22.08.11 16:58

Blogg: Torsdag 25. august skal Fylkestinget avgjere om Sogn og Fjordane Fylkeskommune skal nytte forkjøpsretten på aksjane i Fjord1, eller om Havila skal få kjøpe 41% av Møre og Romsdal Fylkeskommune. Etter FrP sitt syn er det berre ein fornuftig ting å gjere, å det er å nytte forkjøpsretten for å sikre verdiane, arbeidsplassane og framtida for Fjord1.

Dei raudgrøne partia Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har allereie varsla at dei vil stemme for at Havila skal få kjøpe Møre og Romsdal sin eigarpost på 41%, stikk i strid med anbefalingar og faglege råd frå dei fremste juridiske og økonomiske ekspertane på transportsektoren i Norge. Siste setning i saksutgreiinga frå Fylkesrådmannen seier eigentleg sitt: "Fylkesrådmannen vil rå fylkestinget frå passivt å late Havila komme inn som eigar med negativt fleirtal, med eller utan aksjonæravtale".

Framstegspartiet sine folkevalde er ikkje meir ekspertar på transportsektoren enn Arbeidarpartiet sine folkevalde er det. Difor har Fylkesutvalet også vald å hente inn bistand for å handtere denne saka, og komme med dei beste råda til oss som politikarar. Råda er så eintydige og klåre, at eg kan ikkje forstå at dei raudgrøne tek sjansen på å rasere verdiar som har vore bygd opp over så mange år, som det dei gjer no. Harry Mowatt vert utpeika som den fremste talspersonen/eksperten på temaet frå dei raudgrøne, og erfaringar frå hans og dei raudgrøne sitt engasjement i sjukehussaka, kan vel tyde på at det ikkje nødvendigvis kjem innbyggjarane til gode.

Det ein må skjønne er at Fjord1 er eit reint kommersielt selskap. Alle inntektene til selskapet kjem frå anbod og sal av tenester. Hvis selskapet skal ha mulighet til å utvikle seg, og vinne anboda i framtida, er det avhengig av å ha kapitalsterke eigarar som er i stand til å sikre nybygg og konkurranseevna. Samstundes bør Fylkeskommunen sikre at dette ikkje skjer på bekostning av arbeidsplassane i Florø. Ved at Sogn og Fjordane sitt i ein 59% eigarposisjon er det nemleg nettopp det som skjer.

Ved å nytte forkjøpsretten vil ein kjøpe seg den tida som skal til for å sikre betre avkastning til innbyggjarane i fylket, og ein medeigar i Fjord1, som både har kapitalen som skal til for å utvikle selskapet, men også sikrar arbeidsplassane i Florø på ein betre måte. Denne tida meiner FrP at Sogn og Fjordane Fylkeskommune har tid til å ta seg. Når aksjane er seld, er toget gått, og Sogn og Fjordane står att på perongen.

Det at Sogn og Fjordane sit som eigar av 59% av aksjane vil hindre Havila i å kunne gå inn med den kapitalen som skal til for å vidarutvikle selskapet, fordi Fylkeskommunen ikkje har høve til å stille med 59% av kapitalen. Resultatet vert at vi sit å hindrar at selskapet får den veksten som det er istand til. Fjord1 er eit fantastisk selskap, men utan gode eigarar vert også selskapet svekka på sikt. Fylkeskommunen er desverre ikkje ein god eigar i denne samanhengen.

Når ein får hand om 100% av aksjane, må prosessen starte med å finne ein kjøpar som er villig til å gå inn i selskapet med alt ifrå 0-100%. Det viktigaste då vert å få inn ein eigar med kapital og evne til å utvikle selskapet, for ein så god pris som mogleg, og samstundes sikre arbeidsplassane i Florø. Kanskje er det nettopp Havila som kjem inn som eigar på sikt, men FrP vil ha tid til å gjere denne prosessen best mogleg til det beste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Vi ser kva gamblinga til dei raudgrøne har førd til både på internasjonale børsar, men også i ei rekkje "terra-kommunar". Vi må ikkje la dei gamble vekk Fjord1-verdiane og!

fjord1.jpg

Bilder Flickr