Kalender Sogn og Fjordane

04.10.07 23:35

Politisk markering frå AP

 

Ved konstitueringa av Førde bystyre valde Arbeidarpartiet å gå til åtak på Framstegspartiet på rimeleg svakt grunnlag. Dette var ei tydeleg politisk markering som bar preg av desperasjon, men ein kunne ha forventa eit noko høgare kunnskapsnivå frå opposisjonen.

 

I rein desperasjon over at eit parti som har gått til val på betre helse- og omsorgstenester fekk leiaren i levekårskomiteen, prøvde Arbeidarpartiet å fremje ein kandidat frå Venstre, i håp om at dei i det minste ville snu. Her vart Arbeidarpartiet skuffa. Sjølv ikkje representanten som vart foreslått stemde for Arbeidarpartiet sitt framlegg. Så dessverre for AP vil det verte mykje fokus på helse- og omsorg  dei fire neste åra, sjølv om dei ikkje likar dette.

          Når ein skulle velje kandidat til styret i Sunnfjord Energi, prøvde også Arbeidarpartiet seg, med rimeleg haltande argumentasjon. Og her synte AP ei tydeleg mangel på kunnskap om aksjelova og korleis næringslivet fungerer.

          Argumentet til AP om kvifor Framstegspartiet ikkje skulle ha representanten i styret var at FrP ville privatisere selskapet. Dette er ikkje heilt riktig. Framstegspartiet ynskjer å selje ut Førde kommune sine aksjar i selskapet, og sette desse pengane på fond eller betale ned gjeld, for å frigjere millionar i driftsmidlar innanfor pleie- og omsorg, skule, barnehagar og ungdomsaktivitetar, men ikkje nødvendigvis til private. Det kan likegjerne være andre kommunar eller offentlege selskap som kjøper aksjane.

          Det AP, og spesielt Jorunn Eide Kirketeig, ikkje har fått med seg at desse aksjane berre kan seljast av dei som eig aksjane, altså Førde kommune, og då gjennom vedtak i Førde bystyre, ikkje av styret i selskapet.

          Eit styremedlem står sjølv personleg juridisk og økonomisk ansvarleg for dei vedtak som ein er med å fatte i eit styre, og ein vert såleis ikkje vald inn for å drive politikk, men for å drive butikk. Styret er eigarane og dei tilsette sitt organ for å drifte selskapet, og skal såleis veljast av generalforsamlinga kvart år.

          Det er klart at AP ikkje likar at eit parti som er motstandar av eigedomskatten, ynskjer å fjerne overføringar til vaksne, arbeidsføre menneske, og ikkje minst ynskjer å setje fokus på helse- og omsorg får framtredande posisjonar, men det vert småleg å førehandsdømme dei folkevalde representantane til Framstegspartiet, med langt på veg å påstå at dei ikkje er i stand til å inneha viktige posisjonar.

          Dei neste 4 åra kjem nok AP og FrP til å kjempe mange og harde politiske kampar, og nokre saker kjem vi nok til å være einige om og. Men eg håpar at Arbeidarpartiet vil være litt meir saklege og skolerte i dei politiske sverdslaga som kjem.

 

Frank W. Djuvik

Gruppeleiar, Førde Framstegsparti