Framstegspartiet har lenge hatt posisjonen som det største partiet på borgarleg side, og er det største partiet i Etne kommune ved dei to siste Stortingsvala. Ved forrige kommuneval blei me berre tredje største parti, nesten 9% under siste valresultat.
Framstegspartiet har ambisjonar om regjeringsmakt med SIV som statsminister, og treng DEG med på laget!!! Det er berre fire små år til neste Stortingsval. Men først kjem det eit nytt kommuneval og det er berre innbyggjerane som kan visa oss tillit ved å gi oss ei større kommunestyregruppe.
Lokalt i Etne kommune jobbar me hardt for at alle innbyggjerar skal ha eit best mogeleg tilbod både med omsyn til bolig, skule, helse, arbeid og fritid - alt innanføre ansvarlege økonomiske rammer. For at me skal få meir kraft bak dei beslutningane me jobbar for, for di skuld, treng me all den støtta me kan få i tida framover. Støtte i form av røyster ved neste kommuneval og støtte i form av fleire medlemmer.
Å bli medlem er enkelt. Alt du treng gjera er å klikka på denne lenka: BLI MEDLEM NÅ! og fylle ut personalia før du klikkar på send-knappen.
Som medlem får du partiavisa Fremskritt i postkassa annakvar lørdag. Fremskritt er ein god måte å halda seg orientert om FrP sin politikk på - her får ein informasjon om mykje av det som rører seg på alle nivå i partiet.
Som medlem støttar du også opp om Etne FrP sitt lokalpolitiske arbeid. Etne FrP har ei svært aktiv kommunestyregruppe som uredd fremjer gode saker til beste for folk flest, og som står for ein forsvarleg kommunepolitikk.
Som medlem er du velkommen på gruppemøta i forkant av alle politske møte, enten det til dømes er for å fremja ditt syn i ei konkret sak du engasjerar deg for, for å halda deg informert om korleis kommunen blir styrt eller berre er nyfiken. Det er også greit om du kun vil vera støttemedlem - det som er viktig er at DU blir med på laget når FrP skal gjera endå meir for innbyggjerane i vår flott kommune!!!
Lurar du på noko?? Sjekk etne.frp.no eller www.frp.no Du kan også ta kontakt via telefon eller e-post til ein av oss på denne lista.
Ikkje utsett til i morgon det du kan gjera i dag! BLI MED PÅ LAGET DU OGSÅ!!!

