Kalender Sogn og Fjordane

04.06.07 16:44

FYLKESTINGSPROGRAM PERIODEN 2007-2011

 

 

Sogn og Fjordane Framstegsparti følgjer til ein kvar tid dei hovudprinsippa som er vedtekne i Framstegspartiet sitt Prinsipp- og handlingsprogram og lokalpolitisk prinsipprogram.

 

Framstegspartiet sitt ideologiske grunnlag.

Framstegspartiet er eit liberalistisk parti. Det bygger på Noregs grunnlov, norsk og vestleg tradisjon og kulturarv med basis i det kristne livssynet.

Framstegspartiet sitt hovudmål er sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlige inngrep.

Liberalismen vert å tolke som den ideologiske grunnmur partiets standpunkt og politiske løysingar byggjer vidare på eller hentar inspirasjon frå. Individet er drivkrafta i samfunnet, og bør difor få størst mogeleg fridom til å leve ut sine eigne liv.

Forskjellsbehandling av menneske basert på kriteria som rase, kjønn, religion, legning eller etnisk opphav er grunnleggjande galt. Rasisme - anten den er positivt eller negativt fundert - er difor ikkje i samsvar med Framstegspartiet sin politikk eller den liberalistiske ideologiske arven partiet forvaltar.

 

Fylkeskommunen er eit unødvendig forvaltningsnivå som må fjernes.

Regional forvaltning

Framstegspartiet ynskjer primært to forvaltningsnivå, kommune og stat. Samstundes må dette sjåast i samanheng med utbredt bruk av konkurranseutsetjing av tenester og fritt brukarval, slik at det til sjuande og sist er innbyggjarane, og ikkje politikarane som tek avgjerslene.

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil påpeike at ved ei fjerning av fylkeskommunane skal kommunane overta mesteparten av dei ansvarsområda fylkeskommunen i dag har.

-           Sogn og Fjordane Framstegsparti er motstandar av regionreforma.

-           Sogn og Fjordane FrP ynskjer å fjerne dagens fylkeskommune.

-           Framstegspartiet vil erstatte fylkesmannsembetet med ein forvaltningsdomstol.

-           FrP vil styrke det lokale sjølvstyre ved å overføre meir ansvar til kommunane

 

Framstegspartiet vil presisere  at så lenge her er eit politisk fleirtal i Noreg som vil oppretthalde dette regionale nivået, så vel vi å delta i styringa på dette nivået for å mogeleg sikre best mulig forvaltning av folks skattepengar og ikkje minst at dette nivået vert drive mest mogeleg effektivt

 

Fylkeskommunen som bedriftseigar

Sogn og Fjordane Framstegsparti er imot Fylkeskommunalt eigarskap i kommersielle selskap og vil åtvare sterkt mot at politikarar og byråkratar trur at dei er investorar. Historia har vist at det private næringsliv er ein mykje betre bedriftseigar - både for bedrifter og dei tilsette - enn det offentlege er.

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil selje alle fylkeskommunalt eigde aksjar og bruke verdiane på nedbetaling av lånegjeld på eksisterande bygningsmasse i fylket, og nye fylkesvegprosjekt.

 

Opplæring

Vidaregåande opplæring er i dag den største oppgåva for fylkeskommunen. Ein har i dag eit godt, desentralisert tilbod som Framstegspartiet meiner ein bør vidareføre, dersom brukarane ynskjer dette. Likevel er det viktig at elevane får full fridom til å velja kva for skule dei vil gå på.

Sogn og Fjordane Framstegsparti meiner at utdanning er eit gode både for det einskilde menneske og for samfunnet. Sogn og Fjordane Framstegsparti meiner difor at det offentlege skal ha ansvaret for finansiering og tilrettelegging av utdanning og opplæring.

Sogn og Fjordane Framstegsparti meiner at alle skulane bør gjerast om til sjølveigande, sjølvstyrte institusjonar som står fritt til å utvikle eit pedagogisk og fagleg særpreg, og profilere seg med eigne fordjupingsfag. Finansieringa av skuleplassane skal skje gjennom ein betaling per elev, stykkprisfinansiering, der den enkelte elev og foreldra sjølve bestemmer kva for ein skule dei vil nytte

Framstegspartiet ønskjer ein vidaregåande skule som er fristilt frå politisk styring, og der politisk nivå er tingar av tenester frå den enkelte skule. Skulane organiserer og utfører desse tenestene utan politisk innblanding.

Framstegspartiet vil ha:

-          Fritt skuleval i den vidaregåande skulen

-           At elevar som ynskjer å ta vidaregåande utdanning utanfor fylket må få høve til det.

-          Skulebygg tilpassa krava til opplæring

-          Gratis skulemateriell inkl. PC.

-          Innføre skuleevaluering i Sogn og Fjordane

-          Sikre tidsmessig undervisning i landbruksfag.

-           

Fylkeskommunen som regional utviklar

Eit sterkt næringsliv er ein grunnleggjande føresetnader for lokal og regional vekst og utvikling. Eit internasjonalt orientert, kunnskapsbasert næringsliv stiller store krav til offentleg innsats for å møte verksemdene sine omstillings- og innovasjonsbehov. Konkurransedyktige og nyskapande næringar finnast over store delar av landet og innanfor ei rekkje bransjar.

Sogn og Fjordane Framstegsparti arbeider for marknadsøkonomi der den enkelte fritt kan operere innanfor generelle rammer trekt opp av myndigheitene. Det marknadsøkonomiske system er framfor alt eit forbrukardemokrati der den enkelte gjennom sine innkjøp gjer signal til produsentar og forhandlarar om kva slags varer og tenester dei ynskjer å konsumere. Dermed sikrast at forbrukarane styrer tilbodet.

Når det gjeld allereie eksisterande tilskotsordningar bør desse i størst mogeleg grad gå direkte til verksemdene ut frå objektive kriteria som då ikkje vil virke konkurransevridande, og ein unngår derfor fordyrande byråkrati.

 

Samferdsle

Sogn og Fjordane Framstegsparti meiner at ei auka satsing på samferdsle er det beste verkemiddelet for å leggje til rette for oppretthalding av busetnad samt auka næringsverksemd i Sogn og Fjordane. Framstegspartiet vil jobbe for ei kraftig auke av midlane til samferdsle i Sogn og Fjordane, både gjennom FrP si stortingsgruppe og dei fylkeskommunale budsjetta.

 

FINANSIERING

I eit rikt land som Noreg skal det ikkje være nødvendig at innbyggjarane skal betale vegnettet to gonger. Først gjennom skattar og avgifter, deretter gjennom bompengar. Sogn og Fjordane vil arbeide for å fjerne eksisterande bomstasjonar i fylket, og vil stemme imot etablering av nye. Vi ynskjer at vegane skal full finansierast av Staten.

 

FYLKESVEGAR

Sogn og Fjordane Framstegsparti har merka seg at eit fleirtal på fylkestinget ikkje har vært sitt ansvar bevisst når det gjeld fylkesvegar. Vi har eit etterslep på vedlikehaldet som nærmar seg 1 milliard kroner samtidig som det og vert satsa lite på nye fylkesvegprosjekt. Denne utviklinga har ført til at fylkesvegnettet er langt ifrå å ha den standarden næringsliv og befolkning i Sogn og Fjordane har krav på. Ei minka satsing på nye prosjekt har ført til at viktige rassikringsprosjekt i fylket ikkje vert gjennomført.

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil freiste å snu denne utviklinga, og vil kraftig auke midlane til fylkesvegvedlikehald, slik at etterslepet minkar i staden for å auke slik som i dag. Samtidig vil Framstegspartiet at nye fylkesvegprosjekt i hovudsak skal være trafikktryggingsprosjekt som td. rassikring.

 

 

 

RIKSVEGAR

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil arbeide for å auke rammene i nasjonal transportplan slik at vi kan få eit tilfredsstillande vegnett i Sogn og Fjordane. Av store prosjekt som Framstegspartiet vil prioritere er heilårsveg over Vikafjellet med arm til Framfjord, utbetring av Olden-Innvik, utbetring av Hyen-Grov og ein Kystveg for å knytte kystkommunane saman. Vi er og positive til bygging av Dalsfjordbrua, men vil ikkje la denne gå på bekostning av andre prioriterte riksvegprosjekt i fylket.

 

RASSIKRING

Sogn og Fjordane FrP meiner det må være eit krav for innbyggjarane i Sogn og Fjordane å kunne ferdast trygt frå heimen til arbeid, skule, barnehage etc. Og vi vil arbeide for å sterkt auke løyvingane til rassikring i fylket.

 

KOLLEKTIVTRANSPORT

Sogn og Fjordane Framstegsparti meiner at fylkeskommunen sine kutt på dei fylkeskommunale rutekjøpa er feilslått politikk. Det vert feil å spare pengar på å redusere kollektivtilbodet til utkantane i fylket. Samtidig brukar fylkeskommunen over ti millionar årleg på eit ungdomskort som vert mindre og mindre verdt når ruter vert lagt ned.

For Framstegspartiet er det eit prinsipp at skuleskyss skal være gratis, og med skuleskyss meiner vi og elevar som bur på hybel og skal reise heim i helgane. Sogn og Fjordane Framstegsparti vil og innføre fleksibel skuleskyss slik at elevar kan reise frå skulen når det måtte passe best.

Framstegspartiet meiner at Heim for ein 50-lapp har fungert veldig godt som eit trafikksikkringstiltak, men ynskjer å stramme inn ordninga slik at det berre gjeld for personar under 30 år.

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil arbeide for at innsparingane i kollektivtransporten ikkje skal gå ut over tilbodet til innbyggjarane, og vil heller freiste å leggje rutekjøpa ut på anbod for å kartleggje det verkelege innsparingspotensialet. Sogn og Fjordane Framstegsparti vil ikkje investere i nye snøggbåtar så lenge det finns ny teknologi i nær framtid som vil gje båtar som er både billegare i drift, raskare og meir miljøvennlege.

 

LUFTFART

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil primært oppretthalde dagens flyplasstruktur i fylket. Dei seinare åra har det blitt meir og meir skjerpa tryggleikskrav til flyplassane og dette fører til store utfordringar for strukturen i Sogn og Fjordane. For Sogn og Fjordane Framstegsparti vil det heile tida være tryggleiken til passasjerane som er det viktigaste, sjølv på bekostning av strukturen. Det er også viktig for Framstegspartiet å ha gode tilførselsruter til flyplassane, sidan dette er den beste måten å auke bruken av fly i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil innan samferdsle:

- satse på vedlikehald av fylkesvegnettet.

- ha ei kraftig auke på samferdsle i Sogn og Fjordane.

- prioritere trafikktryggleik i nye prosjekt.

- fjerne ungdomskortet.

- setje det fylkeskommunale rutekjøpet ut på anbod.

- investere i ny og miljøvenleg teknologi på snøggbåtar.

- oppretthalde dagens flyplasstruktur.

 

NÆRING OG UTVIKLING

Skal fylket vårt snu dagens negative trend med folketalsnedgang, må det skapas arbeidsplassar. For å makta dette, må ikkje næringslivet her i fylket ha dårlegare konkurransevilkår enn andre delar av landet. Avgifter og andre hindringar må vi prøve å endre eller fjerne slik at vi kan oppnå dette.

I staden for subsidier, må ein få betre rammevilkår for næringslivet. Fiskeri, havbruk og landbruksnæringen er under store strukturelle endringar. Vår målsetting vil være at disse næringane skal ha same rammevilkår som vår konkurrentar internasjonalt.

Spesielt viktig er det av ein får utvikle ”sentrumsfunksjonar” her i fylket, slik at ein har høve til å byggje opp større kompetansemiljø innanfor fleire næringar. Det er også viktig at ein får lagt opp til ein infrastruktur slik at ein kan få størst mogelege felles arbeids og buområde i fylke. Førde/Florø-aksen er eit døme på ei positiv utvikling for fylket.

Sogn og Fjordane har eit stort potensial for utvikling av eksisterande og nye næringar. Dersom dette skal bli muleg, må både dei økonomiske og  andre konkurransehemmande forhold endrast. Verneplanar som bandlegg store deler av fylket, må fjernast eller endrast. Enkeltmennesket må få større høve til å   utnytte   eigedommane sine. Bedrifter og investorar må få høve til å utvikle eksisterande og   nye   verksemder. Vernevedtak som hindrar utbygging av vasskraft må endrast, slik at det blir betre samsvar mellom tilbod og etterspørsel på straummarknaden.

 

  Fiske/Oppdrett

Fiske er ei viktig næring for Sogn og Fjordane, både økonomisk og for å vidare-utvikle busetting på kysten.

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil arbeide for at vi får endra   fiskeripolitikken slik at noverande konsesjonar blir fjerna. Deltakarane må få lov til å konkurrere fritt om dei nasjonale kvotane. Dette vil sikre at  fiskeflåten vår vil bli verande på lokale hender og dermed også være med å sikre lokal sysselsetting og rekruttering.

Oppdrett er peika ut som ei av dei største framtidsnæringane også i Sogn og Fjordane. Dei verneplanane som eit fleirtal i Stortinget gjennomfører, er til stor hindring for ei naturleg utvikling av denne næringa her i fylket. Framstegspartiet vil arbeide for at desse planane blir fjerna.

 

  Landbruk

Landbruk har vore, og vil være, ei viktig næring for Sogn og Fjordane. Endringar i både nasjonal- og internasjonal lovgjeving vil endre vilkåra for denne næringa. Omlegging til større og meir effektive bruk/fellesbruk vil bli  nødvendig også her i fylket

Næringa må derfor få lagt forholda til rette for omstilling til nisjeproduksjon og anna næring i tilknyting til den tradisjonelle gardsdrifta. Framstegspartiet i  Sogn og Fjordane vil i denne prosessen likevel søke  løysingar som kan halde i hevd delar av   kulturlandskapet. Noko som er viktig både for turistnæringa, og for trivselen til dei fastbuande. Naturen vår er ein av dei viktigaste grunnane til den store turiststraumen til Sogn og Fjordane. Framstegspartiet i Sogn og Fjordane ser på dette området at vi har felles interesse med desse næringane.

Framstegsparti vil:

-           ha eit landbruk som kan tilby kvalitetsvarer til konkurransedyktige priser.

-           fremme forslag som sikrar landbruket fridom til å utnytte jord, arbeidskraft, idear og kapital til gagn for næringa og forbrukarane.

-           arbeide for å fjerne Bu- og driveplikta.

 

  Reiseliv

Reiselivsbransjen er ei stor næring som kan gje enorme inntekter i Sogn og Fjordane også i framtida. Vår dramatiske natur, med fjell og fjordar, er ein salsvare som ikkje er godt nok utnytta. Framstegspartiet vil arbeide for at Sogn og Fjordane fylke blir marknadsført som merkevare på den nasjonale og internasjonale turistmarknaden.

Framstegspartiet vil arbeide aktivt for at det vernehysteriet som vi opplever i dag ikkje må få ta overhand slik at næringa ikkje kan utnytte dei store naturopplevingane.

 

  ENERGI 

Sogn og Fjordane har store, unytta vasskraftressursar. I dag er det underskot på straum, og dette tilseier at fleire av dei verna vassdraga våre bør kunne byggast ut. I tillegg bør dei som har høve til å bygga  minikraftverk få løyve til dette.

Dersom det blir aktuelt å føre i land gass i vårt fylke, bør ein også sjå om det er muleg å få bygt gasskraftverk.

Framstegspartiet vil.

-           Fremje vasskraftutbygging i Sogn og Fjordane.

-           Stø planane om utviklinga på Lutelandet.

-           Arbeide for ei tilførselslinje for gass til Lutelandet.

 

KULTUR

Sogn og Fjordane Framstegsparti ynskjer eit levande kulturliv, fritt for politisk detaljstyring og eit kulturliv basert på personleg engasjement og frivilighet. I den grad større kulturinstitusjonar skal ha økonomisk støtte frå det offentlege bør dette organiserast gjennom direkte statlege tilskott. Kulturinstitusjonar som i dag sorterer under fylkeskommunen er i stor grad allereie organisert som sjølvstendige stiftingar/einingar. Framstegspartiet vil arbeide for at resten av dei fylkeskommunalt eigde institusjonane omgjerast til sjølveigande, økonomisk fristilte einingar.

 

Utvikling av kulturbaserte næringar/arrangement.

Sogn og Fjordane har stor aktivitet og mange mulegheiter innanfor denne nisjen. Aktørane er ofte små, og  har derfor lite høve til å marknadsføre desse aktivitetane på landsbasis. Framstegspartiet vil bruke deler av dei statlige overføring til regionalutvikling til denne marknadsføringa.

 

PLEIE OG OMSORG.

            Det er eit offentleg ansvar at alle får tilgang til nødvendige helse- og omsorgstenester. Sogn og Fjordane Framstegsparti vil understreke at kvart enkelt menneske sjølv har hovudansvar for å syte for seg sjølv og sine næraste. Samstundes må samfunnet syte for eit sikringsnett for dei som ikkje er i stand til å klare seg sjølv.

Sogn og Fjordane Framstegsparti meiner at grunnleggjande velferds gode som helsetenester og sosialtenester skal sikrast befolkninga uavhengig av kommunal økonomi. Desse oppgåvene bør finansierast gjennom innføring av ein differensiert stykkpris. Den differensierte stykkprisen må være eit statleg ansvar, men sjølve tenesta og den administrative utføringa kan leverast lokalt. På denne måten får ein det lokale sjølvstyret så lokalt som mogeleg, nemlig hos brukaren sjølv.

 

Oppretting av fylkeskommunalt eldreombod.

Av erfaring veit ein at mange brukarar av institusjonar og den opne omsorga ikkje får den pleie og omsorg ein har krav på og fortener. Ein veit og at mange ikkje vil klage fordi dei er redde for reaksjonar i systemet. Sogn og Fjordane Framstegsparti vil opprette eit eiget fylkeskommunalt eldreombod der pleietrengande og pårørande frå heile fylket kan klage på omsorgssvikt frå kommunane og få klaring i kva rettar dei har.

 

Sjukehusa våre

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil at vi skal ha eit sjukehustilbod som gjev tryggleik og nærhet for innbyggjarane i heile fylket. Vi ønskjer å behalde novarande sjukehusstruktur. Strukturendring innanfor sjukehustenestene er sentraliserande.

Sogn og Fjordane Framstegsparti ser med bekymring på den uro manglande løyving har skapt innanfor helsevesenet. Dette medfører at det er vanskeleg å rekruttere gode fagfolk til fylket. Vi vil halde fram med vårt arbeid for å skape betre forhold i helsevesenet.

Framstegspartiet vil arbeide for at dagens gjeld vert sletta, og at stykkprisfinansieringa vert auka.

Framstegspartiet vil også fjerne helseregionane, gjere sjukehusa om til sjølvstendige einingar og ha ei ordning der staten "kjøper" plass på det sjukehuset der den einskilde brukar ønskjer å få behandling.

 

 

 

 

MILJØ

Framstegspartiet erkjenner at ein må legge til rette for at ein får mindre utslepp av CO2 og andre ting som skader miljøet på lang og kort sikt. Framstegspartiet ynskjer også er berekraftig utvikling, dette inneber at desse tilpassingane må gå over tid.

Nasjonale mål for å få ned f..eks. CO2 utslepp frå bruk av bil, må løysast ved at ein legg til rette for mykje raskare utskrifting av dagens bilpark, enn å avgiftsbelaste bruken av bil. Dette gir kun meir pengar i statskassa og er til lita og inga nytte for miljøet.

Framstegspartiet ynskjer også ei stor satsing på utbetring av veg for å minske utslepp av CO2. Det er ei kjensgjerning at med dagens vegstandard i f.eks Sogn og Fjordane har vi mykje å hente ved å utbetre dagens vegnett.

Framstegspartiet vil også ha ei nasjonal satsing på vasskraftutbygging. Skal nasjonen bidra i å minske utslepp internasjonalt er vi ikkje i tvil at vårt beste bidrag vil være å vri mest mogeleg av vårt energiforbruk over på nettopp vasskraft. Denne energikjelda er både fornybar og ikkje minst totalt uskadelig for miljøet.

 

Bærekraftig utvikling av kulturlandskapet.

Noreg er eit land med ein unik natur og eit eineståande naturlandskap. Det er både eit privat og eit offentleg ansvar å sikre eit godt miljø og ein forsvarleg utnytting og bruk av landets natur og naturressursar. Vern av unike kulturlandskap inneber og ivaretaking og forvaltning av dyr og planteliv. Sogn og Fjordane FrP vil stimulere til økonomisk vekst innanfor grenser sett av omsyn til grunnleggjande ressursar, som for eksempel jord, luft og vatn. Ein slik bærekraftig vekst er ikkje eit statisk nivå, men endrar seg over tid avhengig av naturlege endringar og teknologisk utvikling. Det leggast vekt på at myndigheitene inntek ein dynamisk forvalterrolle, og ikkje framstår som "museums vaktarar".

I dag er det fylkesmannen som forvaltar det regionale miljøvernet. Dette bør overførast til ein egen forvaltningsdomstol. Unnateke frå dette er kulturminneforvaltninga, som forvaltast av dagens fylkeskommunar, dette bør gjerast av dei enkelte kommunane.

Funksjonshemma
Sogn og Fjordane Framstegsparti meiner at personar med funksjonshemmingar skal, så langt det er mulig, ha like gode muligheiter til å fungere i samfunnet som funksjonsfriske. Forholda bør derfor leggast til rette for den funksjonshemma både i heim-, skole- og arbeidssituasjonen, basert på den enkeltes ønskjer og behov. I Sogn og Fjordane skal universell utforming leggast til grunn for all planlegging av offentlige bygg og uteområde.