Saka om refusjon til Flora kommune, for kostnader til båtruter, er anka inn for Fylkesutvalet etter at Hovedutval for samferdsle(HS) vedtok at søknaden frå kommunen ikkje skulle etterkommast.
Det var mindretalet frå FrP, V og AP som fremja ein mindretalsanke, då fleirtalet, beståande av SP, KRF og H, stemde ned eit framlegg om at saka skulle sendast Fylkesutvalet (FU) for å handsamast i budsjettprosessen.
Flora kommune har søkt fylkeskommunen om refusjon på 5 millionar kroner årleg for perioden 2009-2011 fordi dei meiner at dei har tatt store kostnader i forbindelse med båtrutetilbodet i Florabassenget, som eigentleg skulle vore dekka av Fylkeskommunen.
Fylkesleiar i FrP og medlem i HS, Frank Willy Djuvik, vedgår at han ikkje har sett bruk av mindretalsanke i sine 5 år i utvalet, men at i denne saka var det grunnlag for det. - Mindretalet gjorde den erkjennelsen at Flora kommune har tatt ein stor økonomisk belastning for å tilby eit godt kollektivtilbod til øyane i Flora, men samstundes har ikkje Hovedutvalet dei nødvendige politiske og økonomiske fullmakter til å gje ein refusjon. Då er det mest ryddig at Fylkesutvalet handsamer saka, seier han.
Når framlegget, som forøvrig vart fremja av AP, vart nedstemt, fremja dei 4 representantane frå FrP, AP og Venstre ei mindretalsanke. Dette fører til at saka uansett vert sendt til Fylkesutvalet for handsaming. Og i Fylkesutvalet har desse tre partia fleirtal. - Vi ville ha saka til Fylkesutvalet, og det fekk vi, sjølv om det var på ein litt spesiell måte, avsluttar Djuvik.
For ytterlegare kommentar eller info:
- Fylkesleiar, Frank Willy Djuvik
- Tlf 458 14 156
- e-post: frank.willy.djuvik@gmail.com

