Difor stemmer du FrP 10 September.
Flora kommune har blitt vanstyrt av AP i 16 år. De har fått oss i Robek”, som hovudmedlem, kall det status symbol. Heilt forferdelig, spør du meg.
I årevis har dei drevet med planøkonomi, ein forferdelig tanke.
Økonomien i kommunen er ikkje under kontroll, og det er de rødgrønnes ansvar. Man ser også at sjukemeldingane i kommunen er på eit høyt nivå, som kan skyldes dårlig arbeidsmiljø.
Denne kommunen bestemmer ”alt”, lite service innstilt til borgarane sine. Ein meir såkalla ”nei” kommune. Når dei i seinare tid ikkje har klart å komme i land med budsjettet, så har dei lagt seg etter huseigarane, med eigedomsskatt som dei håvar inn 20 mill kr, fordi dei ikkje er i stand til å gjere noko med sine utgifter. Dette er mildt sagt røveri. Kommunen må tenke annleis, og burde skjemmast for slike skattar. Kommunen er kjent med å ha 70% av budsjettet sitt til lønningar, og det seier seg sjølv, kva slags handle fridom man då har. Dette går ikkje lenger, alvorleg talt, og sjå på valprogrammet til AP. Fire linjer som kort fortel om deira syn på kommune økonomien. Og det går ut på: at staten må gi dei meir pengar. Det er alt. Du verden.
Slik vil ikkje FrP det. For det første skal vi vere ein ”ja” kommune. Kommunen er ein instans for borgarane og ikkje omvendt. Vi er for raskare etableringar både for privatpersonar og næringslivet. Tynne byråkratiet vesentlig.
Vi skal ha bort den urettferdige eigedomsskatten, og vi skal ikkje ha planøkonomi.
Vi har trua på folket, og skal tene dei på best måte.
Vi skal konkurranseutsette noe i kommunen, der kommunen også skal kunne vere tilbyder.
Vi skal sjå på personell dimensjoneringsplanen, og rydde opp.
Det betyr ikkje at dei som jobbar i kommunen gjer ein dårleg jobb så det er sagt, men kanskje kommunen har ei dårleg leiing. Og det må gjerast noko med, det forventar også borgarane.
Dette er sjølvsagt ikkje gjort på ein kort periode, slike omorganiseringar tek tid. Men ein ting er sikkert jo fortare ein startar jo betre. FrP kommunane i dette landet er rimelige og godt styrt, ta for eksempel Os kommune, ein Frp/Høgre styrt kommune, der er det offentlige og private aktørar innan same institusjonen og det går som det surer, så også med kommune økonomien. Vil også legge til at Os har tilvekst i folketalet og det er svært positivt. Det er di stemme som avgjer. FrP er for folk flest.
Oddgeir Andersen
Formann Flora
listekandidat kommunevalget og fylkestinget 2007
