Kalender Hordaland

Oppdatert 18.08.07 03:32



  

UKJENT: Roger Nilsen er ny i politikken, men klar til å ta ansvar om han og Frp får sjansen.

 

Utfordrar Høgre i Etne



Her er Etne sin ukjende ordførarkandidat. Roger Nilsen (37) skal føra Frp langt oppover på landsbygda.

Tekst: Arne Frøkedal


POLITIKK: Etnebuen har knapt høyrt om mannen som frontar partiet som fekk flest røyster i kommunen ved stortingsvalet for halvtanna år sidan. Den snart ferdigutdanna sjukepleiaren blei samrøystes plassert på topp då lokallaget i det ambisiøse partiet hadde sitt nominasjonsmøte denne veka. Nå er Roger Nilsen klar til å hjelpa partiet han nyleg melde seg inn i og gleder til til å kasta seg inn i lokalpolitikken.

– Eg er klar til å ta ansvar dersom folket vil ha oss, seier den ferske ordførarkandidaten.


Det folkelege

Frp har aldri spela ei dominerande rolle i Etne-politikken, men siste valoppteljing viste eit stort potensial. 515 røyster og 24 prosent oppslutning kunne verken Høgre eller dei andre partia måla seg med. Det gode resultatet ved stortingsvalet i 2005 har fått Frp sentralt til å peika på Etne som ein av ni kommunar i denne regionen der det kan vera mogeleg å få ordføraren.

– Lokalval og stortingsval er to ulike ting. Det er nå opp til oss å få folkets gunst. Me har ikkje sett oss konkrete mål om kor mange representanat me forventar å få inn, utover at me vil auka kommunestyregruppa frå dagens tre av 21 representantar totalt, seier 37-åringen.

Roger Nilsen er fullstendig urøynd i politikken, men samfunnsengasjert som han er, føler han klar og motivert til å gi sitt bidrag. Han har sympatisert med i Frp sidan han gjekk på ungdomsskulen i Haugesund og er tiltrekt av partiet sin folkelege apell. Han ønskjer ikkje å gå ut med klare kampsaker på dette tidspunktet, men nemner helse og eldreomsorg, skule og samferdsel som tre viktige sektorar.

– Som politikar ønskjer eg å gjera Etne til ein endå betre stad å bu i og leggja til rette for tilflytting, seier han.


Uredd

Kven er han så, denne mannen som tar kampen opp mot dei etablerte partia i den typiske jordbrukskommunen? Roger Nilsen er fødd og oppvaksen i Haugesund og valde saman med sambuaren å slå seg ned i Etne for to år sidan. 37-åringen har sterke aner fleire stader i Etne kommune både på mors- og farssida. Han har jobba med IT, på kontor, undervisning og kjørt ambulanse. På fritida har han vore engasjert i HV og blant anna vore områdesjef i sjøheimevernet.

Dei siste åra har Nilsen pendla til Haugesund, og han er ferdig utdanna sjukepleiar til sommaren. Samstundes har han hatt tid til å restaurera ein over hundre år gammal bustad på Enge. Han karakteriserer seg sjølv som ein engasjert person, uredd og som står for det han meiner. Nilsen har fått med seg dramatikken i Etne Høgre og vil ikkje spekulera i om saka vil påverka haustens lokalval.

– Eg konstaterer at Frp har hatt ein ryddig og grei nominasjonsprosess og reknar med at det går seg til hos dei andre også.

arne. frokedal[AT]haugesunds-avis.no

Publisert: 10.02.07 07:00, Sist endret: 10.02.07 08:50