Kalender Hordaland

06.09.07 09:45

Etne FrP og kulturhuset


Etter å ha lest torsdagens Grannar og referatet frå paneldebatten på samfunnshuset i Etne, ser eg behov for å klarleggja Etne FrP sitt syn på kulturhussaka no heilt på tampen av valkampen.


Ap og Siri Klokkerstuen ser ut til å ha ein følelse av å tala for døve øyrer når denne saka blir diskutert med FrP og underteikna, men tilfellet er stikk motsett. Etne FrP veit svært godt at det ikkje er Etne kommune som skal vera garantisten for brorparten av det eit nytt kulturhus kostar. Derimot ser det ut for at Ap og Siri Klokkerstuen ikkje vil ta inn over seg at aksjeselskapet bak kulturhuset og difor dei forskjellige laga og organisasjonane er i ferd med å pådra seg ei gjeldsbyrde som er nesten like stor som heile gjeldsbyrda til Etne kommune for å få byggja kulturhuset. Med dagens rentenivå og med ei så høg gjeld er det for oss i Etne FrP eit mysterium korleis investorane i kulturhuset skal kunne betjena gjelda, og dette er hovedgrunnen til at Etne FrP seier klart ifrå om at vedtaket om byggjing må takast opp til ny vurdering. Dei økonomiske føresetnadane for prosjektet er dramatisk endra grunna ei enorm vekst i kostnadane ved byggjing. At fylkeskommunen ikkje vil forplikta seg til å driva skule i kulturhuset gjere ikkje saka betre. Den årlege leiga skulen skal betala dei få åra dei har sagt dei kan binda seg til vil sannsynlegvis ikkje dekka halve rentekostnaden eingong.


Det er heller ikkje slik at Etne FrP berre seier nei – me har eit godt alternativ. Det er ikkje slik at Siri Klokkerstuens ˝doble kinderegg˝ er nødvendig for at Etnebygda skal få på plass ein idrettshall – tvert om. Etne FrP foreslår å byggja ein stor idrettshall der grusbanen ligg i dag, fortrinnsvis med ein seksjon med grupperom for lag og organisasjonar. Så ungdommen skal få idrettshallen dei treng, berre større enn kulturhuset kan by på. Enge skule skal få ei løysning på problemet med lokaler for fysisk fostring. Ein slik hall vil og vera godt egna til utstillingar, messer, konsertar og andre arrangement med det inntektspotensialet dette vil gi. Tilskuddsordningane for ein slik hall er også gode. Idrettshallen vil sjølvsagt då kosta mykje mindre enn eit nytt kulturhus. Det samfunnshuset me har i dag ser me for oss at skal pussast opp og gjerast meir attraktivt – uten at me som bygdesamfunn skal setja oss i botnlaus gjeld.


I Etne er også hest kultur, og det er på tide at ein ridehall kjem på plass slik at dette miljøet får betre vilkår.


Dei av innbyggjerane i Etne kommune som synes at eit nytt kulturhus er det einaste me skal kunne bruka penger på i overskueleg framtid må følgja sitt samvite. Alle som ser realitetane i dei faktiske forhold, og derfor vil ha kulturhuset opp til ny vurdering, må gå til valurnene i dag og stemma Etne FrP. Me ynskjer alle eit godt val.


Roger Nilsen

ordførarkandidat Etne FrP