Framstegspartiet i Hordaland går mot høgspentkabel i luftlinje mellom Mongstad og Kollsnes
Hordaland FrP, som er samla på Sandsli helga 9- 10 februar – 08, er negativ til BKK sin konsesjonssøknad til NVE om å leggje høgspent i luftlinje mellom Mongstad og Kollsnes. Kraftledningen vil gå gjennom fleire av kommunane i regionen og vil påføra store inngrep i naturen.
En kabel i luft vil føre til store og øydeleggjande inngrep i det opne landskapet, vil krysse fleire fugletrekk og bandleggje store landområde. I Noreg har staten ved fleire høve utreda mulige negative helseeffektar av ikkje-ioniserande stråling frå luftstrekk, utan at nye grenseverdiar er sett, eller seriøs forskning er sett i gang. Det herskar ein ”vent og sjå”-haldning som Hordaland FrP ikkje kan stille seg bak.
Hordaland FrP krev derfor at Olje- og energiminister Åslaug Haga no kjem på bana og slår fast at også samfunnsøkonomiske kostnader må med i berekninga når høgspentkablar skal planleggjast og vedtakast.
Olje- og gassektoren vil i framtida ha behov for store mengder elkraft. Hordaland FrP meiner at det er Staten og Oljeselskapa i fellesskap som er dei næraste til å bære dei kostnadene dette medfører.

