KULTURHUSET I ETNE, ANDRE OMGANG
Første omgang gjekk av stabelen under valkampen, og resulterte i at underteikna blei, mellom anna i debattar, møtt med overberande hovudristing frå dei andre politiske partia grunna «dommedagsprofetiane» eg kunne lira av meg for å teikna eit negativt bilete av kulturhuset. Eit kort resymé frå første omgang viser at det som skapte mest hovudristing var at prisoverslaget til folket i grilldress var på heile 90 millionar skinande blanke norske kroner. Litt dyrare ville det nok bli, men langt frå så dyrt! No er det offisielle prisoverslaget mellombels landa på, ja, 90 millionar kroner.
Sidan den gong har kulturhuset blitt døypt SKAKKE – senter for skule, idrett og kultur. Skakkesenteret er ikkje lenger berre eit kulturhus, ergo er det greitt at det kjem til å koste minst så mykje som underteikna varsla under valkampen. Ja, eg seier minst så mykje! Prisen har ei usikkerheitsmargin på heile 20%, og det er vel naivt å tru at marginen skal trekkja prisen særleg nedover, til tross for finanskrisa. Prisen er berre ein «skal-kostnad», alt Skakkesenteret skal fyllast med kjem i tillegg, og har sjølvsagt ein pris som må leggjast til totalkostnaden for bygget.
Noko som også førte til intenst nedlatande risting av hovuda i andre politiske parti, var påstandane frå underteikna om at kommunen ikkje kunne sjå seg råd til eit slikt praktbygg. Det var jo ikkje kommunen som skulle byggja kulturhus!! At eg prøvde å sjå innbyggjarane som kommunen sin heilskap, ville dei andre politikarane ikkje vera med på. Realiteten i dagens prosjekt er at Etne kommune, som kommune, skal stå inne for ein del av Skakkesenteret estimert til minst 17 millionar, i tillegg eingongsytingar i byggefasen på minst 5,5 millionar og forskuttering av tippemidlar. I tillegg er Etne kommune no også eigar i kulturhuset med ein relativt stor andel på over 11%. Etne kommune skal i tillegg årleg yta, minst 1,8 millionar i auka driftsutgifter. Skuledelen, som rektor ved Etne vidaregåande skule i kommunestyresalen nyleg ytra alt var for liten, er kostnadsberekna til nærare 30 millionar. Fylkeskommunen ser ikkje for seg å fullfinansiera denne delen av bygget, og kven skal då dekka inn nedbetaling av restlånet om den dagen kjem at dei legg ned den vidaregåande skulen? Personleg har eg heldigvis ikkje trong til slik gambling, og det meinar eg Etne-samfunnet ikkje burde ha heller.
Som alle kan sjå, vil Etne kommune vera ein betydeleg bidragsytar i dette prosjektet. Den økonomiske konsekvensen for Etne som samfunn, og då meiner eg for kvar einskild innbyggjar, kan verta stor i form av at ein anten vil måtta kutta i tenestetilbod som eldreomsorg og skule eller at det vert innført eigedomsskatt på alle hus og hytter i heile kommunen. Vindafjord kommune har i desse dagar varsla det dei kallar eit lågt anslag på 2000 kroner ekstra per husstand i eigedomsskatt, men det er nok berre starten. Eigedomsskatt er dessutan ein heilt annan debatt, men ekstraskatten som belastar fattig og rik med same beløp har svært stor relevans for kvar einskild innbyggjar når ein skal konsekvensutgreia økonomien i Skakkesenteret. Innføring av eigedomsskatt er, av einskilde kommunestyrepolitikarar i debattar, varsla som ein naturleg og velkommen konsekvens av at Skakkesenteret blir bygd. Kanskje me berre skal døypa det om til SKATTEsenteret, først som sist?
Eg veit om mange som ikkje har ynske om å betala ein årleg kontingent på fleire tusen kroner til drifta av kulturhusprosjektet, og er du også ein av dei, bør du seia ifrå høgt og tydeleg til dømes på tinghuset. Alle vil sikkert ha idrettshall, og det kan me også få i rikt monn for under halve prisen! Treng Etne kommune dette «fyrtårnet for kulturlivet på indre Haugalandet», eller treng Etnebygda ein fleirbrukshall?
Etne FrP kan ikkje sjå at forkjemparane for kulturhusprosjektet har styrka si sak det siste året, sjølv om «kultureliten» meiner at me ikkje kan klara oss utan. Me ynskjer derfor ei kommunal folkeavstemming i saka før endeleg bygging av Skakkesenteret blir sett i gong.
Roger Nilsen, gruppeleiar Etne FrP

