24.10.07 22:41

– Ein stad må vi setje stopp. Vi kan ikkje berre pøse ut pengar på gode tiltak, sa Bjarne Holme då formannskapet drøfta stoda for helleristingsfeltet i Ausevika.

KNUT MAGNUSSEN, Firda.

Bjarne
Arbeidet med å gjere helleristingsfeltet i Ausevika i Flora meir publikumsvennleg, er berre halvferdig, men pengane er brukt opp. 1,1 millionar kroner er brukt på ramper som skal gje publikum tilgjenge til feltet, men desse er berre halvferdige. Truleg vil det gå med ein million til før rampene er ferdige.

– Ei lei sak, sa rådmann Fredrik W. Gulbranson. Formannskapet som , bortsett frå Frp-representanten, ville likevel gjere ferdig arbeidet, som no blir lyst ut på anbod.

– Ein stad må vi setje stopp, sa Holme, men vann ikkje fram. Arbeidet med publikumsrampene er eit første steg i arbeidet med å få reist eit bergkunstsenter på staden. Men arbeidet ser ut til å trekkje i langdrag. For den politiske og offisielle godviljen har så langt ikkje framskaffa dei pengane som trengst for å få reist eit Vestnorsk bergkunstsenter, til innpå 30 millionar. No vil kommunen prøve få feltet, med publikumsramper, opna innan turistsesongen startar.

– Vi må ha betre råd enn eg har fått inntrykk av, sa Holme syrleg etter møtet.

knut.magnussen@firda.no