ETNE FRP OG SKAKKESENTERET
Ja, då har ein mangeårig kamp funne sin ende. Dei som fylgjer Skakke-religionen jublar og applauderar. I lykkerusen blei Etne FrP til og med stempla som Skakke-tilhengarar, noko som må seiast å vera ei grov misforståing. Etne FrP har heile tida anerkjent at det ligg føre eit udekka behov innan tenestetilbodet i kommunen som Skakkesenteret skal dekka, – det me ikkje anerkjenner, er at det skal kosta dobbelt så mykje som naudsynt! I fleire år har Etne FrP kjempa for ei rimelegare løysing, ei løysing som let seg forsvara innanføre ansvarlege økonomiske rammer. Dei andre partia har stort sett vore Skakke-frelste og har ikkje hatt lyst til å sjå at me kanskje måtte stikka den berømte fingeren i jorda. Det me er FOR er å FORhalda oss til vedtaket om Skakke, og det er jo lett og misforstå for dei som ikkje høyrer etter.
Det nye kulturhuset skulle opphavleg finansierast, byggast og drivast av samanslutnaden av partar som kallar seg Etne Kulturhus BA (EKBA). Korleis EKBA kunne sjå for seg at dette skulle gå til med ei så dyr løysing som Skakkesenteret er blitt, er framleis ei gåte for oss, -med mindre kommunen sitt nå så store engasjement i prosjektet har vore ein skjult agenda heilt frå starten av – utan at ein skal leika med konspirasjonsteoriar. Uansett skal det ikkje mykje matematikkunnskap til for å sjå at tala ikkje går i hop, og det er nettopp dette faktum me i Etne FrP har peika på dei siste åra. Så gjekk det som det måtte gå, – bankane ville ikkje finansiera avtalen om gjenkjøp av skuleseksjonen som Hordaland Fylkeskommune skal byggja til Etne VGS, og no har rekninga hamna i fanget på kommunen i staden.
Etne FrP finn det urimeleg at denne risikoen skal liggja på kommunen, og stemte sjølvsagt NEI til gjenkjøp over kommunebudsjettet. Dersom gjenkjøp blir realisert om 10 år, vil kommunen sine nær 2 millionar kroner i årlege driftsutgifter for Skakkesenteret meir enn dobla seg til om lag 4,5 millionar årleg, og gjeldsbyrda aukar med 21 millionar kroner!
Så kan ein argumentera med at dette går seg til – og det kan ein jo håpa og tru på. Andre stader er dei meir nøkterne, t.d. i Vikedal som byggjer fleirbrukshall til 15 millionar og Skjold som byggjer fleirbrukshall til om lag 20 millionar. Skånevik er jo prakteksempelet i så måte, dei fekk til fleirbrukshall på DUGNAD - slå den! I Haugesund byggjer dei ein gigantisk fleirbrukshall til friidretten til under 40 millionar. Teikninga treng vel ikkje gjerast tydlegare før ein skjønar Etne FrP sin skepsis til Skakkesenteret til 91 millionar?
At Etne kommune sårt treng til ei styrking av psykiatrien, mellom anna ved å byggja eit bukollektiv, få eit velfungerande dagsentertilbod og styrka bemanninga, ser ikkje ut til å vera så viktig som Skakkesenteret. Den gamle delen av Etne omsorgssenter må renoverast eller byggjast ny. Etne FrP har tala for at desse tenestene måtte prioriterast før store kommunale Skakkeutlegg, og nå gler me oss til å sjå fakkeltoget og høyra songen til støtte for dei som har det vanskelegast i kommunen – for dei som er for gamle eller sjuke til at dei vil ha noko igjen for Skakkesenteret.
Alt har sin pris, la oss håpa at Skakkeentusiastane sin jubelsong ikkje set seg i halsen når den endelege rekneskapen skal gjerast opp. Den som lever får sjå.
Roger Nilsen, gruppeleiar Etne FrP

