Oppdatert 27.10.07 18:36

Laurdag 20.oktober i eit intervju med Firdaposten sa eg at eg frykter for framtida til Nærsykehuset i Florø. Denne skepsisen viste seg rett og det er med sorg ein mottar meldinga før helga, at atter ein gang er det forslag om nærsykehuset i Florø skal leggas ned. Styreleder i Helse Førde seier det er godkjent frå Helse Vest, mens Ordførar Bente F. Steindal bedyrar at det ikkje har vært kontakt mellom helseføretak og departementet.

Som et offentlig føretak er det ein del spørsmål som melder seg:

1.                  Korleis kan ein styreleder i eit føretak komme med forslag som ein veit bringer så mykje medieomtale og belastningar på arbeidarar og samarbeids partnarar(Flora Kommune) utan dette er sjekka ut med øvste myndigheit? Alle vet, og da også Clara Øberg, at Nærsykehuset er et politisk vedtatt pilot prosjekt og da er det bare ministeren som kan legge ned dette prosjektet. Kvifor trur ho da at dette er noe som kan nedleggast av Helse Førde?

2.                  Kvifor kommer ikkje departementet og Statsråd Brustad på banen allereie på Fredag og aviser forslaget viss de er ueinig i det?

3.                  Viss regjeringa verkelig vil vidareføre dette prosjektet kvifor er det da ikkje lagt inn pengar øyremerka til dette i Statsbudsjettet?

4.                  Kvifor skal kan vi ha tillit til eit styre som ikkje ser nye vegar men går stadig inn på same stien som dei har forsøkt gang etter gang?

Vi har 3 statsrådar frå fylket, Leiar av finanskomiteen, kor mange nøkkelstillingar innan dette systemet må vi ha før vi kan forvente av regjeringa at vi i kvartfall får behalde det vi har? Røde regjeringar har atter ein gang vist seg å være ein katastrofe for folket i ytre Sunnfjord og dette er noe som ein må ta inn over seg når ein om ca to år skal velje forhåpentlegvis ein ny regjering.

Vil kort minne om at regjeringa sa nei til ein fullverdig redningshelikopterbase og oppretta ein filial. Dette på tross av eit soleklart stortingsvedtak om kva som skulle være her.  

Sogn og Fjordane har nokon av dei mest rasutsette strekningane i landet, men regjeringa har ikkje råd til å ta vare på folkets sikkerheit, så dette må bilistane betale sjølv med bompengar. Kort summert kan vi derfor si at den raudgrøne regjeringa ikkje tar omsyn til vår sikkerheit enten det gjelder på vei, til sjøs eller når det gjelder helse.