Kalender Sogn og Fjordane

Oppdatert 13.10.10 00:32

Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik, toppar listeframlegget frå nominasjonskomitéen i partiet. På dei neste plassane følgjer Rita Navarsete frå Sogndal og Svein Hansen frå Selje.

Nominasjonskomitéen har med dette lagt fram sitt framlegg til Fylkestingsliste seier leiar av komitéen, Åge Starheim. - No er det opp til Nominasjonsmøtet 13. november å avgjere resten.

Starheim meiner at listeframlegget er godt balansert både geografisk, kjønnsmessig og aldersmessig. - Vi har ei god fordeling både mellom kysten og innlandet samt mellom dei tre regionane. Vi har klart å få ei god kjønnsfordeling, og ikkje minst så har vi vel aldri hatt så mange relativt unge med blant dei 6 øvste på lista, seier han.

Fylkesleiar og dagens gruppeleiar på Fylkestinget, Frank Willy Djuvik, toppar ikkje uventa lista. Han er 31 år og busett i Førde, men vil flytte til Flora i løpet av nokre månader, og i god tid før valet.

Kommunestyremedlem i Sogndal og 2. vara til stortinget, Rita Navarsete, er sett opp på 2. plass av nominasjonskomitéen. Ho er 47 år og er busett i Sogndal.

På 3. plass er Fylkestingsmedlem og Kommunestremedlem, Svein Hansen, foreslått. Han er 69 år og busett i Selje.

Tidlegare ordførarkandidat og gruppeleiar i kommunestyret for FrP i Bremanger, Britt Dalsbotten er føreslegen på 4. plass på lista. Dalsbotten er 29 år og busett i Førde.

5. plassen vert besett av tidlegare Fylkesleiar i Sogn og Fjordane FrP, Lars Svein Drabløs. Han er idag tilsett som rådgjevar for regionkontoret i FrP og er gruppeleiar i Eid FrP. han er 63 år.

Ungdomskandidaten på 6. plass er 21 år gamle Stig Ove Ølmheim frå Sogndal. Ølmheim er fylkesstyremedlem i Framstegspartiets Ungdom og medlem av lokallaget i Sogndal FrP.

For ytterlegare kommentar eller info: Åge Starheim tlf 91184290

Trykk her for bilder av fleire av kandidatane

Heile listeframlegget frå Nominasjonskomitéen:

  1. Frank Willy Djuvik, Flora, 1979
  2. Rita Navarsete, Sogndal, 1963
  3. Svein Hansen, Selje 1941
  4. Britt Dalsbotten, Førde, 1981
  5. Lars Svein Drabløs, Eid, 1947
  6. Stig Ove Ølmheim, Sogndal/FpU, 1989
  7. Elin Merete Førde, Bremanger, 1968
  8. Anders Magne Vik, Stryn, 1947
  9. John Kåre Larsen, Solund, 1955
  10. Marita Gunn Aarvik, Selje, 1963
  11. Bjarne Holme, Flora, 1964
  12. Bjørg Sølvi Refvik, Førde, 1957
  13. Lars Kjølen, Vågsøy, 1953
  14. Anne Andersen Thune, Sogndal, 1957
  15. Erlend Bøe, Flora/FpU, 1992
  16. Turid Borgund, Eid, 1960
  17. Paul Thomassen, Gaular, 1974
  18. Viktoriya Sukhanik, Vågsøy, 1979
  19. Kjetil Ertesvåg, Sogndal, 1941
  20. Ørjan Tystad, Gloppen/FpU, 1987
  21. Marit Swensen, Selje, 1973
  22. Arve Glomnes, Stryn, 1957
  23. Anne Marit Indrøy, Solund, 1964
  24. Oddgeir Andersen, Flora, 1968
  25. Gjert Knarvik, Gulen, 1966
  26. Kari Knævelsrud, Eid, 1957
  27. Rune Fauske, Førde, 1959
  28. Ramona Jakobsen, Flora, 1986
  29. Kjell-Bjørn Refvik, Vågsøy, 1971
  30. Anne Lise Fauske, Førde, 1962
  31. Gerd Berit Veum, Stryn, 1956