Å for å slå det fast med ein gong: Eg har full tillit til Siv Jensen, Geir Mo, og den øvrige partileiinga, og det vil ikkje gavne verken partiet eller saka om nokon av dei skulle gå av. Korvidt Framstegspartiet sine etiske rettningslinjer og rutinar er fulgd i handteringa, kan eg ikkje uttale meg om, all den tid eg ikkje har anna enn medieoppslag å forhalde meg til. Eg er likevel rimelig sikker på at ein gjennomgang i ettertid vil vise at vi kan gjere endringar i dette regelverket utifrå den erfaringa partiet har gjort seg i dene prosessen.
Eg ser at meir eller mindre pensjonerte politikarar får spalteplass i dei fleste aviser med krav om at partileiinga skal gå av. Denne måten å aggere på gavnar ingen andre enn deira eige behov for å komme på framsida av ei avis, etter gamalt. Kanskje burde dei retta kritikken litt mot seg sjølv også, dei har jo faktisk vore med å både velje partileiinga, og ikkje minst har dei vore med å bestemme kva regelverk partileiinga skal styre etter. Eg hugsar sjølv handsaminga av desse reglane, og vi diskuterte dei både i fylkeslaget og i landsstyret. Så kvifor var det ingen som kom med kritikken då?
Den vidare handsaminga av denne saka er ikkje avklara enno. Ein ting som er klart er at det vil være ein gjennomgang av handteringa, regelverk og rutinar når vi får den litt på avstand. Det har liten hensikt å starte gransking no når vi står midt oppi det, og dette vil berre forverre situasjonen. For slik saka står no, er det ingen andre enn politiet som har krav på informasjon, og vi må la leiinga konsentrere seg om det, og ikkje måtte forsvare seg mot tullingar med eit stort markeringsbehov. Ein kan jo stille spørsmål om dei sjølv er så sikker på om dei ville handtert saka annleis, og ikkje minst kvifor ein har så stort behov for å framføre denne kritikken i media, og ikkje internt?
Eg lurer litt på om dei som har eit så stort mediebehov at dei faktisk går ut å kritiserer sitt eige parti og sin eigen partileiiar, som skal lede dei gjennom valkampen, har reflektert over kor stor belastning det er for dei mange skadelidande i denne saka, at det vert gjentekne medieoppslag om den? Eg trur ikkje dei har veldig stor sympati med verken han som er førehandsdømt av alle utan rettsak, og aller minst for dei som føler seg overgrepe, som no må følgje ein offentleg skittentøysvask, leda fram av personar som ikkje eingong veit fakta, men baserer seg på medieoppslag og journalistar si vinkling av saka.
Framstegspartiet skal ta lærdom av denne saka, og alle skal verte høyrd i den interne prosessen som kjem. Men fram til då, så må vi nok nøye oss med å ha sympati med alle dei skadelidande, og sende varme tankar til dei som no må gjennoppleve vonde hendingar fordi våre eigne ikkje bryr seg om kven dei tråkkar på når dei luktar blod!

