FYLKESTINGSPROGRAM
VALPERIODEN 2003-2007
SOGN OG FJORDANE FRAMSTEGSPARTI
Sogn og Fjordane Framstegsparti går til Fylkestingsvalet 2003 med dei hovudprinsippa som er vedtekne i det nasjonale Prinsipp- og handlingsprogrammet vårt for 2001-2003.
Det ideologiske grunnlaget vårt :
Framstegspartiet er eit liberalistisk parti. Det bygger på Noregs grunnlov, norsk og vestleg tradisjon og kulturarv med basis i det kristne livssynet.
Framstegspartiet sitt hovudmål er sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlige inngrep.
FYLKESKOMMUNEN SOM FORVALTNINGSNIVÅ
Fylkeskommunen er eit unødvendig forvaltningsnivå som må fjernast .
Vi ser dessverre at dette nivået stadig blir større og kostar oss som innbyggarar stadig meir pengar. Siste utvikling på denne spiralen er etablering av Vestlandsrådet, som etter vår meining er starten på det fjerde forvaltningsnivået i landet. Dette vil utvikle eit stadig større byråkrati som vi ikkje ønskjer.
FYLKESKOMMUNEN SOM BEDRIFTSEIGAR
Fylkeskommunen sit i dag med store eigarandelar i Fjord1 og SFE. Til saman representerer desse selskapa store verdiar. Den avkastninga som desse selskapa gir, er ikkje på nokon måte i tråd med verdiane. Framstegspartiet meiner derfor at andelane i desse selskapa bør seljast og gevinsten bør investerast, i hovudsak i skole og i fylkesvegsektoren.
OPPLÆRING
Vidaregåande opplæring er i dag den største oppgåva for fylkeskommunen. Ein har i dag eit godt, desentralisert tilbod som Framstegspartiet meiner ein bør vidareføre. Likevel er det viktig at elevane får full fridom til å velja kva for skole dei vil gå på.
Framstegspartiet ønskjer ein vidaregåande skole som er fristilt frå politisk styring, og der politisk nivå er tingar av tenester frå den enkelte skole. Skolane organiserer og utfører desse tenestene utan politisk innblanding.
Dei vidaregåande skolane i fylket er bygningsmessig av til dels dårleg standard, og med få unntak ikkje slik våre framtidige elever forventar. Framstegspartiet vil bruke pengar frå sal av Fjord1 og SFE til å ruste opp dei vidaregåande skolane.
Framstegspartiet vil også effektivisere den vidaregåande skolen i fylket ved å ha ein felles rektor i kvar region (Sogn, Sunnfjord og Nordfjord). Dette vil gje skolane større høve til samarbeid, og frigjere kostnader frå administrasjon til undervisning. Framstegspartiet vil presisere at dette ikkje betyr at vi ønskjer å redusere talet på undervisningsstader.
- Fritt skoleval i den vidaregåande skolen
- Elever som ønskjer å ta vidaregåande utdanning utanfor fylket, må få høve til dette.
- Ruste opp eksisterande skolebygg
- Innføre skoleevaluering i Sogn og Fjordane.
- Sikre tidsmessig undervisning for landbruksfag.
- Innføre entreprenørskap som fag i den vidaregåande skolen.
FYLKESKOMMUNEN SOM REGIONAL UTVIKLER
Fylkeskommunen si viktigaste oppgåve her er å legga til rette for at dei som vil bu her, får realisere planane sine der den enkelte finn det mest formålstenleg. Dei fylkeskommunale planane må ikkje bli til hinder, men til hjelp for dei som vil etablere seg.
- Sogn og Fjordane må bli "ei frihamn i Noreg". Ein kvar person må ha høve til størst muleg fridom når det gjelder etablering av bustad og næringsverksemd. Fylkesplanar og anna regelverk må tilpassast enkeltmennesket sine behov. JA- stemplet må innførast som offentleg verktøy i fylket.
- Sogn og Fjordane må bli "entreprenørskapsfylket" nr 1 i Noreg.
Dette betyr at ein må gi våre unge høve til å etablere elevbedrifter i den tida dei er elvar i den vidaregåande skolen. Dette for at dei skal kunne lære, og ikkje minst få lyst til å skape eigne verksemder i Sogn og Fjordane.
Samferdsel
Betre kommunikasjon er det viktigaste offentlege styresmakter kan bidra med for å betra rammevilkåra for næringslivet i Sogn og Fjordane. Dette vil effektivisere transporten av ferdigvarer og råvarer. Styresmaktene har midlane og ressursane til ei framtidsretta investering i bygging, utbetring og rassikring av vegnettet. Sogn og Fjordane FrP meiner det er heilt avgjerande at sentrale styresmakter viser vilje til å nytte offentlege midlar til å utbetre vegnettet i fylket, og å syte for at ferjestrekningane blir gratis. Bomvegsstrekningar må innløysast.
Investere no - hauste seinare, må være parolen.
Skal vi i framtida makte å skape økt verdiskaping i fylket vårt, må politikarane forstå kva dette verkeleg dreier seg om. Minst 10 milliardar ekstra til samferdselsformål i Noreg pr. år i 10 år, må etter vårt syn til for å oppnå eit tilfredsstellande resultat. Ei slik satsing vil etter Sogn og Fjordane FrP sitt syn være den best mogelege utnytting av landet sine oljepengar, og verkeleg bety noko for kommande slektsledd. Etter Sogn og Fjordane FrP sin meining er dette slett ikkje noko urettsmessig krav. Staten tek inn ca. 40 milliardar kvart år i særavgifter på samferdsla, men nyttar berre om lag 10 milliardar til vegføremål .
Flytilbodet er også viktig for Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane FrP vil arbeide for at vi får et flytilbod i fylket som er formålstenleg både for privatpersonar og for næringslivet. Flyplassane i Sogn og Fjordane må få nødvendig instrumentering slik at regulariteten kan bli betre. Behova er serleg store på Sogndal lufthamn.
For Sogn og Fjordane vil manglande utbygging av infrastruktur og manglande tilrettelegging av rammevilkår føre til store tap av konkurransekraft. Dette er etter vårt syn ei utvikling som må snuast straks. Ei offentlig storsatsing på samferdslesektoren etter Sogn og Fjordane FrP sin mal, vil kunne sette næringslivet i vårt fylke i stand til framleis å oppretthalde sitt bidrag til distriktsarbeidsplassar, og til den samla verdiskapinga i landet.
NÆRING OG UTVIKLING
Skal fylket vårt halda oppe busettinga, må det skapast arbeidsplassar. For å makta dette, må ikkje næringslivet her i fylket ha dårlegare konkurransevilkår enn andre delar av landet. Avgifter og andre hindringar må vi prøve å endre eller fjerne slik at vi kan oppnå dette.
I staden for subsidier, må ein få betre rammevilkår for næringslivet. Fiskeri, havbruk og landbruksnæringen er under store strukturelle endringar. I vårt fylke har primærnæringane generelt og landbruksnæringa spesielt blitt tillagt altfor stor betydning for vekst og sysselsetting. Haldinga har vore at får ein rikelig med subsidier og satsing på småskala landbruk, vil vårt fylke klare seg.
Sogn og Fjordane har eit stort potensial for utvikling av eksisterande og nye næringar. Dersom dette skal bli muleg, må både dei økonomiske og andre konkurransehemmande forhold endrast. Verneplanar som bandlegg store deler av fylket, må fjernast eller endrast. Enkeltmennesket må få større høve til å utnytte eigedommane sine. Bedrifter og investorar må få høve til å utvikle eksisterande og nye verksemder. Vernevedtak som hindrar utbygging av vasskraft må endrast, slik at det blir betre samsvar mellom tilbod og etterspørsel på straummarknaden.
Fiske/Oppdrett
Fiske er ei viktig næring for Sogn og Fjordane, både økonomisk og for å oppretthalde busetting på kysten.
Sogn og Fjordane Framstegsparti vil arbeide for at vi får endra fiskeripolitikken slik at noverande konsesjonar blir fjerna. Deltakarane må få lov til å konkurrere fritt om dei nasjonale kvotane. Dette vil sikre at fiskeflåten vår vil bli verande på lokale hender og dermed også være med å sikre lokal sysselsetting og rekruttering.
Oppdrett er peika ut som ei av dei største framtidsnæringane også i Sogn og Fjordane. Dei verneplanane som eit fleirtal i Stortinget gjennomfører, er til stor hindring for ei naturleg utvikling av denne næringa her i fylket. Framstegspartiet vil arbeide for at desse planane blir fjerna.
Landbruk
Landbruk har vore, og vil være, ei viktig næring for Sogn og Fjordane. Endringar i både nasjonal- og internasjonal lovgjeving vil endre vilkåra for denne næringa. Omlegging til større og meir effektive bruk vil fortsette.
Næringa må derfor få lagt forholda til rette for omstilling til nisjeproduksjon og anna næring i tilknyting til den tradisjonelle gardsdrifta. FrP i Sogn og Fjordane vil i denne prosessen likevel søke løysingar som kan halde i hevd delar av kulturlandskapet. Noko som er viktig både for turistnæringa, og for trivselen til dei fastbuande. Naturen vår er ein av dei viktigaste grunnane til den store turiststraumen til Sogn og Fjordane. FrP i Sogn og Fjordane ser på dette området at vi har felles interesse med desse næringane.
Sogn og Fjordane Framstegsparti vil:
- Ha eit landbruk som kan tilby kvalitetsvarer til konkurransedyktige priser.
- Fremme forslag som sikrar landbruket fridom til å utnytte jord, arbeidskraft, idear og kapital til gagn for næringa og forbrukarane.
Reiseliv
Reiselivsbransjen er ei stor næring som kan gje enorme inntekter i Sogn og Fjordane også i framtida. Vår dramatiske natur, med fjell og fjordar, er ein salsvare som ikkje er godt nok utnytta. Framstegspartiet vil arbeide for at Sogn og Fjordane fylke blir marknadsført som merkevare på den nasjonale og internasjonale turistmarknaden.
Framstegspartiet vil arbeide aktivt for at det vernehysteriet som vi opplever i dag ikkje må få ta overhand slik at næringa ikkje kan utnytte dei store naturopplevingane.
ENERGI
Sogn og Fjordane har store, unytta vasskraftresursar. I dag er det underskot på straum, og dette tilseier at fleire av dei verna vassdraga våre bør kunne byggast ut. I tillegg bør dei som har høve til å bygga minikraftverk få løyve til dette.
Dersom det blir aktuelt å føre i land gass i vårt fylke, bør ein også sjå om det er muleg å få bygt gasskraftverk.
KULTUR
Framstegspartiet meiner at det er viktig å ta vare på vår felles kulturarv. Det offentlige har ei klar oppgåve i å ta vare på den for framtidige generasjonar.
Framstegspartiet si grunnholdning er at kulturen skal være fri og uavhengig av politisk styring. Den må være basert på frivillig og personlig engasjement.
Framstegspartiet vil prioritere nødvendig økonomisk støtte til arbeid blant barn, unge og handikappa.
Utvikling av kulturbaserte næringar/arrangement.
Sogn og Fjordane har stor aktivitet og mange mulegheiter innanfor denne nisjen. Aktørane er ofte små, og har derfor lite høve til å marknadsføre desse aktivitetane på landsbasis. Framstegspartiet vil bruke deler av fylkesplanfondet til å hjelpe med marknadsføring av desse aktivitetane. Ein vil her kunne bruke både internettbaserte tenester og annonsere i media.
PLEIE OG OMSORG.
Framstegspartiet har i mange år slåss for dei eldre og pleietrengande sine rettar. Vi har foreslått ei rettigheitslov og statleg finansiering av pleie og sosiale tenester . Vi meiner at dei som treng pleie, omsorg og sosiale tenester, må få den hjelpa dei treng uavhengig av kvar dei bur. Det må lovfestast minstestandardar, og staten har finansieringsansvaret for slike øyremerka midlar. (Stykkpris)
Oppretting av fylkeskommunalt eldreombod.
Her i vårt fylke har Framstegspartiet fremma forslag om oppretting av eit slikt ombod, der pleietrengande og pårørande kunne komme med klagene sine og også få klarlagt rettane sine. Bakgrunnen for forslaget vårt er at vi av erfaring veit at mange rundt på institusjonane og i den opne omsorga ikkje får den pleie og omsorg dei har krav på og fortener. Ein veit og at mange ikkje vil klage fordi dei er redde for reaksjonar i systemet.
Sjukehusa våre.
Sogn og Fjordane Framstegsparti, i samarbeid med partiet si stortingsgruppe, har verkeleg stått på i kampen for å behalde den noverande sjukehusstrukturen i vårt fylke. Denne kampen vil vi fortsette, og det er ei felles forståing mellom oss og våre sentrale politikarar om at vårt fylke, med sine geografiske og klimatiske forhold, har behov for ein desentralisert akuttberedskap. Det same gjeld for fødeavdelingar, der vi vil arbeide for dagens struktur.
Sogn og Fjordane Framstegsparti er ikkje fornøgd med den måten Helseføretaka generelt og Helse Førde spesielt, forvaltar resursane sine på. Ein registrerer at Helse Førde ikkje har skaffa seg rutinar for å få nødvendig økonomisk styring på drifta si. Vidare ser ein behov for å sjå nærare på den organisatoriske strukturen som vi meiner er altfor stor. FrP vil være ein pådrivar for at Helseministeren ser på dei økonomiske rutinane og den organisatoriske strukturen til helseføretaka.

