Kalender Hordaland

Oppdatert 19.06.11 00:38

 

 

 

Fører nokon velgarane bak lyset?

 

Partia SV,V, Sp,KrF og H reiste i kommunestyret i går  forslag om at skulestrukturen ikkje skal endrast.  Dei  gjekk såleis imot kommunestyret sitt budsjett ,som vart einstemmig vedtatt på Seim i Desember . Eit EINSTEMMIG kommunestyre var altså for full utbygging på Seim, oppgradering av Alversund, utbygging på Lindås, planlegging av Eikanger og utbygging av skule og storstove på Leiknes.

 

I folkemøter og  i media så lovar Partia SV,V, Sp,KrF og H ein ny kamp for små skulane, og vil behalda Feste, Kløve og Skodvin. Men er dette berre fest taler og valgflesk?

 

På møtet i går var det reviderte kommunebudsjettet oppe til behandling, og her hadde dei sjansen til å visa med konkrete forslag korleis dei ville løysa den økonomiske sida ved å behalda dagens skulestruktur.

 

FrP, Ap og Unni Sæbø har stemt for ein god skuleplan som vil gje ein god skule og ei likare fordeling av midlane i kommunen, og   SV,V, Sp,KrF og H kunne her ha vist korleis dei ville løyst utfordringane  utan å endra krinsane.

 

Men mindretalet på 15, viste faktisk ingen ting. Dei la ikkje frem alternativ budsjett og dei svarte heller ikkje på mine spørsmål om kva som ville skje dersom dei fikk flertall.

 

SV,V, Sp,KrF og H er Lite truverdig i skulesaka.

 

Kva om Partia SV,V, Sp,KrF og H  hadde vunnet fram i går? Ville dette bety at Seim skule blir skubba ut i tid? Ville ein måtte stoppa opp utbygginga på Lindås? Kva med arbeidet på Alversund skule? Og kva med dei nye skulane på Eikanger, i Knarvik og på Leiknes . INGEN av disse spørsmåla ble besvart fra dei 15 som heile tida kjemper for små skulane.  - Lite truverdig spør du meg.

 

For oss i FrP var dette ei vanskelig sak, men dersom vi skulle gjennomføra dei gode måla i skulebruksplanen, bygga skular der ansatte og barn skulle ha dei beste forutsetninger og beste bygg å læra i, og i tillegg sikra at skulen hadde god ressurstilgang var det ingen anna utveg.


Partia SV,V, Sp,KrF og H  meiner at vi gjorde feil vedtak, men kan ikkje ein gong visa til korleis dei vil løyse denne utfordringa, så meiner eg at deira kamp for småskulane er eit spel for galleriet.

 

Første gang saka var oppe, i møtet på Seim, viste dei i de minste eit oppsett på storskjem. Denne blei aldri protokollført, og var heller ikke god. Å kutte i vedlikeholdet på Alversund, skubbe Seim og Lindås ut i tid var ikkje haldbart i våre auge.

 

I og med at dei ikkje fremma dette på nytt i kommunestyret Torsdag, så syntes dei kanskje planen var dårlig sjølv ? Ikkje veit eg.

 

Det topper seg så når dei i går stemte for revidert budsjett. Det gjekk einstemmig igjennom, og viser utbygging av Seim i 2012, Lindås i 2011,planlegging på Eikanger, og utbyggjing av skule og storstove på Leiknes. Så kva tenker innbyggarane då ?

 

For  oss som har tatt ansvaret for moderniseringa og oppgraderinga av oppvekst sentrene i kommunene, og har sikret oppgraderingene på Alversund, Seim, Lindås barneskule, Eikanger og Leiknes, vi  ser vi gjorde riktig. Det er VI som satser
på trygge oppvekst vilkår for barna og gode arbeidsplasser for lærerene og ein meir rettferdig fordeling av skulemidlene i
kommunen. 

 

Bjarte Vatnøy

Lindås FrP