420 kilovolt kraftlinje må i kabel!
Framstegspartiets Landsmøte ser at vi i dag har ein situasjon med overskot av elektrisk kraft i eit område på vestlandet, samstundes som der er eit stort underskot på nordvestlandet og i Trøndelag. Det er difor både naturleg og nødvendig å bygge ut kapasitet for å overføre nok energi mellom desse områda.
Framstegspartiets Landsmøte ser på ei utbygging av overføringskapasitet som ei investering i infrastruktur som også komande generasjonar vil ha stor nytte av, og vil at dette i utgangspunktet skal finansierast av staten utan at kraftbrukarane får kostnader utover normale utbyggingskostnader.
Likevel er det slik at kostnad ikkje berre kan reknast i kroner. Dei linjetraseane som Statnett har søkt konsesjon for, medfører store inngrep i unike naturområde, og Framstegspartiets Landsmøte krev difor at kraftlinjene i desse områda må leggjast i jord eller sjøkabel.

