![]() |
Det finnst nok ikkje ord som kan beskrive den følelsen vi alle sitt med dagen etter det verste angrepet mot det sivile Norge som har skjedd sidan andre verdskrig. Men viktigare enn å finne orda til å beskrive det, er å ta vare på dei rundt oss, dei vi er glad i, og dei som treng oss i ein slik situasjon. Det er ikkje eit menneske i landet som idag ikkje sørgjer for dei omkomne og skadde, og det er ein samla nasjon som fordømmer handlingane som er utførd.
Spesielle tankar går til Arbeidarpartiet og AUF, og ofra for den ekstreme ugjerninga våre politiske kollegaer er ramma av. Desse handlingane anser vi som eit angrep på heile Norge og vårt grunnlovsfesta politiske system, og må ikkje få bidra til å undertrykkje politisk mangfald og debatt i vårt demokrati.
I går vart mange framtidige politikarar, kanskje også framtidige statsrådar teken frå oss, samt tilsette i statsapparatet. Men endå verre er det at foreldre har mista borna sine, born har mista ein far eller mor, søsken har mista ein bror eller søster, besteforeldre har mista sine barnebarn. Det er eit tap og eit sår som aldri kan legast. Våre tankar og omsorg går til alle dei etterlatte som no må bære sorga, men de skal vite at alle i nasjonen Norge bær den med dykk.
Fylkesstyret i SF FrP


