Kalender Hordaland

31.05.08 14:54


Sak: Økonomiplan 2008-2011

Innsparingsforslag ,Radøy FrP

 

- Vaktmester- teknisk drift:                      600 000,-

Reduksjon og effektivisering

- Sentraladministrasjon:                           400 000,-

Reduksjon og effektivisering

-Administrasjon Kultur                             300 000,-

Reduksjon. Det vil framleis vere att pengar til ein viss funksjon (150 000 kr) til oppfølging av frivillige lag og organisasjonar.

- Radøyhallen:

Auke billettpris(klippekort) 200,-                100 000,-   (frå 135 kr til 200 kr)

Auke i leigeinntekter, Hall                             50 000,-

-Gebyr, teknisk

20 % auke                                                     400 000,-

Auke på tekniske tenester som byggesøknader, meldingssaker og liknande. (Ikkje på vatn og kloakk).

-Musikk og Kulturskulen

25 % auke i eigenbetaling                             108 750,-

(Frå 1225,- til 1562,-)

 Reduksjon, drift                                             50 000,-

-Utmelding av Reiselivslaget                      100 000,-

-Reversering av tilbakeføring

av stillingar til Barnehage                          450 000,-

-Reduksjon tilskot til kyrkja                      350 000,-

-Bibliotek                                                     450 000,-

Reduksjon i biblioteksdrifta

-PL                                                                100 000,-

Auke i inntekter. PL sel i dag varer der prisane kan aukast ut til kunde.

-Næringsføremål , reduksjon                      200 000,-

- Fysioterapi                                                 300 000,-

Framleis kommunalt; institusjon og barnefysioterapi. Andre grupper kan kjøpast hjå private

Totalt                                                         3 958 750,-

 

Berekna eigedomsskatt 2008:  1 925 000,- .  2009: 8 515 000,-.  Differanse= 6 590 000,-

Udekka med FrP sitt forslag: 2 631 250,- .

Dette vert dekka inn med å redusere 8 101 000,- som er sett til overføring investering tilsvarande, altså endra overføringa til investeringsbudsjettet til 5 469 750,-. (Det betyr ikkje at vi låner til drift, men at vi aukar låneopptaket på investering)

På investeringsbudsjettet går Bygdeboka på 900 000,- ut, og resten vert dekka inn med å auka låneopptaket  på investering med 1 731 250,-.

 

Vedtak:

Radøy Kommune vedtek økonomiplanen med dei innsparingar som er vist over, og ein går vekk frå prinsippet om innføring av eigedomsskatt på hus og hytter.

Administrasjonen vert pålagt å arbeide vidare med tiltak for å effektivisere drifta og redusere utgiftene. Vidare skal det vurderast sal av aksjar og fast eigedom som kan omsettes til akseptabel verdi.

Administrasjonen vert pålagt å utrede kva områder som kan konkurranseutsettes og innhente prisar der dette kan gje betre effektivitet og reduksjon i utgiftene.