For at næringslivet skal fungere er det av kritisk betydning at dei næringsdrivande kan stole på kommunen sin. I Førde er det ikkje slik. I Førde endrar strategiar og planar seg over natta, og kommunen tek verken hensyn til næringslivet eller innbyggjarane i sin uforutsigbarhet.
Heilt fram til vinteren 2005 fortalde kommunen at Førde sentrum skulle fortettast. Det vart teikna inn ein sirkel der grensa gjekk ved Løken, Hafstad vgs og Førdehuset. Dette var sentrumsområdet dei hevda skulle fortettast. Næringslivet i Førde baserte seg på desse signala når dei gjorde sine utbyggingar og investeringar. Berre nokre få månader etterpå godkjenner kommunen oprettinga av ein heilt ny ”bydel” på Brulandsvellene. Då må ein spørje seg om kvar logikken og forutsigbarheita er? Kva vil det ha og seie for dei som driv butikk i sentrum at det vert oppretta ein heilt ny handelstad så langt frå ”sentrum”? Det vert nok ikkje positivt.
Den neste blemma kommunen gjorde var å planleggje eit nytt rådhus. Når utleigesituasjonen i Førde er at det står 15.000 kvm tomme kontorlokaler, så heng det ikkje på greip at kommunen skal byggje eit rådhus som kostar det dobbelte i leige enn det dei betalar i dag, samtidig som dei aukar presset i leigemarknaden. Det finnst ikkje noko arrgument som tilseier at ein skal bruke det dobbelte av innbyggjarane i Førde sine pengar på eit monument over politikarane, når ein har gode kontorlokaler med høve til ekspansjon hvis ein ynskjer det. Dagens huseigar har til og med tilbudt å settje opp marmorsøyler visst det er det som skal til.
I tillegg til rådhuset er det og planlagd eit Statens Hus. Statens hus skal samle alle dei statlege etatane som i dag leiger lokaler i Førde. Det er her snakk om leigetakarar som leiger 8500 kvm. Desse skal flyttast inn i ei ny flott ”byråkratiets høyborg” der ein skal samle alt som kan krype og gå av offentlege papirflyttarar. Men ingen er så dum at dei trur at det er billegare å byggje nytt enn å leige når situasjonen er slik den er i Førde i dag. Dette vert berre endå ein spiker i kista på næringslivet. Hvis ein byggjer både Statens Hus og nytt rådhus vil det i åra som kjem stå bortimot 30.000 kvm tomme lokaler i Førde sentrum, er det slik vi vil at byen vår skal se ut? Papp som dekker annethvert vindu.
Som om ikkje næringa hadde fått nok med den nye ”bydelen”, nytt rådhus og Statens Hus, så kjem eigedomsskatten. Under dekke av at dette berre er ei utviding slik at ein skal favne heile kommunen, så tyner kommunen dei siste kronene ut av dei næringsdrivande. Det er lagt opp til at ein skal ta inn 6,5 millionar i auka eigedomsskatt for 2007, samstundes er realiteten slik at berre 0,5 millionar er grunna utvidinga. 6 millionar skal altså næringslivet betale. Og hvis kommunen er så naiv at dei trur at desse pengane må betalast av huseigarane og eigedomsnæringa, så tok dei feil. Dei fleste har sikra seg slik at eigedomsskatten er lagd inn i FDV-kostnadane (forvaltning, drift og vedlikehald), noko som igjen fører til at det er dei som driv butikkar og innanfor service-næringa som må blø for dette. Og for små verksemder som slit med å halde seg unna dei raude tala, vil dette verte nådestøtet.
Hvis vi summerer opp desse tinga, så bør vi kunne konkludere med at kommunen ikkje tenkjer over konsekvensane i planane sine. Hvis ein ynskjer at sentrum skal se ut som eit kvartal frå det gamle sovjetunionen så er dette riktige vegen å gå, men ynskjer ein at innbyggjarane skal kunne bevege seg rundt i ”levande” gater å kikke i butikkvindauga då må vi settje bremsene på no, det er for seint å bremse når vi allereie er utfor stupet.
Framstegspartiet kan love at vi skal arbeide for næringslivet og innbyggjarane i Førde. Vi vil stogge bygginga av Statens Hus og nytt rådhus, og heller bruke pengane på opprusting av skulebygg, fleire institusjonsplassar og betre kvalitet på kommunale tenester. Og vi vil arbeide for på sikt å fjerne eigedomsskatten. Kommunen skal ikkje styre utviklinga, men heller leggje til rette for at utviklinga skjer til det beste for næringsliv og innbyggjarar, og den innstillinga får ein berre med FrP.
Frank W. Djuvik
Ordførarkandidat for
Framstegspartiet
