Kalender Hordaland

Oppdatert 17.08.07 19:48

Eg registrerar at Etne Ap og Siri Klokkerstuen i Grannar den 16. august talar varmt for innføring av eigedomsskatt i heile Etne kommune. Eg vil nytta anledningen til å bringa fram Etne FrP sitt syn på den samme saka.

Eigedomsskatt blir fastsett med grunnlag i eit verdianslag på eigedomen din, enten i eit begrensa geografisk område eller i heile kommunen. Det betyr ingenting om du har lån til over pipa eller kor lite penger du tener. Alle som blir råka av skatten må betala uansett økonomisk situasjon, og då seier det seg sjølv at dette er det som populært kallast ein "usosial skatt".


For å ta eit døme:
Lova om eigedomsskatt § 11 seier: "Eigedomsskatten skal vera minst kr 2 og ikkje meir enn kr 7 for kvar kr 1.000 av takstverdet." Ap framsett skattenivået i Etne kommune, heilt korrekt, til å vera maksimumssatsen på 7 promille – og det høyrest jo i og for seg bagatellmessig ut. Kva vil det sei for DEG? Eig du ein eigedom verd 1,5 millionar, må du betala mellom 3000 kroner og 10500 kroner i eigedomsskatt. Dette kjem i tillegg til renovasjonsavgift, kloakkavgift, feieavgift og vassavgift. Legg ein dette på toppen av dei stadige renteaukene ein har fått etter at dei raudgrøne overtok styringa av landet, vil dette føra til økonomiske vanskar for både nyetablerte, barnefamiliar og minstepensjonistar.


Når Siri Klokkerstuen og Etne Ap meiner at dei kan innføra eigedomsskatt på nusselege 1000-1500 kroner ˝i snitt˝, er min påstand at dei ikkje har tenkt godt nok over kva dei seier. Sjølv med minimumssatsen på to promille må det innvilgast eit botnfrådrag på fleire tusen kroner med dei nye verdianslaga på eigedomane. Verdivurderingane av eigedomar i heile kommunen vil i seg sjølv bli ei svært dyr affære, om ikkje Ap vil setja ein fast kvadratmeterpris uavhengig av kvar du bur.


Etne Ap skal skatteleggja alle fritidseigedomane, men lova seier at dei ikkje kan gjera dette uten at alle me som bur her blir straffa med ekstraskatt. Vil me ha det slik?


Etne FrP si holdning til eigedomsskatt er klar - me kan ikkje akseptera ei slik usosial dobbeltbeskatning. I staden for å leita etter fleire områder som kan skattast og avgiftsleggjast for å dekka inn uvetug pengebruk, vil FrP prioritera dei midlane kommunen har til beste for innbyggjarane og føra ein positiv og løysingsorientert politikk som skal skapa vekst og tilflytting.

Trur Etne Ap at slagord som ˝Flytt til Etne – her får du skatta ekstra om du sèt bu!˝ vil gjera seg godt i marknadsføringa av kommunen i kampen mot fråflytting?

Ei stemme til Etne FrP er ei stemme mot eigedomsskatt! Me er garantisten for at denne usosiale skatten ikkje blir gjeninnført i Etne kommune.


Roger Nilsen
ordførarkandidat Etne FrP