Kalender Hordaland

30.07.07 21:31

FrP = egoisme satt i system?

 

I Strilen 9/6 har H. Sæthre eit lesarbrev om egoistane i FrP. Som FrPar er eg litt lei av å bli møtt med slike påstandar, utan at dei er grunngjeven med andre argument enn at det er ei opplest og vedtatt sanning frå dei som ikkje er einig i vår politikk. Saklighet, eller mangel på sådan, kan ofte diskuterast. Sjølv har eg vorte skulda for både eitt og hitt, utan at det nødvendigvis har rot i den verkelege verda. Slik eg vel å sjå på det, er at det er mangel på betre argument frå mine politiske motstandarar.

 

Om ein søkjer på internett kan ein finna denne definisjonen på egoisme:

 

”Egoistbegrepets korrekte definisjon er; å handle i eiga interesse. Dette inneber å vere eigennyttig; å ha nytte av sine eigne handlingar. Som menneskje er ein nødt til å vere egoistisk og ivareta eigne behov for i det heile tatt å kunne klare å overleve.”

Så får vi sjå då, om vi og vår politikk kan definerast som egoistisk:

 

- Om det er egoistisk å meine at det ikkje er rett at naboen skal betale for mine vegar, ja då er eg ein egoist.

- Om det er egoistisk å meine at innslaget for toppskatten bør hevast, slik at dei med lave og midlare inntekt får meir å rutte med, ja då er eg ein egoist.

- Om det er egoistisk å meine at dei eldre skal ha valfridom, ja då er eg ein egoist.

- Om det er egoistisk å meine at folk flest ikkje er dumme, men kan ta eigne val utan at politikarane skal tre ting nedover hovudet på dei, ja då er eg ein egoist.

- Om det er egoistisk å meine at det må satsast meir på primærtenestene skule, helse og eldreomsorg, ja då er eg ein egoist.

- Om det er egoistisk å meine at eigedomskatt er ei dobbel beskatning, ja då er eg ein egoist.

- Om det er egoistisk å meine at Norge er rikt nok til å la folk sleppe å stå i sjukehuskø, ja då er eg ein egoist.

- Om der er egoistisk å meine at samfunnet må vernast frå farlege kriminelle, ja då er eg ein egoist.

- Om det er egoistisk å meine at alle er unike, ikkje like, og at alle skal ha mogelegheit til å fungere i samfunnet ut i frå eigne forutsetningar, ja då er eg ein egoist.

 

Slik kunne eg fortsatt og ramse opp, men eg vonar eg har klart å få fram eit poeng...

 

Solidaritet og fellesskap kan ikkje målast ut i frå kor mykje staten og politikarar styrer folk flest si inntekt og kvardag. Alle må sjølvsagt bidra både med økonomiske og menneskelege ressurssar etter evne, men for å ta skatte- og avgiftspolitikken: Det hjelper ikkje at folk flest skal flåast fordi det er nokre få her i landet med enorme inntekter. Systemet slik det er i dag er at det er dei med lavare og midlare inntekt som betalar prosentvis mest i skattar og avgifter, dei med dei største inntektene slepp unna. Samstundes må vi vere varsame med å gjere systemet slik at det ikkje er interessant for folk å satse tid og pengar på å skape noko som kan gje store inntekter.  

Etter mine begrep er fellesskap at alle yter etter beste evne på ein rettferdig måte, og solidaritet er at vi tar vare på dei som av ulike årsakar treng det.

 

Min konklusjon på det heile vert som følgjer: Hvis den politikken eg står for er egoisme satt i system, ja då er eg ikkje reint lite stolt av å kunne kalle meg ein stor egoist!

 

Lena Bø Nilsen, Ordførarkandidat, Radøy FrP