FAKTABOKS:
Audun Hammerseth (49):
Bustad: Sjøvegen, Florø
Politiske verv: Tidlegare Politisk nestformann i Sogn & Fjordane Frp, nestformann i Flora Frp, medlem av bystyre dei siste 8 åra Hjertesak 1: Få orden på økonomien Hjertesak 2: Bli kvitt eigedomsskatten Hjertesak 3:
Visjon: Skaffe økonomisk handlefridom i løpet av neste periode.
Kampen om ordførarvervet er i gang. Kan du svare kort...
1. Kva slag ordførar får vi med deg? Open, Ærlig og forhåpentligvis samlende
2. Kva bør ordførarrolla innehalde? Være politisk leder for ALLE, ”selje” kommunen eksternt får å få mest mulig aktivitet i kommunen.
3. Kva type ordførar har vi i dag? Som person er Bente Frøyen Steindal er ei trivelig dame, men beklagelig vis i feil parti. Dei såkalte rødgrønne har styrt i for lang tid og vi trenger forandring. Derfor har eg lyst på jobben hennes.
4. Korleis stiller du deg til nabokommunane i nord si innføring av direkteval på ordførar? Dette er etter min mening helt opp til hvert enkelt kommunestyre og bestemme. I flora har vi bestemt og ikke ha direktevalg og det er eg for så vidt enig i er rett for Flora.
5. Kva blir kjerna for dei folkevalde sitt arbeid framover? Å nå nye mål (skape arbeidsplasser) eller tette skuta (og nøye seg med å skaffe statlege arbeidsplasser)? Kjerna for politisk aktivitet i årene som kommer er helt klart å få orden på utgiftene og få meir inntekter utan å belaste innbyggarane med fleire eller høgare avgifter.
Audun Hammerseth frå Framstegspartiet er først i tvil om kor han vil møte oss, men lander utafor Bykassa. – Eg såg at SV satsar på skule og Høgre på eldreomsorg, men vi kan jo ikkje handle før vi har noko å handle med, innleder han, og skriv hjartesaka si på papphjartet. - 70 prosent av det kommunale budsjettet er løn. Vi må gå inn i alle deler av kommunen og se kor og om det kan kuttes stillingar, og om eventuelt vi kan legge ned heile avdelinger. Det kan være billigere å kjøpe noen tjenester eksternt.
- Hoderulling i etatane?! - I til dømes teknisk tenester må vi sjå på effektiviteten. Fleire av dei har ikkje midler å jobbe med, dei er handlingslamma fordi mesteparten av budsjettet går til løn.
- Men er lediggang god butikk for kommunen?- Redusering av arbeidsstokken i kommunen kan skje no, no som den privatesektoren kan ta opp arbeidskraft.
- Vil private bedrifter ha dei da? - Ja, kommunen har dyktige folk, så det skulle ikke stå på det trur eg.
Hammerseth brukar retorikk som “frigjering” om å seie opp kommunalt tilsette. Er ikkje dette uvanleg hard kost å selje som valflesk? Og lar det seg gjere å seie opp folk for å spare pengar (kommunen sparer neppe på vegen gjennom rettsvesenet)?- Ja, vi må vere ærlige. Vi har gått med minus i mange år. Grendaskular har vore truga med nedlegging lenge, fordi vi politikarar ikkje har vore tøffe nok med prioriteringane våre. Og nei, dette er ikkje så dramatisk. Med ein så stor administrasjon må det vere mogleg å få til naturleg avgang for mange av dei som må frigjerast. Og dei har ikkje sterkare stillingsvern i kommunen enn andre.
Hammerseth skal spare. Men han freder skulane i utkantene og vil styrke skole, sjukeheim og omsorgstenester . Sistnemde kjenner han seg kanskje trygg på at staten vil gje friske midlar til i framtida. Men han går ikkje så langt som Høgre gjorde sist veke, i å sanke veljarar med regjeringa sitt valflesk (2000 sjukeheimsplassar før 2015). Han fortel om eit bystyre i forrige periode prega av kaotisk prosjektstyring, med noko skjerping i økonomistyringa mot slutten. Siste periode har dette vært mye betre. Han poengterar at han var imot storhallen og kunstgras. – Dei millionane hadde vore gode å ha til andre ting. Vi har ei lånegjeld som tar ca.80 millionar kroner berre i rente og avdrag. Når en da har lønnskost på 330 mill. vert det ikkje mykje att til tenesteproduksjon av ett budsjett på ca 500 mill.
- Om vi definerer ordet “kultur” litt romsleg, er ikkje det berre typisk Frp-omkved å seie nei til alt som heiter kultursatsing?- Nei, vi er ikkje imot å satse breidt på aktivitetar for born og unge, men vi er imot å satse på ein snever elite.
- Om Framstegspartiet får med seg fleirtal, kor mykje midlar kan “frigjerast”?
- For å kome opp av hengemyra treng vi omtrent 50 millionar kroner. Dei neste 2- 3 åra må vi kutte 30 millionar på drifta.
- Da må det meir til enn litt hoderulling i Teknisk, eller? Alle oppgavene som kommunen i dag driver med som ikkje er lovpålagde vil måtte sjekkes. Vi er av en oppfatning at hvorfor skal det nødvendigvis være kommunen som skal drive med disse oppgavene viss andre kan drive dette like godt men billigere? Vi tror ikke at kommunene er best på alt, men dei er selvsagt veldig god på noe og det skal dei fortsette med.
- Kvifor har ikkje ein plan som dette komen før? Vi har i budsjett samanheng foreslått dette gjentatte ganger utan å bli hørt fordi dei andre partia tør ikkje gjere upopulære prioriteringar. Dei gøymer seg bak eigedomskatten.
Eigedomskatten kjem overraskande opp av flosshatten. Framstegspartiet sin listetopp virker godt skolert i å nevne “folk flest”, “valfridom” og “fellesskap” så ofte som råa er. Men som Senterpartiet har dei lokalt gjort partipolitisk heilomvending i eit prinsippielt spørsmål om skatt. Framstegspartiet er alltid imot eiendomsskatt. Korleis kan Hammerseth ha “fjerning av eigedomskatt” som hjartesak, når han nettopp har vore med å breie ho ut forbi bygrensa? Før dette spørsmålet forklarer han utvidinga av eigedomskatten som rettferdig. Forklaringa er ikkje enkel å forstå, truleg verken for Firdaposten eller folk flest.
- Vi mente den gang at det var rettferdig at alle delte på en avgift istenden for at det bare skulle være noen som betalte. Vi har gått i mot all økning av eiendoms skatten. Derfor skulle inntekta til kommunen være den samme men fordelt på flere.
- Men er det rettferdig å skattlegge bygg i bygdene og samtidig snakke om korleis ein skal få folk til å busetje seg der?- Det kan du gjerne si men denne skatten er urettferdig uansett hvor den er innført og derfor vi vil ha vekk eigedomskatten.
- Men Framstegspartiet utvida den jo?!- Ja, det var eit feilgrep. Vi har fått veldig mye kjeft for det og skal være dei første til å beklager dette og skal love å fjerne den så snart vi kan for hele kommunen.

