytte anledningen å rette opp dette når Stortinget skal ferdigbehandle krisepakken.
**********
RESOLUSJON 7
Sogn og Fjordane FrP
Fremma av: Åge Starheim og Lars–Svein Drabløs
Vi har ikkje råd å miste meir i fylket
Sogn og Fjordane FrP tek på alvor ordføraren i Vik sitt ønskje om å overføre Vik kommune til Hordaland.
Dette vil vere eit tap for Sogn og Fjordane, som frå før slit med folketalsvekst.
Sogn og Fjordane FrP har i mange år engasjert seg for ein sikker veg mellom Voss og Vik, med lang tunnel gjennom fjellet med sidetunnel til Framfjorden.
For å oppretthalde god sysselsetting i desse krisetider vil dette vere eit glimrande prosjekt. Det vil også vere avgjerande for å oppretthalde trygge arbeidsplassar i Vik kommune i framtida.
Med den store utvikling innanfor turisme i vinterhalvåret som vi ser på Voss, vil ein sikker veg bidra til at Vik kan få ringverknadar frå Voss.
Med denne bakgrunn ber vi samferdsleministeren syte for at det vert løyvt nok midlar i Nasjonal transportplan slik at også Vikafjellsvegen kan kome i prioritet.
**********

