ALTERNATIV TIL RÅDMANNENS BUDSJETT/ØP 2009-2012
Den globale finanskrisa påverkar oss også her i Etne kommune, og det er derfor naudsynt at ein tar høgde for at anslaga i statsbudsjettet kan vera for optimistiske med tanke på m.a. skatteinngongen.
Samstundes er det, for å sikra eit livskraftig næringsliv og befolkningsauke, naudsynt med gode kommunale tenester av høg kvalitet. Kontinuitet i positivt arbeid for å setje Etne kommune på kartet er av samme årsak viktig. Framhald av prosjektstillingar framfor omgjering til faste stillingar må sjåast på som naudsynt inntil me ser om me vert hardt råka av finanskrisa også her i kommunen. Andre stillingsheimlar vil måtta utsetjast eller takast bort.
Grunna auka overføringar slepp me denne gongen å kutta i tenestene, men nokre omleggingar må gjerast for fellesskapet. Dei viktigaste er kort begrunna under.
Fjæra skule har dessverre ikkje elevgrunnlag nok til å sikra ein pedagogisk og sosialt tilfredstillande kvardag for elevane. I tillegg ser ein at skulen er svært sårbar for sjukdom blant personalet. Betre skyssordningar for elevane er no komen på plass og spelar ei stor rolle for reisetid.
Det planlagte Skakkesenteret vil bli ei altfor stor belastning for kommunens økonomi. Skal ein unngå framtidige salderingar i pleie og omsorg, psykiatri, vedlikehald, administrasjon og skular, eller innføring av eigedomsskatt på private eigedommar i heile kommunen må kulturhusprosjektet skrinleggjast i den form det no ligg føre. Alternative og rimelegare løysingar må greiast ut.
Den særeigne arbeidssituasjonen for ansatte i pleie og omsorg som går i pleierelatert turnus gjør det naudsynt med betalte pausar også på dagtid. Dette vil vera ei styrking av tenesta og arbeidsmiljøet i ei hardt pressa eining. Den historiske styrkinga av pleie og omsorgstenesta i Etne kommune skal gje dei pleietrengande i kommune den høge kvaliteten på tenesta som dei har krav på og fortener. Det er ikkje politisk vilje frå andre enn Etne FrP til å løyva midler til dette, og i vårt alternative budsjett er det rom for naudsynte bevillingar.
Det er eit mål for budsjettet og den økonomiske planen at ein i perioden skal nå anbefalingane om 3% overskot og eventuelt ha handlingsrom, slik at den økonomiske situasjonen for Etne kommune skal vera sunn og livskraftig. Tiltaka i vedlegga er endringar (utheva) ut frå rådmannen si tilråding:
Budsjett med økonomisk plan 2009-2012 samanlikna med rådmannen si tilråding:
Budsjett for 2009 samanlikna med rådmannen si tilråding:
Økonomisk plan for 2010 samanlikna med rådmannen si tilråding:
Økonomisk plan for 2011 samanlikna med rådmannen si tilråding:
Økonomisk plan for 2012 samanlikna med rådmannen si tilråding:

