Kalender Hordaland

19.04.09 20:24

 Forskotering av gang- og sykkelveg i Skånevik


Det er tilsynelatande ei årleg hending at gang- og sykkelvegen frå sentrum til kultur- og idrettshallen i Skånevik er tema i Grannar. Om det er nokon trøyst veit eg ikkje, men saka har kontinuerleg fokus i både formannskap og kommunestyre. Det er fleire politikarer som er opptekne av og ynskjer dette prosjektet realisert hurtig, men då må det nok skje gjennom forskotering. Prisen er høg, men så er det også eit prosjekt som er meir enn ein gang- og sykkelveg. Det er ny veg med betre trafikale løysingar både for mjuke og knallharde trafikantar. Sjølv om det kostar skjorta, er ei slik løysing naudsynt. Det kjem vel òg fram gjennom at saka dreg på 18. året no.


Men kvar skal kommunen finna pengar til forskoteringa? 600.000,- kroner årleg i fleire år vil gjera eit stort innhogg i ein marginal kommuneøkonomi, og må konkurrera med prosjekt som t.d. Skakkesenteret, gang- og sykkelveg mellom Etnesjøen og Håfoss og ei mykje tiltrengd renovering av Etne omsorgssenter. Den estimerte auken i driftskostnadene for Skakkesenteret aleine er budsjettert med 1.800.000,- årleg, og dette ser det ut for at fleirtalet av politikarane synest er heilt kurant. I kommunestyret nyleg vart det, etter ei omorganisering i skulen, frigjort om lag 1.000.000,- kroner årleg, som kunne vore brukt som inndekning av rentekostnadene ved ei forskotering. Fleirtalet i kommunestyret bestemte at skulen skulle få behalda desse pengane, noko som jo er ei nobel sak, sjølv om det er eit skrikande behov for midlar til andre viktige prosjekt.


Etne FrP fremja forslag om at det meste av ”millionen” frå omorganiseringa av skulen skulle disponerast om til frie midlar, slik at kommunen kunne finansiera m.a. forskotering av gang- og sykkelveg i Skånevik. Forslaga fekk berre FrP sine 3 røyster. Det er jo også ei kjent sak at Etne Frp ikkje ynskjer ei realisering av Skakkesenteret slik det ligg føre, då det er vårt syn at den ”2-millionen” det er budsjettert med kan brukast meir fornuftig.


Gudbjørg Christophersen har evig rett når ho seier at om det er vilje for å setja i verk forskoteringa, så finnest det også pengar. Etne FrP har fremja konkrete forslag til løysingar, men ingen av dei andre partia støttar desse – rett nok ei ærleg sak, og sikkert i tråd med veljarane deira sine prioriteringar. Etne FrP fryktar no at ei lettvint løysing for både raude og grøne politikarer blir innføring av eigedomsskatt for alle hus og hytter i kommunen, trass i at ein kan løysa mykje innanføre dagens budsjettrammer.


Roger Nilsen

gruppeleiar Etne FrP