Kalender Hordaland

09.09.11 18:28

Er det sant det som blir sagt?

 

I siste utgåve av Grannar var det mykje godt lesestoff i form av lesarinnlegg, og ein kunne også lesa ting som slett ikkje er riktig. Eit par-tre av desse utsegna treng ei oppklaring heilt på tampen:

 

Roe Lauvås står fram som relativt freidig når han bastant hevdar at Høgre i Formannskapet har fremja desidert flest framlegg til vedtak, og at ingen andre parti kan visa til liknande aktivitet. Sist eg sjekka så er Etne FrP framleis eit parti, og etter ein gjennomgang av alle sakene i Formannskapet gjennom siste periode, så kjem det fram at Etne FrP har fremja omlag 20% FLEIRE forslag til vedtak enn Etne Høgre. Slikt kan jo vera fort gjort å gå glipp av...

 

Roe Lauvås utnemner også Ordførar Sigve Sørheim til god høgremann, og slikt kan ein jo dra på smilebandet av. Eg trur vaktbikkja Roe har bjeffa seg hes til inga nytte – Sigve har ikkje hatt behov for varm pust i nakken. Ordføraren har vel knapt vore senterpartimann dei siste fire åra – han har vore Ordførar for heile kommunen, og det er det beste beviset for at det valtekniske samarbeidet etter førre val var klokt! Det er samarbeid som er vegen å gå, ikkje varm pust i nakken... Etne FrP ynskjer å gjera Etne til ein JA!-kommune og vil difor inn i ordførarkontoret, men om veljarane sin dom ikkje opnar for det, så ser me fram til fire nye år med godt samarbeid og Sigve Sørheim som sjef. 

 

Og det fører meg vidare til ei meir alvorleg sak. Ved fleire høve, og nå sist i lesarinnlegget til Ole Stølås frå Etne Ap, har ein kunna lesa i Grannar at Etne Ap ikkje fekk høve til å vera med på forhandlingane om posisjonar etter sist val. Dette er jo slett ikkje sant, noko alle som var til stades for fire år sidan veit. Det blir ikkje meir sant om ein gjentar det mange nok gonger heller! Faktum er at Etne Ap ikkje ville forhandla, dei hadde berre eit einaste krav; Ordføraren. Då partia som representerte over 70% av innbyggjarane kom til semje om Sigve Sørheim som Ordførar, reiste delegasjonen frå Etne Ap seg frå bordet, takka for seg og gjekk sin veg. Etne Ap aksepterte ikkje demokratiet, og sa ifrå seg tilbod om varaordførar, ein ekstra representant i Formannskapet, og potensielt komitéleiarar – det var Ordføraren eller ingenting. Bra for oss frå andre parti, og bra for demokratiet! I fire år har me funne saman frå sak til sak og over partiskilja – demokrati i praksis, og med ein samlande Ordførar som har hatt meir enn 70% av røystene i ryggen. Heller ikkje ved dette valet har me direkteval av Ordføraren, og forhandlingar må til slik som sist.

 

Din kommune, ditt val – røysta på Etne FrP!

 

Godt val!

 

Roger Nilsen

ombodsmann og ordførarkandidat

Etne Framstegsparti