Kalender Hordaland

16.11.07 17:29

Etne  FrP

v/ Jon Magne Vae

5590 Etne.

Tlf.       +47-53-75-65-57

Mobil:  +47-92-21-72-04

                                                  

                       

 

 

ÅRSMØTE  i  Etne FRP    -  25.11.2005

 

Stad:               Old River Saloon.                         

Tid:                 Kl. 1900.

Møtte:            Jan Tore Aga, Arvid Skoge, Alf Barane, Borgny Barane, Oddvar Tvedten,

Jon Magne Vae, Tone E. Vae, Knut Grindheim, Audun Namtvedt,

Reidar Ebne, Marit E. Ebne og Brynjulv Hus.

Gjest: Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter.

  1. Formannen opna med å ynskja alle velkomne til årsmøtet, og retta ein spesiell takk til Gjermund Hagesæter for at han hadde teke seg tid til å ta turen ned til Etne i desse travle tidene med budsjettarbeid.

      Formannen gjekk så over til å snakka om det gode valresultatet i Etne ved

Stortingsvalet, 24%,  og vona at me kunne behalda alle, eller iallfall dei fleste av veljarane, ved  neste val.

På grunn av at det var litt uklårt kor lenge Hagesæter kunne vera til stades, føreslo formannen å ta dei formelle sidene ved årsmøtet før Hagesæter fekk ordet for å gje oss eit oversyn over aktuelle saker frå Stortinget. Dette meinte Hagesæter var ein grei framgangsmåte, og ein gjekk difor direkte på dei formelle sidene ved årsmøtet.

  1. Val av møteleiar.  - Det kom framlegg på Jon M. Vae. Samrøystes vald.
  2. Val av møtereferent.  - Framlegg på Audun Namtvedt (som hadde installert seg med datamaskin…). Samrøystes godkjend.
  3. Val av protokollunderskrivarar. -  Det kom framlegg på Oddvar Tvedten og Knut Grindheim. Dei vart samrøystes valde.
  4. Årsmelding.  - A. Namtvedt las opp årsmeldinga. Den vart samrøystes godkjend.
  5. Årsrekneskap. - Borgny Barane las opp og forklarte. Ho ville at me ikkje skulle la butikkane senda rekningar, for dette kosta 30 kr. pr. gong. Det var betre å ta rekninga med seg og senda den sjølv til kasseraren.

      O. Tvedten stilte spørsmål ved om summen på 5000 kroner som var sett opp i 

      budsjettet ville vera nok til reiser. Han tenkte serleg på kostnader ved årsmøtet

      i Hordaland. K. Grindheim meinte det var eit greitt budsjett. Han meinte at det

      gjorde ikkje noko om ein eventuelt kom over dette i kostnader.

Formannen og O. Tvedten støtta dette, og meinte at det var kjekt å kunna reisa litt meir for å delta på kurs og møte.  Gjermund Hagesæter meinte det kunne vera lurt å ha eit lite overskot på drifta i 2006, med tanke på at røynsler frå mange lag tilsa at det kunne koma eit lite underskot i samband med lokalval, som me skal ha på nytt i 2007. Rekneskapen vart etter nokre fleire spørsmål kring småpostar samrøystes godkjend slik den låg føre, og kasseraren fekk ros for god styring av økonomien.

 

 

  1. Val av formann.  -  Jon Magne Vae gav ordet til leiar i valnemnda, Reidar Ebne. Leiaren av valnemnda gav uttrykk for at det hadde vore vanskeleg å finna mange som ville ”trengja seg på” for å få verv, som han underfundig uttrykte det, og at han difor i det store og heile ville føreslå attval. –  Det kom no framlegg frå leiar i valnemnda om attval på Jon Magne Vae.

      Formannen vart etter dette vald med akklamasjon.

  1. Val av Nestformann.  -  Jon Magne Vae nemnde at nestformannen hadde flytta til ein annan kant av landet, og at han sjølv ville ha ein som budde i kommunen til å avlasta seg, ikkje minst med tanke på at turnus i arbeidet hans gjorde det vanskeleg å fylgja opp saker som kom raskt på.  - Det vart ein lengre debatt om formalitetar ved suppleringsval, og om det var rett å gå inn for dette. Det vart munnleg referert frå leiaren av valnemnda at nestformannen ynskte avløysing frå vervet det komande året, etter som han no budde langt frå Etne kommune. På bakgrunn av denne opplysninga føreslo formannen at O. Tvedten vart vald til nestformann for eitt år. Dette vart deretter samrøystes godkjend.
  2. Kasserar. Vervet som kasserar var ikkje på val.
  3. Skrivar. – Det kom framlegg om attval på A. Namtvedt som skrivar. Dette vart samrøystes godkjend.
  4. Studieleiar.  -  Det kom framlegg om attval på Knut Grindheim som studieleiar. Dette var samrøystes godkjend.
  5. 1. styremedlem (for 1 år). – Dette vart i praksis eit suppleringsval for O. Tvedten, som rykte opp frå denne plasseringa til vervet som Nestleiar.

      Det kom framlegg på Arvid Skoge. Dette vart samrøystes godkjend.

  1. 2. styremedlem.  – Det kom framlegg om attval på Marit E. Ebne. Dette vart samrøystes godkjend.
  2. 1. varamedlem. -  Det kom framlegg om Brynjulv Hus. Dette vart samrøystes godkjend.
  3. 2. varamedlem.  -  Det kom framlegg om attval av Roger Tendal.  Det kom fram at det var uklårt om han var spurd. Då han ikkje var til stades på møtet og sjølv kunne svara, fann ein det rettast å ikkje setja han opp viss han ikkje var spurd.

     Jon Magne Vae kom då med framlegg på Ove Erichsen. Ove Erichsen vart

     deretter samrøystes vald.

  1. 3. varamedlem.  -  Det kom framlegg om attval på Alf Barane. Dette vart samrøystes godkjend.
  2. Revisor.  -  Det kom framlegg om attval på Torleif Bjerkreim. Dette vart samrøystes godkjend.
  3. Valkomité.  -  Det kom framlegg på Arvid Skoge, Reidar Ebne, Tone E. Vae, Knut Grindheim og Brynjulv Hus. Dei vart samrøystes valde.
  4. Varafolk til valkomité.  -  Det kom framlegg på Borgny Barane og Ann E. Nordbø. Dei vart samrøystes valde.
  5. Utsendingar til Fylkesårsmøtet i Hordaland FrP.  -  Det kom framlegg om at formannen Jon Magne Vae og kona hans, Tone E. Vae, skulle reisa. Ein meinte også at det ville vera kjekt om ein av dei nye i  styret, Arvid Skoge, kunne reisa og få fyrstehandskjennskap til organisasjonen på fylkesplan. Framlegga på desse tre personane vart samrøystes godkjende.
  6. Varamenn til utsendingar.  -  Det kom framlegg om A. Namtvedt, Knut Grindheim og Brynjulv Hus. Dei vart samrøystes valde.

 

22.      Mogelege andre saker.  -  Borgny Barane reiste spørsmål kring bussrute 1400 frå  

            Skånevik. Ho meinte at me burde ta opp at dette ikkje berre var ei skulerute slik som

            ruteheftet synte, men eit allment rutetilbod. Når denne ruta ikkje tydeleg var merka som

            allmenn, framstod Skånevik som meir isolert enn tilfelle var.  - 

            Gjermund Hagesæter føreslo at formannen ringde Gustav Bahus og fekk avklara

            forholdet i høve til HSD.

      Det vart også tatt opp korleis saka om venterommet stod pr. dags dato.

      Formannen ville fylgja opp saka.

      JMV tok opp saka om korleis sentrale politikarar uttalte seg om krinsar og

      landbruk, og ville at Gjermund Hagesæter skulle ta opp saka.

 

      G. Hagesæter takka no for at han hadde fått invitasjon til å koma, og poengterte

      at han hadde god forståing for gardar og grender. Han meinte at parti-

      programmet hadde vore i positiv utvikling på dette punktet, men han poengterte  

      at uansett kven som hadde site med makta dei seiare åra, så hadde talet på

      bønder gått ned. Han tok deretter føre seg andre strukturendringar i samfunnet

      dei seinare åra, og jamførte utviklinga i jordbruket med den ein til dømes har

      sett i talet på tilsette på tilsettte i Teko-industrien.

      Han vedgjekk at nokre av politikarane kanskje i nokre saker kunne formulera

      seg meir diplomatisk, og ville ta dette med seg til Stortinget.

     

      Han gjekk vidare til å fortelja korleis kvardagen på Stortinget hadde endra

      seg for FrP, frå å vera eit støtteparti som hadde innverknad på budsjettet,

      til å vera det største opposisjonspartiet, men med mindre innverknad på kva som

      vart vedteke.

      Han gjekk vidare til å fortelja om kva skatteskjerping den raud-grøne

      regjeringa hadde innført. Sjølv om det i media hadde vore fokusert på at nokre

      med høge inntekter hadde fått skattelette,  meinte Hagesæter at dette var ei

      avsporing i forhold til at regjeringa sitt framlegg førte til at skatten for dei lågare

      inntektene vart skjerpa. Auka moms på mat og tenester, kombinert med ein høg

      bensinpris, ville følast meir for folk med låge inntekter enn for dei med høge.

      Han meinte også at når ein tok vekk formue-skatten, som FrP ynskte, 

      ville ein halda kapital i landet, og dette ville auka verdiskapinga i landet.

      FrP ville kutta 29 milliardar i skatt, men han tilbakeviste skremsels-

      propagandaen frå dei raud-grøne om at ein ville tømma oljefondet.

      FrP sitt opplegg ville tvert imot føra til at 290 milliardar vert putta inn i

      oljefondet.

      FrP ville også ha 7,9 milliardar meir til vegar, og 13 milliardar til å få vekk alle

      bomstasjonane. Han peikte i denne samanhengen på at staten tek inn 53

      milliardar i avgifter knytta til bilbruk, medan berre 13 milliardar vert nytta til

      bygging og vedlikehald av vegar.

      FrPs framlegg til personskattesats ville òg føra til at folk  flest fekk meir pengar.

 

      Hagesæter fekk så spørsmål om korleis FrP ville stilla seg til kommune-

      samanslåing. Hagesæter sa at FrP vil at kommunane sjølve må koma med ynsket.

      I så fall ville ein vurdera incentiv for å gjera prosessen lettare. Han poengterte

      likevel at ein måtte få folk med på det, for det hadde mykje med kjensler å gjera.

      Viss folk ikkje ville, ville det berre føra til bitter strid etterpå.

 

 

      Det kom også fram spørsmål om straumprisar, og Gjermund Hagesæter

      forklarte kvifor det  kosta så mykje for straumen. Han syntest det var vanvittig  

      at me hadde stilt oss slik at me måtte importera kraft!

  1.   Den formelle delen av årsmøtet var slutt kl. 2100.

 

  1. Etter at årsmøtesakene var avslutta, gjekk me bort til Old River Saloon. Her fekk årsmøtedeltakarane servert viltgryte, dessert og kaffi. Me koste oss i hyggjeleg lag, og skildest etter eit betre måltid med semje om at det hadde vore eit framifrå hyggjeleg årsmøte.

 

 

 

      Etne, 26.11.2005. 

         

      Audun Namtvedt

         -  skrivar  -