26.02.09 22:07



Vågsøy, Bremanger og Flora kommunar skal om kort tid handsame sak om "Kystvegen".

I den handsaminga vil det sannsynlegvis ligge framlegg om å bompengefinansiere deler av denne vegutbetringa/vegutbygginga.

Fylkesstyret vil i den samanheng vise til nyleg handsama handlings- og prinsipprogram på Landsstyres møtet sist helg, og det som gjeld FrP og bompenger.

Sjølv om desse programma skal til handsaming på Landsmøte i mai, så er det all grunn til å tru at fleirtalet sitt vedtak på landsstyremøte vert ståande. Skulle det verte eit anna fleirtal på Landsmøte vert det i tilfelle ei innskjerping av landsstyret sitt vedtak.

Fylkesstyret ber difor gruppeleiarane gå inn på handlings- og prinsipprogrammet og sjå kva som vart vedteke om bompengefinansiering.

Fylkesstyret vil også minne gruppeleiarane om at det i kvar respektiv kommunehandsaming vert gjort framlegg frå FrP om folkeavrøysting og at FrP-medlemmane røystar mot bompengefinansiering av "Kystvegen".

FrP bør i kvar enkel kommune gjere framlegg om statleg finansiering av "Kystvegen" dersom ein ikkje får fleirtal for folkeavrøysting.

Er det noko som er uklart ber fylkesstyret om at det vert teke kontakt med fylkesformannen for å oppklaring.

Skulle finansiering av "Kystvegen" kome til handsaming i andre kommunar enn nemnde kommunar ovanfor gjeld ovanståande også desse.