Kalender Sogn og Fjordane

12.12.11 11:09

Framstegspartiet foreslår å utgreie innføring av kommunal kontantstøtte i Flora kommune frå hausten 2012. – Dette vil føre til både ei økonomisk innsparing for kommunen, men endå viktigare at vi får frigitt barnehagekapasitet og foreldra får behalde sin valfridom, seier Gruppeleiar i Flora FrP, Frank Willy Djuvik.

Fleire kommunar har allereie vedteke å innføre kommunal kontantstøtte for 2-åringar, når den statlege ordninga forsvinn neste år. Blant desse er Kristiansund, Askøy, Hå og Kristiansand. I Kristiansand har ein rekna med ei innsparing på heile 10,5 millionar med innføring av kontantstøtte melder fvn.no. Men den økonomiske innsparinga er underordna for Framstegspartiet seier Djuvik. – Dette handlar i første omgang om at foreldre er dei rette og best egna til å bestemme kva omsorgsform som er best for deira born. Og med å innføre kommunal kontantstøtte vil vi vidareføre og sikre denne valfridommen, seier han.

FrP meiner og at ein på kort sikt vil kunne frigjere ein del barnehageplassar i kommunen, slik at nokre av dei som i dag ikkje har lovfesta rett til plass, kan få det. Bystyret har allereie vedteke å auke kapasiteten, men det vil være på lengre sikt. – Mange av dei som flyttar hit utanfrå har ikkje eit nettverk i kommunen. Då er det viktig at vi legg til rette for at folk som flyttar hit med små ungar slepp å vente opp til eit heilt år før dei får barnehageplass, seier Djuvik.

I første omgang ynskjer Flora FrP at det vert laga ei eiga sak om kommunal kontantstøtte, der det vert vurdert økonomiske konsekvensar. Partiet ynskjer også at det vert vurdert om ein kan hauste betre effektar av å auke kontantstøtta til over dagens nivå både for 1-, 2- og 3-åringar.

Flora FrP foreslår følgjande til Bystyret:

Rådmannen utarbeider sak om innføring av kommunal kontantstøtte. I saka skal følgjande moment framkomme:

- Vurdering av potensiale for økonomiske innsparingar ved innføring av kommunal kontantstøtte.

- Vurdering av frigjering av barnehagekapasitet som resultat av kommunal kontantstøtte.

- Vurdering av kontantstøtte for 2-åringar basert på Statens kontantstøttesats.

- Vurdering av høgare kontantstøttesatsar enn Staten for 1-3 åringar.

Saka skal leggjast fram våren 2012, og skal ta høgde for ei eventuell innføring av kommunal kontantstøtte frå hausten 2012.

For meir info eller kommentar:

Frank Willy Djuvik
Gruppeleiar Flora FrP
Tlf 926 26 976
e-post: frank.willy.djuvik@gmail.com
blogg: www.frp.no/frank
facebook: www.facebook.com/fwdjuvik
Twitter: www.twitter.com/fwdjuvik
Mor og barn