Kalender Sogn og Fjordane

Oppdatert 10.05.11 09:52

Sogn og Fjordane FrP sitt Fylkestingsprogram for perioden 2011-2015 vart vedteken på eit ekstraordinært årsmøte i Florø 07. mai 2011

FYLKESTINGSPROGRAM FOR SOGN OG FJORDANE FRP 2011 - 2015

IDEOLOGISK GRUNNLAG

Sogn og Fjordane FrP føl dei til kvar tid gjeldande prinsipp og føringar vedtekne av Framstegspartiets Landsmøte, og i vedtekter og prinsipprogram.

Framstegspartiet sitt ideologiske grunnlag, liberalismen, tek utgangspunkt i at folk sjølv er betre i stand enn politikarane til å bestemme kva som er best for seg sjølv og sine. Vi trur ikkje at formynderi og sentraldirigering er egna til å skape velstand eller lykke for enkeltmennesket. Ettersom eitkvart menneske er unikt, kan ein ikkje finne ei felleskapsløysing som passar alle. Vi ynskjer difor meir individuell fridom og ansvar for einskildmennesket.

Framstegspartiet meiner primært at Fylkeskommunen er eit overflødig forvaltningsorgan, og at oppgåvene som i dag vert handtert av Fylkeskommunen bør overførast til kommunane og Staten. Fram til fylkeskommunen eventuelt vert lagt ned, vil Framstegspartiet arbeide for at dei oppgåvene som ligg til fylkeskommunen vert utførd på ein best muleg måte som bidreg til vekst og utvikling i Sogn og Fjordane.

 

SOGN OG FJORDANE I 120’

For å oppnå vekst og utvikling i fylket er vi avhengige av å snu den negative folketalsutviklinga som har vore gjeldande for Sogn og Fjordane i alt for mange år. Det er berre gjennom å gjere fylket attraktivt for både tilbakeflyttarar og tilflyttarar at vi kan snu denne trenden. Dette vert Sogn og Fjordane FrP sitt viktigaste prosjekt i åra som kjem. Innan 2020 skal det være 120.000 personar busett i fylket, mot dagens knappe 107.000.

Dette er ingen enkel målsetting, men med dei riktige politiske prioriteringane, handlekraftige politikarar og ein fokusert verkemiddelbruk, så er det mogeleg. Det er mange ting som må settast fokus på for å klare målet, men spesielt vil Sogn og Fjordane FrP prioritere følgjande område for å oppnå dette:

  • Samferdsle for å knyte saman fylket i større bu- og arbeidsmarknader.
  • Utdanningstilbod for å sikre at vi har utdanna og kvalifiserte ungdommar som trivst i fylket.
  • Ja-haldning i forvaltninga, som sikrar at vi spelar på lag med, og ikkje motarbeidar, dei som vil skape noko.
  • Handlekraftige politikarar, som ikkje godtek at Sogn og Fjordane vert forskjellsbehandla og stakkarsleggjort.

 

FORVALTNING

Forvaltningsstruktur

Sogn og Fjordane FrP meiner at det er nødvendig å modernisere dagens kommunar for å møte framtidas utfordringar. Det norske samfunnet har endra seg enormt sidan dagens kommunestruktur vart vedteken, ikkje minst når det gjeld transport, logistikk og kommunikasjon.

Enkeltmenneske er utgangspunktet for all god politikk, og poenget med demokrati og marknadsøkonomi er at enkeltmennesket skal ha makt og innflytelse over sin eigen kvardag og sitt eige lokalmiljø. Avstanden til dei som tek avgjerslene i kommuneadministrasjonen, fylkesadministrasjonen og Stortinget vært dessverre av mange opplevd som lang og uoversiktleg.

Dagens kommunestruktur er og eit demokratisk problem, fordi mange oppgåver må handterast av overordna forvaltningsorgan som fylkeskommunen, fylkesmannen og staten, eller andre kommunar som fortsatt har kompetanse og ressursar til å yte service til mindre nabokommunar gjennom interkommunalt samarbeid. Enkelte kommunar er inne i et fordyrande virvar av forvaltningsnivå og regional statlig verksemd.

Det er difor naudsynt å styrkje lokaldemokratiet, med særlig fokus på det direkte demokratiet. Dette inneber mykje større direkte innflytelse frå kommunane sine innbyggjarar, frivillige og næringsaktørar, gjennom innbyggjarinitiativ, folkeavrøystingar og utfordringsrett.

Konkurranseelementet er viktig i vår politikk. Det vil alltid være slik at det offentlege skal finansiere og kontrollere, uavhengig av kven som leverer tenestene. Den beste kvalitetssikringa av tenester vert gjort av brukarane sjølv gjennom deira høve til å velje tenesteleverandør. Det er innhaldet og kvaliteten som er avgjerande, ikkje kven som leverer tenesta.

Dagens system er i mange tilfelle avpolitisert. Dei folkevalde sine oppgåver er ofte avgrensa til administrering av ulike finansieringsoppgåver. Sogn og Fjordane FrP sin framtidskommune er noko nytt, den er basert på kommunalt sjølvstyre, brukarorientering og medbestemmelse. Framtidskommunen skal ha eit solid tenestetilbod og inspirere til økt politisk initiativ.

Det må likevel presiserast at dette ikkje ekskluderer kommunar frå å drifte ulike tenester. Kommunen vil bli eksponert for konkurranse frå alternative tilbydarar. Dette vil gje betre og meir effektiv drift, som igjen gjer brukarane betre kvalitet og større valfridom.

Vi skal og lokalt være pådrivarar for å endre kommunestrukturen i tilfelle der dette kan gje betre tenester for innbyggjarane eller ei meir rasjonell drift. Målet er å styrkje kommunane ved å etablere ein ny forvaltningsstruktur med berre to folkevalde nivå, og overføre dei fleste av oppgåvene fylka i dag har til kommunane. Dette åleine er sjølvsagt ikkje nok. Det vil være behov for ei betydelig demokratireform som omfattar offentleg forvaltning, struktur og inntektssystemet i si heilhet.

Fram til fylkeskommunen eventuelt vert lagt ned, vil Framstegspartiet arbeide for at dei oppgåvene som ligg til fylkeskommunen vert utførd på ein best muleg måte som bidreg til vekst og utvikling i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Arbeide for to reelle operative forvaltningsnivå, primærkommune og staten
  • Arbeide for at talet statlige direktorat og tilsyn må reduserast, mykje av det operative kan leggast til primærkommunane.
  • Arbeide for at Fylkesmannen vert lagt ned og erstatta av ein forvaltningsdomstol.
  • Arbeide for eit inntektssystem med basis i et objektivt innbyggjartilskot, gjerne differensiert.
  • Arbeide for å endre selskapskatten slik at kommunane som faktisk legg til rette for næringsutvikling får gevinsten av dette.
  • Arbeide for at kommunane vert tilført betydelige oppgåver innan arealforvaltning, næringsutvikling, forsking, utdanning og infrastruktur.

Sentraladministrasjon

Sogn og Fjordane FrP meiner at den fylkeskommunale sentraladministrasjonen og fellestenestene på Hermansverk brukar alt for stor del av dei totale økonomiske rammene til Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Eit viktig fokus for Framstegspartiet vil være å redusere denne andelen betydeleg. Dei fylkeskommunale midlane må i størst mogeleg grad brukast til å gje velferdsgode til innbyggjarane, ikkje å sysselsette byråkratar.

Dette kan gjerast ved å blant anna modernisere og forenkle fylkeskommunen, med meir bruk av private verksemder på ei rekkje område som IKT, rekneskap, bygg og eigedom ol., i tillegg til ein reduksjon av administrasjonen.

Det er på mange område utfordrande for Fylkeskommunen at administrasjonen ligg på Hermansverk. Blant anna har rekruttering og rasjonell drift visst seg svært krevjande. Med bruk av ny teknologi og kommunikasjonsutstyr er det viktig at Fylkeskommunen legg til rette for at tilsette i den fylkeskommunale administrasjonen også kan bu og arbeide i andre delar av fylket. Det bør også utgreiast om det ligg eit innsparings- og effektiviseringspotensial i å flytte administrasjonen frå Hermansverk til for eksempel Sogndal eller Florø/Førde.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Effektivisere den administrative leiinga i Fylkeskommunen.
  • Ta i bruk private verksemder for å handtere deler av dei administrative funksjonane.
  • Leggje til rette for at tilsette i administrasjonen kan arbeide andre stader enn på Hermansverk.
  • Vurdere ny lokalisering av den fylkeskommunale administrasjonen.

Økonomi

Framstegspartiet er bekymra over den høge lånegjelda til Sogn og Fjordane Fylkeskommune, som nærmar seg det doble av landsgjennomsnittet pr innbyggjar. Framstegspartiet vil difor være svært tilbakehalden med å ta opp nye lån i perioden, som ikkje har ein tydeleg samfunnseffekt i form av vekst og utvikling. Dette vil i hovudsak være låneopptak til infrastrukturinvesteringar som har ein samfunnsøkonomisk gevinst.

Politikk handlar om prioritering. Det betyr at for å kunne prioritere tiltak innan eit område, må ein nødvendigvis nedprioritere tiltak på andre område. På denne måten har ein ei politisk styring som baserer seg på dei økonomiske føresetnadene som fylkeskommunen har. Det er i stor grad her Framstegspartiet skil seg frå dei andre politiske partia på Fylkestinget.

For å utvikle Sogn og Fjordane til eit vekstfylke, der både innbyggjarar og næringsliv trivst og ynskjer å være etablert, vil Sogn og Fjordane FrP prioritere infrastruktur, næringsutvikling, opplæring og FOU, framføre andre oppgåver som ikkje er lovpålagde.

Ved å ta i bruk konkurranseutsetting i den fylkeskommunale drifta, vil ein kunne frigjere betydelege ressursar som kan nyttast innanfor dei prioriterte områda. Fylkeskommunen har allereie vedteke ei relativt stor innsparing på anbodsutlysing av kollektivtilbodet, og Framstegspartiet meiner at dette må vidareførast til fleire område som drift av institusjonar, vedlikehald ol.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Være restriktiv til å auke lånegjelda til fylkeskommunen.
  • Føre ein ansvarleg økonomisk politikk ved å omprioritere innanfor den fylkeskommunale drifta.
  • Prioritere tiltak innan infrastruktur, næringsutvikling, opplæring og FOU.
  • Auke bruken av konkurranseutsetting innan den fylkeskommunale drifta.

Offentleg eigarskap

Dagens utstrakte offentlege eigarskap konsentrerer makt og innflytelse på få hender. Politisk styring av verksemder hindrar langsiktig tenking og verdiskaping. Når det offentlege både skal overvake, regulere og tene pengar på den same marknaden, fører det også til ei uheldig rolleblanding som kan føre til forskjellsbehandling av aktørar i marknaden. Eit mål for Sogn og Fjordane FrP er difor å byggje ned det offentlege eigarskapet gjennom sal.

I verksemder der eigarskapet vert utøvd av politikarar i forskjellige roller, som styremedlemmar eller medlemmer i general/bedriftsforsamlingar, kan marknadsmakta misbrukast og det kan skapast usikkerhet om den reelle hensikta for om eigarskapsutøvinga er politisk eller økonomisk gevinst. Det må klarleggast om eigarskapen i dei enkelte verksemdene har eit politisk styringsføremål eller eit finansielt avkastningsføremål. Sogn og Fjordane FrP ynskjer ikkje å kombinere desse to føremåla.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har eigarskap i over 20 aksjeselskap, og Framstegspartiet ser at ein del av desse selskapa er politiske verktøy for å utvikle enkeltnæringar og enkeltområder i fylket. Sogn og Fjordane FrP vil likevel være restriktive til å nytte eigarskap i aksjeselskap til næringsutvikling, og vil heller nytte forskjellige næringsretta tiltak og tilskot mot desse næringane og områda.

Sogn og Fjordane FrP vil behalde eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE), så lenge dette gjer ein større gevinst på kapitalen enn andre type kapitalplasseringar. Eigarskapen i selskapet skal berre ha eit finansielt avkastningsføremål, og Sogn og Fjordane FrP vil ta sterk avstand frå bruk av selskapet som eit politisk verktøy. Framstegspartiet vil difor at det skal veljast inn politisk uavhengige styremedlemmer i selskapet med kompetanse som kan sikre ei størst muleg avkastning frå selskapet.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har verken kompetanse eller kapital til å vidareføre eigarskapen i Fjord1 Nordvestlandske AS (Fjord1). Selskapet driv i ein konkurransemarknad der risiko og behovet for kapital til investeringar er svært stort. Ei vidareføring av den fylkeskommunale eigarskapen i Fjord1, kan i verste fall føre til at selskapet vert utkonkurrert og at arbeidsplassar går tapt. Sogn og Fjordane FrP vil øyremerke gevinsten av eit eventuelt Fjord1-sal, til infrastrukturinvesteringar i fylket.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Ha ei restriktiv haldning til fylkeskommunal eigarskap i aksjeselskap.
  • Nytte andre verkemiddel enn eigarskap i aksjeselskap til næringsutvikling.
  • Vidareføre eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi AS med eit finansielt avkastningsføremål.
  • Selje aksjane i Fjord1 Nordvestlandske og øyremerke midlane til infrastrukturinvesteringar.

 

NÆRINGSUTVIKLING

I Sogn og Fjordane har småskala tenkinga vore det politisk korrekte og at vi er et annleisfylke. Årsaken til dette er at i vårt fylke har vi ingen byar av ein slik størrelse som til dømes våre nabofylker i nord og sør har. Skal vårt fylke oppnå den utviklinga vi ser i resten av landet må det leggast til rette for eit sterkt sentrumslokomotiv.

Sogn og Fjordane FrP meiner at det må satsast på aksen Florø – Førde som den tyngste aktøren i den framtidige regionale utviklinga av vårt fylke. Grunnen til det er at Florø har eit høgt og allsidig kompetansenivå innan olje og maritim næring som skaper store nasjonale verdiar, og Førde er fylket sin store aktør innan offentlege tenester. Dette vil føre til store og tunge kompetanse miljø som  er attraktive å flytte til og vil ha store ringverknader for heile fylket.

Skal vi lukkast med dette må det satsast tungt på infrastrukturbygging slik at vi skaper eit stort bu- og arbeidsområde. Det må som vi i FrP har vore ein pådrivar for, satsast mykje på opprusting av vegnettet på kysten som til dømes strekninga Måløy – Florø, Askvoll – Førde. 

I den vidare regionale utvikling meiner Sogn og Fjordane FrP at det må satsast på:

  • Samferdsle og øvrig infrastruktur for å knyte saman fylket i større bu- og arbeidsområde.
  • Gründerverksemd og knoppskyting frå eksisterande verksemder for å skape nye arbeidspassar
  • Tilrettelegging av vekstsentra i alle regioner.
  • Utbygging av vasskraft i stor og liten skala som vil styrkje utvikling i bygdene.
  • Reiselivsnæring.
  • Fornying innan landbruk slik det kan tilpassast framtidas utfordringar.

 Sogn og Fjordane FrP vil fornye og utvikle og bryte med notidas småskalatenking som alle andre parti står for.

Felles bu- og arbeidsområde

Ein suksessfaktor for å lukkast med å skape vekst i Sogn og Fjordane, er at ein knyt saman fleire større bu- og arbeidsmarknader. Dette vil føre til at ein i ein region får tilgang på meir arbeidskraft, fleire og varierte arbeidsplassar, større næringsmarknad og fleire velferds- og fritidstilbod. Dette igjen vil sikre at det vert meir attraktivt å busette seg i desse områda.

Sogn og Fjordane FrP vil medverke til at dei fylkeskommunale ressursane i stor grad vert kanalisert til å skape desse regionane, gjennom infrastrukturinvesteringar og næringsretta tiltak for å tilrettelegge for arbeidsplassar og vekst. Spesielt fokus i denne perioden vil være på 45-minuttsregionen og aksen Florø-Førde.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Leggje til rette for større bu- og arbeidsmarknader.
  • Rette inn nærings- og utviklingsarbeid mot større regionar.
  • Kanalisere infrastrukturmidlar mot utvikling av større regionar.
  • Ha fokus på realisering av 45-minuttsregionen i perioden.
  • Styrkje aksen Florø-Førde.

Verkemiddelbruk

Fylkeskommunen si viktigaste oppgåve i næringspolitikken er å leggje til rette for næringsutvikling som gjer arbeidsplassar og velferd. Sogn og Fjordane FrP vil bidra til partnarskapsløysingar mellom det offentlege og private som bidreg til å stimulere private investorar til å satse risikokapital og kompetanse på ny næringsutvikling.

Framstegspartiet er sikker på at Sogn og Fjordane ikkje har mangel på forretningsidear, men ofte er det mangel på kompetanse og kapital som står i vegen for nye gründerverksemder. Fylkeskommunen har rett og slett ikkje eit godt nok verkemiddelapparat til å drive nyskapingsprosjekta frå idéstadiet til eit investeringsklart prosjekt.

Sogn og Fjordane FrP vil stille krav om at dei bedriftsretta økonomiske tiltaka vert nytta til å stimulere nye verksemder og gründerar. I tillegg bør verksemder som har ein positiv effekt for større geografiske område forfordelast. Det er viktig at næringsmidlane vert nytta til å skape arbeidsplassar i felles bu- og arbeidsmarknader.

Sogn og Fjordane FrP vil også endre dagens støtte til kommunale næringsfond, og heller ha større regionale fond, som bidreg til vakst og utvikling for større regionar.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Jobbe for meir privat risikokapital til etablering av arbeidsplassar i fylket.
  • Styrkje verkemiddelapparatet til næringsutvikling.
  • Prioritere nye verksemder og gründerar.
  • Prioritere satsing i større bu- og arbeidsmarknader.

Landbruk

Landbruket har dei siste åra vore gjennom store endringar, også i vårt fylke. Bruk vert lagt ned og større einingar vert etablert i form av samdrifter eller at enkelte bønder satsar sterkt på tilleggsjord. Framstegspartiet meiner det er feil at småskala-landbruket skal være bærebjelken i norsk distriktspolitikk, då det er heilt andre løysingar som bør prioriterast for å styrkje busetting- og næringsutvikling for heile landet.

Sogn og Fjordane FrP er bekymra over at det er altfor mange som arbeider i jordbruket i fylket, som har full jobb i tillegg til å drive med jordbruk. Dette fører til at matproduksjonen ikkje lenger vert hovudarbeidet for enkelte bønder, men meir som ein hobby. Gjennom ei endring i kriteriane for tildeling av subsidiar, vil Framstegspartiet arbeide for at det vert sett ei nedre grense for tildeling som sikrrar forfordeling av dei som har jordbruk som si hovudnæring.

For å styrkje investeringsviljen i nye driftsbygningar og nytt utstyr er det viktig at bøndene får tilgang på kapital. Framstegspartiet ynskjer å rette ei stor del av overføringane frå staten mot nettopp investeringar. Det er også viktig at bøndene får sjå at deira investerte kapital gjer avkasting. Då må det være muleg å få ei prisstigning for eigedom og bygningar som føl marknadspris. Dette vil sikre at fleire vil ynskje å investere meir i jordbruket.

Framstegspartiet meiner at samvirkeorganiseringa, konsesjonslovane, bu- og driveplikta, miljørestriksjonane og eit overmodent byråkrati, kveler landbruket, og det vert også hevda av mange frittståande fagmiljø. Sogn og Fjordane FrP registrerer at subsidieringa av landbruket ikkje har fungert som det verkemiddelet det var tenkt til å være, nemlig å oppretthalde busetnad.

Framstegspartiet er for fornying og framsteg, også det gjeld landbruksnæringa. Dette fordi det i ei ny tid vert lite framtidsretta å tvihalde på ordningar som har gått ut på dato. Sogn og Fjordane FrP meiner at ved å ha ein landbrukspolitikk som har fokus på fornying, forenkling, og effektivisering vil være det som kan ta norsk landbruk inn i framtida, også i vårt fylke.

Framstegspartiet vil over tid endre dagens avtalesystem og subsidieordningar og gjere landbruket uavhengig av subsidiering i framtida, med følgjande verkemiddel:

  • Arbeide for reduksjon i skattar og avgifter til landbruksnæringa.
  • Arbeide for fri råderett over eigen jordbrukseigedom.
  • Arbeide for å fjerne konsesjonslovgivinga og kvoteordningar.
  • Arbeide for at flest muleg kan arbeide med jordbruk som hovudnæring.
  • Arbeide for å redusere eit unødvendig stort landbruksbyråkrati.
  • Arbeide for å mjuke opp strenge miljørestriksjonar, slik at den enkelte bonde kan utnytte sine naturressursar på ein fornuftig og framtidsretta måte.
  • Arbeide for å endre rovdyrpolitikken slik at beitedyr kan utnytte skog og mark utan rovdyrtrussel.
  • Arbeide for å redusere samvirkeorganisasjonane sin monopolsituasjon til fordel for ein fri marknad.
  • Arbeide for at det også i landbruket skal lønne seg å investere, gjennom at den reelle marknadsverdien skal leggast til grunn ved ein fri omsetning av landbrukseigedommar.

Fiskeri og Havbruk

Norsk fiskeri- og oppdrettsnæring står for ein stor del av norsk eksportverdi, samt sysselset ei stor mengde av innbyggjarane langs kysten. Sogn og Fjordane FrP merkar seg at det er ei positiv trend i både fiskeri og oppdrettsnæringa for tida. Einskildaktørar har satsa innovativt på landbasert tilverking av fiskeriprodukt med vekt på høg kvalitet og beviseleg bærekraft i si marknadsføring. Dette sikrar mykje arbeidsplassar i fylket.

Fiskeriressursane må regulerast på ein god måte, og langsiktig forvaltast av styresmaktene, då ingen har eigedomsrett til ressursane i havet. Forvaltninga må gjennomførast med ressursforvaltning som føremål, og ikkje være av omsyn til regulering av næringa og prisfastsetting.

Sogn og Fjordane FrP meiner at regjeringa sin “Ferskfiskstrategi” er lite tenleg for fiskerinæringa i Sogn og Fjordane som i stor grad driv med frossen fisk. Kvaliteten på “ombordfrossen fisk” er like bra som ferskfisk, og det er difor skadeleg for næringa i Sogn og Fjordane at regjeringa har denne strategien. Strategien burde heller vore “norsk kvalitetsfisk”.

Sogn og Fjordane FrP er også av den oppfatning at minsteprissystemet bidreg til at ein ikkje får betalt for god kvalitet, og vil arbeide for å oppheve denne ordninga.

Akvakultur er ei svært stor og ekspanderande næring i Sogn og Fjordane, som er svært viktig for verdiskapinga og sysselsettinga langs kysten og innover fjordane. Sogn og Fjordane FrP meiner at det innanfor rammene som er sett av styresmaktene skal utførast ein liberal og effektiv handsaming av tildeling av lokalitetar i fylket, der det i stor grad er miljø- og/eller veterinærfaglege hensyn som skal vektleggast. Då det no er fylkeskommunen som tildeler lokalitetar og einskilde typar oppdrettsløyve, meiner Sogn og Fjordane FrP at det kviler ei særskild plikt på fylkeskommunen å handsame løyvesaker effektivt og profesjonelt. Kommunane må syte for å oppdatere kommuneplanar med tilstrekkeleg eigna sjøareal til oppdrettsføremål.

Det er også viktig at forholda for næringa vert tilrettelagd på ein måte som gjer det muleg med ei målretta satsing på miljøforbetringar. Auka teknologiutvikling vil på sikt gje store økonomiske og miljømessige innsparingar.

Det må settast strenge sikringskrav til oppdrettsannlegg for å sikre mest muleg rømmingssikre anlegg. Rømming av oppdrettsfisk bør handsamast på linje med punktutslipp etter forureiningslova. Dette vil føre til betre internkontroll, og betre sikring mot rømming.

Sogn og Fjordane FrP meiner at marine verneplanar og nasjonale laksefjordar, som bandlegg store areal utan tilgang til akvakulturføremål, ikkje har hatt noko positiv verknad på villaksbestanden eller faunaen elles, og bør takast opp til revurdering. Problema som villaksen møter er truleg svært samansett, og må ikkje utelukkande lastast norsk lakseoppdrettsnæring.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Arbeide for å ha ein gjennomgang/justering av deltakarloven og råfiskloven.
  • Arbeide for å oppheve minsteprissystemet.
  • Arbeide for å auke fiskarfrådraget for å stimulere til rekruttering.
  • Arbeide for at dagens “ferskfiskstrategi” vert endra til ein “kvalitetsstrategi”.
  • Arbeide for at fylkesbindingane i kvotesystemet for villfanga torsk vert oppheva.
  • Sikre hurtig og god sakshandsaming av oppdrettsaker i fylkesadministrasjonen.
  • Arbeide for meir målretta satsing på miljøforbetringar, som gjev positive verknader)

 

ENERGI/MILJØ

Vasskraft

Framstegspartiet vil ha ei nasjonal satsing på vasskraftutbygging. Skal nasjonen bidra i å minske utslepp internasjonalt er vi ikkje i tvil at vårt beste bidrag vil være å vri mest mogeleg av vårt energiforbruk over på nettopp vasskraft. Denne energikjelda er både fornybar og ikkje minst totalt uskadelig for miljøet.

Sogn og Fjordane FrP meiner at ei miljøtilpassa utbygging av ubrukte både småkraft- og vasskraftressursar i vårt fylke er god energipolitikk og god miljøpolitikk. Framstegspartiet vil difor arbeide for å forenkle konsesjonshandsaminga av vasskraft, og at dei enkelte kommunestyrer bør ha mynde til å handsamme søknader om små/mini/mikrokraftverk. Framstegspartiet vil også arbeide for at dagens vasskraftverk vert opprusta og utvida.

Sogn og Fjordane FrP ynskjer å ha ei “vernepause” mens ein evaluerer dei vern av vassdrag som allereie er gjennomførd i vårt fylke. Ein del vassdrag ser ut til å ha verte verna utan at det er noko tydeleg mål eller effekt av verninga. FrP ynskjer å leggje til rette for prinsippet om “vern gjennom bruk”, som kan bidra til å hindre øydeleggande installasjonar, men sikrar samstundes aktivitet, tilgjenge, verdiskaping og næringsutvikling.

Vindkraft

Sogn og Fjordane FrP er positiv til ein nøktern satsing på vindkraftverk. Vi ser mogligheitene for å skape verdiar gjennom eit godt samspel mellom vindkraft og vasskraft, sidan vindkraft har eit noko uforutsigbart produksjonsmønster.

Det må likevel være ei heilskapleg nasjonal satsing på dette, slik at ressursane vert brukt mest mogeleg fornuftig. Sogn og Fjordane FrP ynskjer difor at det vert utarbeida ein samla nasjonal plan for vindkraft. Ein slik plan kan også bidra til å redusere konfliktnivået rundt vindkraftutbyggingar, og sikre at dei beste prosjekta vert realisert først.

Sogn og Fjordane FrP meiner at potensialet og teknologien for havvindmøller er spannande, og støttar at det må drivast forsking og utvikling innan dette. Samstundes er det viktig med eit realistisk syn på dette, då det er lite sannsynleg at dette vil kunne være drivverdig i næraste framtid.

Olje/Gass

Sogn og Fjordane FrP vil bidra til å styrkje oljebasen i Florø, for å tiltrekke endå meir petroleumsaktivitet til vårt fylke. Sogn og Fjordane Fylkeskommune må påverke til at det vert lagt til rette for mest muleg aktivitet utanfor kysten av fylket.

Sogn og Fjordane FrP meiner at vi også bør sjå på moglegheitene for å ilandføre og foredle petroleumsressursar i vårt fylke.

Klima

Sogn og Fjordane FrP vil ta avstand frå den bastante haldninga om at alt unormalt som observerast i naturen er eit resultat av menneskeskapte handlingar. Vi meiner at det er spekulativt å koble einkvar flaum, hetebølgje, kuldeperiode, storm, ras ol. med påstanden om menneskeskapte klimaendringar. Vår konklusjon er ikkje at vi av den grunn skal oversjå utfordringane rundt mulege klimaendringar, men tvert imot at ein skal bruke tid og ressursar på vitskapleg forsking og teknologisk utvikling. Det er skilnad på å stille kritiske spørsmål og å avvise heile problemstillinga.

Nasjonale mål for å få ned f..eks. CO2 utslepp frå bruk av bil, må løysast ved at ein legg til rette for mykje raskare utskrifting av dagens bilpark, enn å avgiftsbelaste bruken av bil. Dette gir kun meir pengar i statskassa og er til lita og inga nytte for miljøet. I tillegg vil ei mykje raskare utbygging av vegnettet sikre lågare utslep frå biltransport.

Naturvern

Sogn og Fjordane FrP ser at passivt arealvern ein sjeldan gong er nødvendig. For eksempel der ein finn sjeldne og truga plantar som kanskje berre veks ein stad i landet. Både fjellrev og villrein er for eksempel også avhengig av eit visst arealvern. Slikt vern skal primært skje på offentleg grunn. Som vert avsett til nasjonalparkar og verneområde. Utgangspunkt for vern av privat grunn må være frivillig eller der det offentlege overtar området til marknadspris.

Infrastruktur

Eit godt utbygd kraftnett med god kapasitet er avgjerande for å kunne auke både vasskraftproduksjonen og andre typar produksjon av energi i Sogn og Fjordane. Ingen vil investere i ny kraftproduksjon dersom det ikkje er ledig transportkapasitet i strømnettet.

Framstegspartiet vil påverke til at både hovudlinjenettet og dei lokale netta vert opprusta både med tanke på kapasitet og forsyningssikkerhet, snarast råd.

Sogn og Fjordane FrP vil arbeide for at dagens regelverk for utbygging av kraftliner vert revidert, for å i større grad kunne vurdere enkelttilfelle der det kunne vært betre å for eksempel legge kraftkabel i sjø eller jord, framfor store luftspenn som kan verke estetisk sjenerande.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Ha ei nasjonal satsing på vasskraftutbygging.
  • Evaluere dagens verna vassdrag.
  • Ha ei heilskapleg satsing på vindkraft.
  • Styrkje oljebasen i Florø.
  • Langsiktig strategi for reduksjon av klimautslepp.
  • Ha ei rask utbygging av kapasiteten på linjenettet.

 

SAMFERDSLE

Den viktigaste utviklingsfaktoren for Sogn og Fjordane er samferdsle. Det vil være ved å sikre gode kommunikasjonar at vi kan leggje til rette for at innbyggjarar og næringsliv får dei same føresetnadene som andre stader i landet. Ved å minske avstandane, og ved å følgje opp fylkeskommunen sin visjon om at “Vi skal ha eit fylke der det er trygt og enkelt å ferdast”, vil vi kunne oppnå vekst og utvikling også i Sogn og Fjordane. Dette krev likevel at Sogn og Fjordane Fylkeskommune kraftig aukar satsinga på samferdsle.

Fylkesvegar

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har ansvar for ca 2.600 km med fylkesveg. Dette består av både dei tidlegare fylkesvegane, og tidlegare riksvegar som vart overførd Fylkeskommunen i samband med forvaltningsreforma. Etter Framstegspartiet sitt syn har forvaltningsreforma ført til at det vil verte vesentleg lågare investeringar på vegnettet i åra som kjem, enn det som har vore tidlegare. I tillegg har forvaltningsreforma ført til at meir av samferdslekronene vert nytta til administrasjon enn tidlegare. Sogn og Fjordane FrP vil arbeide for at Staten tek ansvar for ein mykje større del av vegnettet enn i dag, for å sikre ein godt utbygd infrastruktur i fylket i framtida.

I ein situasjon der summen av investeringsmidlar er mykje lågare enn behovet for investeringar, er det viktig for Framstegspartiet å prioritere dei “viktigaste” prosjekta først. Med det meiner vi at fylkesvegprosjekt med dei største samfunnsmessige gevinstane må prioriterast føre andre prosjekt. Spesielt vil Framstegspartiet prioritere prosjekt som bidreg til å utvikle større bu- og arbeidsmarknader rundt Førde, Florø og Sogndal.

Framstegspartiet vil leggje følgjande prioritering til grunn for større investeringsprosjekt på fylkesvegnettet, og vil arbeide for at desse vert realisert/påbegynt i perioden:

  1. fv60 Olden-Innvik
  2. 45-minuttsregionen
  3. “Førdepakken” (Den fylkeskommunale delen)
  4. fv60 Hornindal-Møre Grense

Sogn og Fjordane FrP vil også endre budsjetteringa på fylkesvegar, slik at det vert fordelt eigne investeringsmidlar til mindre investeringstiltak og trafikktryggleikstiltak. På den måten vil ikkje større utbyggingar gå ut over andre investeringar.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Ha ei kraftig auke i investeringsmidlane til Fylkesvegar.
  • Arbeide for at Staten tek større ansvar for finansieringa av vegbygginga.
  • Prioritere prosjekt som har den beste samfunnsmessige gevinsten.
  • Øyremerke eigne midlar til mindre investeringstiltak og trafikktryggleik.

Drift og vedlikehald

Sogn og Fjordane FrP vil vidareføre dagens ordning med funksjonskontrakter for drift av fylkesvegnettet. Ein vil likevel stille meir spesifikke krav til entreprenørane med tanke på utstyr og kvalitet. Framstegspartiet vil også arbeide for at kontrollfunksjonane vert styrkja, og ha strenge sanksjonar ovanfor entreprenørar som ikkje føl opp funksjonskontraktene.

Vedlikehald har i mange år vore eit forsømt område på fylkesvegnettet. Etterslepet på vedlikehald er kostnadsrekna til ca 2 milliardar kroner, og ein må ha årlege løyvingar til drift og vedlikehald på ca 300 millionar for å hindre at etterslepet skal auke ytterlegare. Framstegspartiet ynskjer å ha årlege løyvingar på drift og vedlikehald som både hindrar at etterslepet aukar, men også slik at ein kan ta att ein del av det manglande vedlikehaldet.

Framstegspartiet vil ha utførd vurderingar på kva vegstrekningar det er hensiktsmessig å ruste opp til standarden som var når dei vart bygd, og kva vegstrekningar som må ha ny standard for å tilfredsstille funksjonen til vegen. Dei vegane som treng ny standard, må vurderast i investeringsbudsjettet til Fylkesvegplanen.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Vidareføre dagens ordning med funksjonskontrakter.
  • Stille strengare krav til utstyr og kvalitet i funksjonskontraktene.
  • Styrkje kontrollrutinane ovanfor entreprenørar.
  • Ta att vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.
  • Ha ei vurdering på kva som er vedlikehald og kva som er nye investeringar.

Kollektivtransport

For svært mange er kollektivtilbodet ein svært viktig del av kvardagen. Anten det er ungdom som nyttar skuleskyss og treningsruter, eldre som nyttar tilrettelagd transport og sørvisskyss, eller andre som er avhengige av båt og/eller buss for å komme seg rundt i fylket. Det er difor viktig at vi vidareutviklar kollektivtilbodet i fylket slik at flest muleg kan nytte seg av det på best muleg måte.

Kollektivtransport i vårt fylke består hovudsakleg av buss og båt, og her ligg også skuleskyss samt ei rekkje med forskjellige ordningar som skuleskyss, tilrettelagd transport, ungdomskort, Heim for ein 50-lapp, treningsruter etc. Dei aller fleste båtruter er allereie konkurranseutsett, og dei fylkeskommunale rutekjøpa vert lagt ut på anbod frå 2012 og utover. Dette er ei retning som Sogn og Fjordane FrP er svært nøgd med. Framstegspartiet vil fortsette prosessane som er starta, og også arbeide for at alt rutekjøp frå Fylkeskommunen vert lagt ut på anbod.

For å påverke til meir bruk av kollektivtransport har Framstegspartiet som mål at takstane i Sogn og Fjordane skal være lågare enn landssnittet. Vi ynskjer difor å fryse takstane på dagens nivå i heile 4-årsperioden. Dette vil etter Sogn og Fjordane FrP sitt syn være det viktigaste verkemiddelet for å få fleire til å reise kollektivt.

Det hjelp likevel lite at takstane er låge viss ein ikkje har eit tilbod. Det er difor viktig at det vert arbeida med alternative løysingar for stader med lite trafikkgrunnlag. Dette kan til eksempel være bruk av mindre bussar/bilar, bruk av tingingsruter, meir sørvisskyss ol. Framstegspartiet ynskjer at det vert gjennomførd ei totalgjennomgang av dagens rutekjøp og ruter, med tanke på samordning og samfunnsnytte, før ein starter utlysing av anboda.

Framstegspartiet vil vidareføre ordninga med fleksibel skuleskyss til å gjelde også heimreise for dei elevane som bur på hybel. På denne måten vil det aller meste av elevar sin bruk av kollektivtransport verte gratis. Sogn og Fjordane FrP vil innføre denne utvidinga som erstatning for ungdomskortet.

Framstegspartiet ynskjer å ha ei evaluering av “Heim for ein 50-lapp”, slik at denne ordninga kan tilpassast og utviklast til å nå flest mogeleg ungdom. Det er eit ungdomstiltak, og Sogn og Fjordane FrP vil difor ha ei øvre aldersgrense på ordninga. Vi ynskjer også å vidareføre og om muleg utvide ordningane med treningsreiser og LTU (Lokale transporttilbod for ungdom).

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil i perioden vidareføre den vedtekne ordninga med eit fylkeskommunalt minstetilbod med båt, der kommunane kan nytte opsjon på å auke tilbodet.

Sogn og Fjordane FrP er bekymra over at mange elevar har svært lang skuleveg, og meiner at dette kan få negative konsekvensar for utbyttet i opplæringa. Framstegspartiet vil difor ha ei utgreiing på konsekvensar ved at akseptabel reisetid for skuleskyss vert redusert frå dagens 90 minutt, til 60 minutt.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Vidareutvikle kollektivtilbodet, slik at flest mogeleg kan og vil nytte seg av det.
  • Konkurranseutsette alt fylkeskommunalt rutekjøp.
  • Fryse dagens kollektivtakstar i 4 år.
  • Arbeide for alternative løysingar der trafikkgrunnlaget er lågt.
  • Erstatte ungdomskortet med utvida fleksibel skuleskyss.
  • Evaluere og forbetre “Heim for ein 50-lapp”.
  • Vidareføre ordninga med minstetilbod for båt.
  • Vurdere reduksjon av akseptabel skuleveg frå 90 minutt til 60 minutt.

Trafikktrygging

Det burde være ein føresetnad at alle kan ferdast trygt langs vegane våre, slik er det dessverre ikkje. Sogn og Fjordane FrP vil intensivere arbeidet for å nå målsettinga om null omkomne og hardt skadde i trafikken. I hovudsak ynskjer vi å arbeide for ei kraftig auke i bevilgningane til rasskikring og gang-sykkelvegar. Sogn og Fjordane FrP ynskjer at minimum 10% av dei samla investeringsmidlane på fylkesvegane skal nyttast til gang/sykkelvegar.

Sogn og Fjordane Frp vil stille krav om at alle busselskap som skal utføre skuleskyss for fylkeskommunen, må ha instalert bilbelte til alle elevane.

Stamvegar/Riksvegar

Sogn og Fjordane FrP vil stille krav om at løyvingane til stamvegane vert radikalt auka i Nasjonal Transportplan. Eit minimumskrav må være at dagens stamvegar vert opprusta til tilfredsstillande standard med gul stripe.

Spesielt er det viktig at staten prioriterer E39 gjennom Sogn og Fjordane, sidan dette er det viktigaste vegen for størstedelen av befolkninga og næringslivet i fylket. I tillegg vil Sogn og Fjordane arbeide for å at Sogndal-Fortun-Lom vert ein del av riksvegnettet, og at denne strekninga, samt Vikafjellsvegen, vert realisert snarast.

Hamner/farleier

Sogn og Fjordane FrP vil bidra til å vidareutvikle hamnene i Florø og Måløy som “Sunnfjord Hamn” og “Nordfjord Hamn”. Å utvikle hamnene til å kunne bidra med transport på kjøl for større regionar vil være med å styrkje næringslivet i heile fylket.

For å oppnå målsettingar om å få meir gods over på kjøl og i tillegg sikre tryggleiken til “sjøfarande”, vil Sogn og Fjordane FrP arbeide for at det vert innførd ein farleinormal med dimensjonerings- og kvalitetskrav. Dette vil bidra til at ein får kartlagt og sett på dagsorden risikofylte farleier også i vårt fylke.

Det er også viktig at merking og vedlikehald av installasjonar langs kysten i Sogn og Fjordane har høg prioritet, og Sogn og Fjordane FrP vil arbeide for at Kystverket får auka rammer i Nasjonal Transportplan til dette arbeidet. Rammene til oljevernberedskap må også aukast.

Sogn og Fjordane FrP vil gjere alt som er mogeleg for å realisere Stad Skipstunnel så fort som muleg. Dette er eit nasjonalt prosjekt som vil knytte saman kysten på ein heilt ny måte, og det er avgjerande for utviklinga langs kysten at dette prosjektet vert realisert.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Vidareutvikle “Sunnfjord Hamn” og “Nordfjord Hamn”.
  • Arbeide for å få meir gods over på “kjøl”.
  • Arbeide for auka løyvingar til kystverket til vedlikehald og oljevernberedskap.
  • Realisere Stad Skipstunnel.

Flytilbod

Eit godt flytilbod er svært viktig for både innbyggjarar og næringsliv i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane FrP vil arbeide for at vi får utvida destinasjonane frå fylket, og også leggje til rette for større fly og fleire avgangar. Framstegspartiet vil innføre anbod på dei flyplassane som ikkje har det i dag, for å sikre betre prisar og regularitet på også desse flyplassane.

Sogn og Fjordane FrP er villig til å sjå på flyplasstrukturen i fylket. Det er likevel ein føresetnad at det vert innførd ei statleg ordning med ”flyavløysingsmidlar”, etter modell frå ferjeavløysingsmidlar før dette vert aktuelt. Dette er ei ordning der både driftskostnader og rutekjøpskostnader på flyplassane for minimum 25 år vert nytta til investeringar i infrastruktur.

Ved innføring av ei slik ordning vil Framstegspartiet være villig til å leggje ned flyplassane på Bringeland og Anda, ved at blant anna heile kystvegen, i vårt fylke, vert realisert og Florø lufthamn vert opprusta til å kunne ta ned større fly og at frekvensane vert auka. Dette vil sikre tilgang til eit godt flytilbod for alle i fylket.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Arbeide for fleire avgangar og destinasjonar frå fylket.
  • Arbeide for at det vert konkurranse på alle lufthamnene.
  • Arbeide for at regulariteten vert betra ved at det vert stasjonert eit nattfly på Sogndal Lufthamn.
  • Vurdere flyplasstrukturen ved innføring av ”flyavløysingsmidlar”.

Finansiering

Sogn og Fjordane FrP er motstandar av bruk av bompengar for å realisere vegprosjekt. Dette er fordi bilistar og næringsliv allereie har betalt for desse investeringane gjennom vegavgift og andre bilrelaterte skattar og avgifter. Berre ca 1/3 av midlane som vert teken inn frå bilistane kjem bilistane til gode i form av infrastrukturinvesteringar. Dette vil Sogn og Fjordane FrP arbeide for å endre. Bompengar er ein usmakeleg form for utpressing frå sentrale styresmakter som ikkje evnar og har vilje til å investere i infrastruktur.

Framstegspartiet kan likevel godta bruk av bompengar viss eit fleirtal av innbyggjarane i dei berørte områda seier ja til dette gjennom ei folkerøysting, eller at prosjektet erstattar eit ferjesamband der passeringsprisen ikkje vert høgare enn ferjebilletten.

Framstegspartiet er positive til Offentleg-Privat-Samarbeid (OPS) som del av finansiering av vegprosjekt, og vil arbeide for at det vert utarbeida retningslinjer for dette for fylkesvegane i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane FrP vil frigjere investeringsmidlar gjennom omprioriteringar i den fylkeskommunale drifta. Hovudsakleg gjeld dette omprioriteringar innan sentraladministrasjonen, kulturfeltet og endra innretting på næringsstøtte der også denne kan nyttast til infrastruktur. I tillegg vil Sogn og Fjordane FrP selje ut aksjar og eigedomsmasse for å frigjere investeringsmidlar til viktige vegprosjekt i fylket.

Sogn og Fjordane FrP vil:

  • Ikkje godta bruk av bompengar som finansiering på vegprosjekt.
  • Arbeide for at prosjekt vert OPS-finansiert.
  • Endre dei økonomiske prioriteringane i fylkeskommunen for å frigjere kapital til vegbygging.

 

OPPVEKST

Vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring er i dag ei av dei største oppgåvene for fylkeskommunen. Ein har i dag eit godt, desentralisert tilbod som Framstegspartiet meiner ein bør vidareføre, dersom brukarane ynskjer dette. Likevel er det viktig at elevane får full fridom til å velja kva for skule dei vil gå på.

Sogn og Fjordane vil innføre ei ordning med differensiert stykkprisfinansiering, der pengane følgjer eleven og at elevane fritt skal få velje kva skule dei ynskjer å ta utdanning på, anten privat eller offentleg. Dette vil vere til det beste for både den enkelte elev og for samfunnet, då eit slik system vil opne for konkurranse.

Framstegspartiet ynskjer at dei vidaregåande skulane skal verte mest mogeleg sjølvstyrde ved å omorganisere dagens system til at alle skular skal ha eit styre beståande av elevar, føresette og eigarrepresentantar. Dette vil gjere slik at skulane får høve til å styre utdanningstilbodet som elevane får tilbod om, noko som gjev eleven eit reelt alternativ og eit tilbod om ein fagkombinasjon den enkelte sjølv ynskjer. 

Sogn og Fjordane står over for ei stor utfordring med elevtalsnedgang dei komande åra. Dersom ein innfører fritt skuleval, vil det vere opp til elevane og dei føresette kva skular som skal ha livets rett og ikkje politikarane som skal avgjere kva skular ein skal oppretthalde.

Framstegspartiet vil ha:

  • Fritt skuleval i den vidaregåande skulen
  • At elevar som ynskjer å ta vidaregåande utdanning utanfor fylket må få høve til det.
  • Skulebygg tilpassa krava til opplæring
  • Halde fram med sommarskule som fast ordning.
  • Innføre skuleevaluering i Sogn og Fjordane
  • Sikre tidsmessig undervisning i landbruksfag.

 

KUNST OG KULTUR

Sogn og Fjordane Framstegsparti ynskjer eit levande kulturliv, fritt for politisk detaljstyring og eit kulturliv basert på personleg engasjement og frivilighet. I den grad større kulturinstitusjonar skal ha økonomisk støtte frå det offentlege bør dette organiserast gjennom direkte statlege tilskott.

Kulturinstitusjonar som i dag sorterer under fylkeskommunen er i stor grad allereie organisert som sjølvstendige stiftingar/einingar. Framstegspartiet vil arbeide for at resten av dei fylkeskommunalt eigde institusjonane omgjerast til sjølveigande, økonomisk fristilte einingar.

Utvikling av kulturbaserte næringar/arrangement.

Sogn og Fjordane har stor aktivitet og mange mulegheiter innanfor denne nisjen. Aktørane er ofte små, og har derfor lite høve til å marknadsføre desse aktivitetane på landsbasis. Framstegspartiet vil bruke deler av dei statlige overføring til regionalutvikling til denne marknadsføringa.

Kulturarv

Noreg er eit land med ein unik natur og eit eineståande naturlandskap. Det er både eit privat og eit offentleg ansvar å sikre eit godt miljø og ein forsvarleg utnytting og bruk av landets natur og naturressursar. Vern av unike kulturlandskap inneber og ivaretaking og forvaltning av dyr og planteliv. Sogn og Fjordane FrP vil stimulere til økonomisk vekst innanfor grenser sett av omsyn til grunnleggjande ressursar, som for eksempel jord, luft og vatn. Ein slik bærekraftig vekst er ikkje eit statisk nivå, men endrar seg over tid avhengig av naturlege endringar og teknologisk utvikling. Det leggast vekt på at myndigheitene inntek ein dynamisk forvalterrolle, og ikkje framstår som "museums vaktarar".

Framstegspartiet ynskjer å ivareta norsk kultur og kulturarv. Bevaring av eit representativt utval

kulturminner er viktig for samfunnet. Den norske kulturarven representerer store verdiar både på land og på vatn, og er med på å gje nasjonen og innbyggjarane identitet. Det skal samstundes ikkje være automatikk i at alle objekt som er omfatta av freda kulturminne skal ha like sterkt vern.

I dag er det fylkesmannen som forvaltar det regionale miljøvernet. Dette bør overførast til ein egen forvaltningsdomstol. Unnateke frå dette er kulturminneforvaltninga, som forvaltast av dagens fylkeskommunar, dette bør gjerast av dei enkelte kommunane.

 

HELSE

Spesialisthelsetenesta

Som regional utviklingsaktør er Sogn og Fjordane Fylkeskommune avhengig av at vi har eit godt og desentralisert helsetilbod, med akutt- og fødefunksjonar ,som sikrar tryggleiken til innbyggjarane. Ved å svekke tryggleiksfølelsen til innbyggjarane i enkelte deler av fylket, slår ein beina under Fylkeskommunen sitt arbeid for å få til eit spredt nærings- og busetnadsmønster.

Alle innbyggjarane i heile fylket skal ha eit godt helsetilbod ,med særleg vekt på akuttberedskap og fødetilbod innafor rimeleg reisetid. Lokalsjukehus utan akuttfunksjonar er ikkje eit fullverdig sjukehus.

Sogn og Fjordane er og vil bli eit krevjande fylke og drive sjukehustenester i, på grunn av geografiske og klimatiske forhold. Eit dårleg vegnett i store deler av fylket og avgrensa høve for helikopter transport på grunn av vind og tåke, gjer at Framstegspartiet vil ha eit godt føde og akuttilbod til våre innbyggjarar. Framstegspartiet vil arbeide for at vi i vårt fylke skal ha eit godt sentralsjukehus og gode lokalsjukehus med fødeavdelingar og akuttfunksjoner med nødvendige støttefunksjoner.

Framstegspartiet er imot ordninga med Regionale Helseføretak (RHF) og meiner at desse i dag medfører ei sterk byråkratisering og utgiftsøkning. Eit sentralt sjukehusdirektorat bør overta ansvaret for finansiering av helseføretaka, og utviklinga av finansieringssystema (DRG-systemet, diagnoserelaterte grupper) må forbetrast og verte meir nøyaktig og i samsvar med dei diagnosar som skal dekkast.

Sogn og Fjordane FrP vil arbeide for at det er pasienten sjølv, i samråd med sin lege som skal kunne velje behandlingssted, og at pasientar ikkje skal være ein utgiftspost, men tvert imot ein inntektskilde for sjukehusa.

Sogn og Fjordane Framstegsparti kan forsikre folk i vårt fylke om att vi vil fortsette kampen for  å sikre:

  • Gode fødeavdelingar på våre lokalsjukehus.
  • Lokalsjukehus med akuttfunksjonar innan kirurgi/ortopedi og medisin med nødvendige støttefunksjonar.
  • Eit godt desentralisert tilbod for rusavhengige.
  • Gode behandlingsplassar for psykisk sjuke.

Kommunehelsetenesta

Samhandlingsreforma som skal gjennomførast frå 2012 vil skape mange utfordringar for kommunane i Sogn og Fjordane. Kommunane skal overta oppgåver som tidligare har vorte utført på sjukehus, og det vil medføre krav om høgare kompetanse i kommunane. 

Framstegspartiet er usamd i den delen av reforma som har med oppgåvefordeling å gjere, men er samd i den delen av reforma som omhandlar førebyggjande arbeid i det kommunale helsevesenet. Framstegspartiet fryktar at eldre sjuke ikkje skal få den nødvendig helsehjelp dei treng når kommunane må betale deler av sjukehusopphaldet etter den nye reforma.

Framstegspartiet vil arbeide for å sikre att eldre pleietrengande får den spesialiserte helsehjelpa dei har krav på i kommunane i fylket.  Framstegspartiet vil ha øyremerka midlar i form av stykkpris til dei kommunale helse og velferdstenestene slik at alle som treng kommunal støtte til velferd og sosialhjelp, ikkje er avhengig av den kommunale økonomien. For å få valfridom innan det kommunale tenestetilbodet vil Framstegspartiet opne for at private kan drive omsorg, både i eigen heim og på institusjonar. Konkurranse er, og har vore, eit godt reiskap for å skape mangfald og betre tenester i eit moderne samfunn, så difor vil Framstegspartiet sikre at det i større grad vert teken i bruk i offentleg sektor.

Framstegspartiet vil fornye det offentlege tilbodet for sjuke og eldre og arbeide for:

  • Fri konkurranse mellom offentlege og private tilbydarar innan pleie og omsorg.
  • Oppretting av eit fylkeskommunalt eldreombod som skal være ein uavhengig klageinstans for pårørande og eldre som ikkje får det tilbodet dei har krav på.
  • Betre kompetanse på sjukeheimar med tilfredsstillande legedekning.
  • Betre tilrettelegging og oppfølging med heimebaserte tenester slik at eldre kan bu lengst mogeleg i eigen bustad.
  • Drive aktivt førebyggande helsearbeid for å få friskare og meir robuste innbyggjarar

Funksjonshemma

Sogn og Fjordane Framstegsparti meiner at personar med funksjonshemmingar skal, så langt det er mulig, ha like gode muligheiter til å fungere i samfunnet som funksjonsfriske. Forholda bør derfor leggast til rette for den funksjonshemma både i heim‐, skule‐ og arbeidssituasjonen, basert på den enkelte sine ynskjer og behov. I Sogn og Fjordane skal universell utforming leggast til grunn for all planlegging av offentlige bygg, uteområde og offentleg transport.