![]() |
Gruppleiar i Flora FrP, Frank Willy Djuvik, seier at i staden for å fremje eit totalt budsjett med ein masse framlegg, så vel partiet i år å fremje nokre få, men viktige framlegg. - Slik den økonomiske situasjonen i kommunen er, så er det viktig at vi fokuserer på dei tinga som er viktigast, og det er å få orden på økonomien og opprettholde tenestenivået, seier han.
Djuvik meiner at kommunen må tåle ein real hestekur for å få tilbake det økonomiske handlingsrommet, og vil innføre ein mykje strengare tilsetjingsstopp enn det som har vorte praktisert tidlegare. Med unntak av innanfor skule, barnehage, helse og omsorg, vil Flora FrP at alle tilsetjingar i kommunen skal politisk handsamast. - Det er ikkje snakk om at politikarane skal foreta tilsetjingar, men politikarane må foreta ei vurdering av behovet i kvart enkelt tilfelle. Då vil vi unngå å måtte seie opp tilsette, samstundes som vi får ei økonomisk innsparing på dei som av naturlege årsaker sluttar, seier han.
Innanfor skule, barnehage, helse og omsorg vil ikkje FrP ha den same ordninga. - Innan desse sektorane må tilsette erstattast så fort som råd. Vi kan ikkje risikere sjukemeldingar på grunn av manglande bemanning innan omsorgsektoren, eller at elevar ikkje har lærarar i timane, seier Djuvik.
Flora FrP har også sent framlegga sine til posisjonspartia Høgre og Venstre, for å eventuelt lage eit fellesbudsjett. Dette er framlegga til Flora FrP:
1. Rådmannen utarbeider sak om konkurranseutsetting av kommunen sine reinhaldstenester. I saka skal følgjande moment framkomme:
- Plan for orientering og dialog med dei tilsette.
- Oppgåvebeskriving basert på kommunen sin bygningsmasse og dagens reinhaldsnivå.
- Vurdering av totalanbod på heile tenesta, eller inndeling i fleire kontraktar.
- Framlegg på kvalitetsnivå for reinhald basert på NS-Insta800.
- Framlegg på tilsynsmodell for utarbeiding og oppfølging av anbod, kontrakt og avtaleforhold basert på NS-Insta800
- Framlegg på overordna anbodskriterier.
Saka skal leggjast fram våren 2012, og skal ta høgde for oppstart av eventuelle kontraktar frå 01.01.2013.
2. Rådmannen utarbeider sak om innføring av kommunal kontantstøtte. I saka skal følgjande moment framkomme:
- Vurdering av potensiale for økonomiske innsparingar ved innføring av kommunal kontantstøtte.
- Vurdering av frigjering av barnehagekapasitet som resultat av kommunal kontantstøtte.
- Vurdering av kontantstøtte for 2-åringar basert på Statens kontantstøttesats.
- Vurdering av høgare kontantstøttesatsar enn Staten for 1-3 åringar.
Saka skal leggjast fram våren 2012, og skal ta høgde for ei eventuell innføring av kommunal kontantstøtte frå hausten 2012.
3. Rådmannen får i oppgåve å utarbeide ei årleg eigarmelding. Meldinga skal innehalde minimum følgjande:
- Overordna eigarskapsstrategiar som for eksempel: prinsipielle utfordringar, samfunnsansvar, etikk, retningslinjer for utøving av kommunalt eigarskap, kvalifikasjonar og habilitet.
- Omtale av kvart av selskapa, føretaka og stiftingane kommunen har eigarskap i, med ei vurdering av eigarskapen.
Eigarmeldinga skal politisk handsamast kvar haust, første gong hausten 2012.
4. For å sikre likebehandling av kommunale og private barnehagar, vert det gjeve fritak frå eigedomsskatt for alle private barnehagar i Flora kommune fom. 01.01.2012.
5. Det vert innførd tilsetjingsstopp i alle sektorar med unntak av Skule, Barnehage, Helse og Omsorg. Der det er naudsynt å erstatte ein tilsett som sluttar skal dette leggast fram med grunngjeving og godkjennast av formannskapet før tilsetjingsprosess vert starta.
For meir info eller kommentar:
Frank Willy Djuvik
Gruppeleiar Flora FrP
Tlf 926 26 976
e-post: frank.willy.djuvik@gmail.com
blogg: www.frp.no/frank
facebook: www.facebook.com/fwdjuvik
Twitter: www.twitter.com/fwdjuvik


