Kalender Hordaland

30.07.07 21:35

Enkelt å svelgja bom-kamelar på vegne av andre...

 

Endeleg er debatten blant folk flest på Radøy i gang etter at forslaget om bom på Lunde vart lansert. Motstanden er, ikkje uventa, blitt større i det siste og med rette. Seinast i nh onsdag var ein av bompengetilhengjarane frå Radøy Sp på bana med argument om at viss ikkje vi betalar sjølv, ja då blir det ingen vei. Bompengar eller ikkje, vi i FrP kjem til å fortsette arbeidet med å skaffe Radøy ny veg, utan at rekninga skal sendast bilistane. Men det seier seg sjølv at då har vi ein felles jobb, uavhengig parti, å gjere mot makthavarane i Oslo. Er det nokon av våre politiske motstandarar som vert med og tar utfordringa?

Det er ikkje berre på Sletta at skulevegen vert belasta med vogntog og trailer-trafikk. Dette gjeld på dei fleste skulevegane på Radøy, og eg trur ikkje eg tek munnen for full når eg seier at alle foreldre på Radøy ønskjer trygge skulevegar for elevane, uavhengig kvar i kommunen dei bur. Det som vert feil, er at nokon få skal måtte betale bompengar for å få ungane sine på skulen, medan dei som får tryggare skuleveg slepp.

Det som aldri sluttar å undre meg, er at framståande og erfarne politikarar som skal jobbe for innbyggjarane sine, uavhengig av partifarge, så tilsynelatande lett lener seg attende og ikkje ser andre alternativ enn å gje opp å få staten til å finansiere vegane våre. Dei går inn for forslag som dei sjølv kallar dårlege, av mangel på betre alternativ. Kanskje er det då på tide å ta en pause for å få tilbake trua på at det nyttar?

Det står vitterleg i loven at det er staten som har ansvar for å finansiere, byggje og vedlikehalde riks- og stamvegnettet her i landet. Og hadde staten brukt dei over 50 milliardane dei tek inn årleg i bilrelaterte avgifter på veg, i staden for dei 13 milliardane som no vert brukt, hadde vi sluppe unna problema med at ulike kommunar og bygdesamfunn vert sett opp mot kvarandre. Men dette er vel det man kan kalle ein ”kvilande lov”? Og med Sp i førarsete både lokalt og sentralt, er det kun deira vilje det står på...

 

Det er ikkje enklast å sei nei, slik Sp i Radøy hevdar. Heller tvert imot, for vi vil og sjølvsagt vidareutvikla Radøy til det betre. Men vi er grunnleggjande ueinig i at rekninga skal påleggjast delar av innbyggjarane. Bompengar må vere noko av den mest usosiale ekstraskatt som er, då den ikkje tek omsyn til om ein har 150.000 eller 1.000.000 kr i årsinntekt. Noko å tenkje på for dei partia som går ut høgt ut mot andre og kallar dei egoistar og usosiale, og som sjølv hevdar å ha tufta programmet sitt på ein såkalla ”sosial” og rettferdig profil?  

Det som derimot ser ut til å vere enkelt for nokre parti, er å påleggje andre ein ekstraskatt for å trumfe gjennom sine kjepphestar, i staden for å ta tak i saka og gjere ein innsats for at vi skal sleppa. Lokalpolitikk handlar mykje om visjonar for lokalsamfunnet og evna til å finne løysingar, og ingen ting skjer utan at det vert gjort ein innsats. Det er alltid enklast og minst arbeidskrevjande å bruke andre sine pengar, og ved å senda rekninga for alt vi kunne tenkt oss å gjere vidare til andre, skulle vi fått til mykje bra... Men om det er slike politikarar vi skal ha, er eg redd at einaste innsatsen som vert lagt ned frå den kanten, er stadig nye påfunn som fører til usosiale ekstrautgifter for folk flest. 

 

Lena Bø Nilsen

Gruppeleiar, Radøy FrP