Kalender Hordaland

14.09.11 14:59

KUNNGJERING

 

Etne FrP ser på prosessen i gårsdagens forhandlingar som så lite ryddig at partiet ikkje lenger ynskjer komitéleiaren i komité forvaltning.

 

Grunngjeving:

Etne FrP har med bakgrunn i dei signal som Sp og Ordføraren har sendt gjennom heile valkampen, om at deira primære ynskje var at det gode valtekniske samarbeidet me har hatt i inneverande periode skulle fortsetja, hatt som mål at Sigve Sørheim framleis skal vera Ordførar.

 

Etter valet fekk Etne FrP tilbod frå Etne Ap om varaordførar-posisjonen dersom me støtta Ap sin ordførarkandidat. Dette tilbodet blei avvist med basis i vår uttalte støtte til Sigve Sørheim sitt kandidatur og lovnaden frå Ordføraren om fortsatt valteknisk samarbeid mellom dagens politiske partnarar.

 

At Sp i forhandlingane vel å søka andre samarbeidspartnerar tek me til etterretning, men me ser på det som eit brot på dei føresetnadene som låg til grunn for vår haldning til Sigve Sørheim som Ordførar og Sp som samarbeidspartnar.

 

At valvinnaren Sp ytterlegare tåkelegg deira nye samarbeidskonstellasjon ved å melda seg ut av forhandlingane om varaordføraren, og stilla seg bak eit mindretal sitt standpunkt i forhandlingane, er ikkje mindre enn udemokratisk. Realiteten er at åtte av 21 røyster i kommunestyret (Ap+Krf) har fått bestemma kven varaordføraren skal vere dei neste fire åra.

 

I tillegg vert det gitt lovnad om at dersom Etne Høgre og Etne FrP kom fram til semje om kven av partia som skulle ha varaordføraren, skulle det eksisterande valtekniske samarbeidet vidareførast. Etter få minuttar inn i forhandlingane mellom H og FrP gjekk Sp tilbake på dette, og synleggjorde slik at dei ynskjer ein varaordførar frå Ap. Dette ser me oss leie for.

 

Etne FrP kan med bakgrunn i desse uryddige og udemokratiske forhandlingane ikkje stilla seg bak eit valteknisk samarbeid med det utfallet som nå ligg føre. Dette meiner me at me skuldar våre veljarar.

 

Med helsing

 

  

Audun Namtvedt                                Roger Nilsen

forhandlingsleiar                                delegasjonsmedlem