Allereie valnatta vart det klart at dei gamle "samarbeidspartnarane" AP, SP og SV, ikkje kom fram til ei felles løysing om konstitueringa i Førde. Det vart då drøfta ei løysing med dei borgarlege partia, og her kom ein fram til einighet.
Avtalen innebær at Nils Gjerland (SP) vert ordførar, og Eva M. Halvorsen (H) vert varaordførar. I tillegg seier avtalen at Framstegspartiet skal ha leiaren i den nye levekårskomiteen, som skal ha innstillingsrett i saker som vedkjem blant anna barnehagar, skular og helse og omsorg. I tillegg får Framstegspartiet styrevervet i Sunnfjord Energi, samt 1. vara til KRF i formannskapet og 2. vara til Venstre i formannskapet.
Dette er berre eit valteknisk samarbeid, men ein har vald å settje opp to saker som det er semje om, og det er at det skal utarbeidast ein trafikkplan for Førde sentrum, og at det skal utarbeidast ein klimaplan for kommunen.

