Kalender Sogn og Fjordane

20.01.07 11:43

Førdefjorden kan verte verna!

 

 

I 1989 vart ei rekke norske fjordar verna mot oppdrett av laksefisk. Regjeringa innførte den gongen dei ”midlertidige sikringssoner for laksefisk”, som i 2002 vart til ”Nasjonale Laksefjordar”. Konsekvensen av vernet vart at oppdrettsnæringa i dei områda som hadde oppdrett i 1989 ikkje fekk lov til å utvikle seg og i all hovudsak har dødd ut. I dei områda kor det ikkje vart drive oppdrett fekk ein heller ikkje lov til å starte opp. Bakgrunnen for ordninga med Nasjonale Laksefjordar og Laksevassdrag, var å ivareta villaksen.

 

Direktoratet for Naturforvaltning peika på at havbruk er ein trussel mot enkelte laksestammar på bakgrunn av to faktorar; rømming og spreiing av lakselus. Ein stadig lågare andel av fisken som vert produsert rømmer. Det er imidlertid grunn til å peike på at det ikkje er noko som tyder på at vern av fjordane fører til færre rømmingar, snarare tvert imot. Eit eksempel er stormen Narve, som herja langs Norskekysten i januar i år. Stormen medførte at meir enn 400.000 laks rømde frå sine anlegg, alle frå lokalitetar langs kysten, ingen inne i fjordane. Det har aldri funne stad større lakserømming frå Førdefjorden.

 

Når det gjeld lus er det viktig å peike på at lakselus er heilt naturleg. Det er likevel svært uheldig når konsentrasjonane av lakselus på utvandra smolt vert for stor. Det er imidlertid slik at lakselus er avhengig av høgt saltinnhald for å overleve. Saltinnhaldet i mange av dei verna og planlagde verna fjordane er så låg at lusa rett og slett dør, og det er praktisk talt ikkje lakselus i merdane. Førdefjorden er ein slik fjord, med svært lågt saltinnhald og dermed lite lus.

 

Norsk havbruksnæring er i vekst. Det vert produsert stadig meir fisk til stadig høgre lønnsemd. Samtidig er det ei næring som i sin natur er distriktsvennleg. Det går ikkje å sentralisere ei merd. Skal næringa kunne halde fram å vekse som ein lønnsam verdiskapar, må den ha plass å vekse på. Gode lokalitetar er den viktigaste faktoren for å sikre vidare vekst og lønnsemd. Mange av dei beste lokalitetane ligg inne i fjordane, verna mot ver og vind, og med høgt innhald av ferskvatn. Nesten 50.000 menneske har sin inntekt knytta til havbruket i Noreg. Kvar av desse står for eit bidrag til verdiskapning på 625.000 kroner. Havbruksnæringa kan verte ei av arvtakarane etter oljealderen, dersom vi gjev den mogelegheit til det.

 

Vern av Førdefjorden vil ikkje vere eit bidrag som gjev oppdrettsnæringa det vekstgrunnlaget den treng. Det kan dessverre tyde på at suksesskriteria for denne regjeringa sin miljøpolitikk er å verne flest mogeleg kvadratkilometer, uavhengig av kva lokalpolitikarane måtte meine.

 

FrP vil ikkje akseptere vern av Førdefjorden.

 

 

 

Åge Starheim                                   Tord Lien

Stortingsrepresentant FrP                      Stortingsrepresentant FrP