Kalender Hordaland

09.07.07 17:00

Etter at NRK avslutta TV-serien Etaten, har fleire kontakta underteikna og stilt spørsmål om kva ein kan gjere for å få raskare sakshandsaming. Dei kjende seg litt igjen med TV- seriens innhald og sitt eige møte med kommunebyråkratiet.

Ved budsjetthandsaminga for 2007 foreslo underteikna og FrP at Radøy Kommune skal utarbeida ei serviceerklæring som set krav til servicen som kommunen tilbyr på alle teneste dei levera.
Dette forslaget blei samrøystes vedteke til å bli sendt over til Rådmannen for utgreiing.
Ordførar  kunne på sist kommunestyremøte informera om at det er utarbeidd serviceerklæringar på helsetenestene og at det også vil komma serviceerklæringar på dei andre tenestene kommunen tilbyr.
Dette betyr at kommunen har krav på seg til å svara på til dømes søknadar innan rimeleg tid og at folk då skal sleppa å vente i månadsvis før dei får svar.  
Ein lokal utbyggjarar har skreiv så velformulert i ein e-post:
- Eg trur det er lettare å få bygd hus på Mars enn å få løyve til å byggja i Radøy.
Å få nei er greitt, problemet er når ein ikkje får svar i heileteke.
  
For at innbyggjarane vil få betre og raskare handsaming vil Radøy FrP jobba for fylgjande:

- At Radøy Kommune vedtar Ja-haldning i sakshandsaming.
Dette vil sei at sakshandsamar har mynde til å sei ja til dei saker som han ser på som uproblematiske, utan at dei skal opp til politisk handsaming.
- At folk blir friteke frå sakshandsamingsgebyr viss utbyggjar har venta i 3 månader på svar. 
- Jobbe for at Fylkesmannen ikkje kan overstyra vedtak gjort av kommunestyret. Dette er Regjeringas ansvar
- At sakhandsamingsgebyret går parallelt ned når sakshandsamingstida går opp. Med makstid på 3.månader.
Med dette vonar me at Radøy Kommune gjev byggjebransjen og barnefamiliar ein lettare kvardag.
 
Ole Kristoffer Tveiten
Kommunestyremedlem for Radøy FrP.