Kalender Sogn og Fjordane

03.02.10 10:09

Fjordstien i Sogndalsfjøra

 

”Me vil ha fortgang i Øyane-planen med friareal, badelagune, gangveg og bru over osen og vidare langs stranda til Hofslund”.

Dette er ordrett sitat frå Sogndal FrP sitt valprogram for perioden 2007 – 2011.

FrP vil arbeide politisk for å få realisert fjordstien frå Hagelin til Hofslund, med fullføring til Rusebakken som 1.prioritet. Det står og att ein stubbe gangveg ned langs elva ved Gildebygget, og eit par meter med sandstrand ved Rusebakken. Ein vil då ha samanhengande gangsti frå Rusebakken til Bondeviki.

Me i FrP ser det som viktigast no å fullføre det som er påbyrja/regulert. Når det er gjort, står etappen Rusebakken til grensa mot Hofslund for tur, når og om økonomien tillet det.

Frå Hofslund til Nestangen er det alt god gangveg på rett side av Riksvegen og dertil ein attgrodd  fjordsti frå Rones til under brua. Ein eventuell ny gangsti  i sjøen forbi Hofslund til Nestangen, med biltrafikken dundrande over hovudet, vil krevje enorme ressursar der kostnaden langt  vil overstiga nytteverdien.

Sogndal kommune har store utfordringar i åra som kjem, ikkje minst innan eldreomsorga. Eit heller skralt kommunalt vegnett har trong for meir midlar til drift, vedlikehald og fornying.  Og  kyrkjene våre har behov for meir pengar til m.a. brannvarsling og til ny kyrkje på Kaupanger.

Ikkje ein gong eigedomsskatten frå grendene er i nærleiken av å finansiere kostnad og drift for ein brøkdel av sjøvegen Hofslund – Nestangen.

FrP vil avslutta reguleringsplanen i grensa mot Hofslund Hotell og nytta økonomi- plan – og regulerings- ressursane  der behovet i kommunen er langt større.

 

Sogndal FrP,     02.02.2010

 

Kjetil Ertesvåg                                Idar Kollsete

Guppeleiar                                       leiar