John H. Vannes skreiv i Grannar 31. mai eit innlegg om den lenge etterlengta oppgraderinga av vegen mellom Skånevik sentrum og idrettshallen. Eg las og oppslaget i Haugesunds Avis den 17. mars, og eg snakka då med Gudbjørg Christophersen for å høyra meir om saka, den veit jo best kor skoen trykkar som har den på. Ein kjem ikkje ifrå at tida er meir enn moden for å gjennomføra dette prosjektet, 16 år med aukande trafikk levner ingen tvil.
På Madsgård blei det i siste periode bygga ein trafikksikker trasé langs E134 som knytta Sørstranda og Osnes til Etnesjøen, eit heilt nødvendig tiltak langs ein svært trafikkert veg for å sikre mellom anna ein trygg skuleveg for mange. Forbindelsane til andre grender i tilknytning Etnesjøen må snarast sikrast på samme måte. Dette hastar like mykje som prosjektet i Skånevik, og eg meiner det er mogeleg å gjennomføra begge prosjekta relativt raskt dersom ein er løysingsorientert.
Vannes meiner at makta rår, og det kan hende han har rett i det. Kven ˝makta˝ er, skal på nytt avgjerast den 10. september i år. I den forbindelse har dei ulike politiske partia utarbeida sine program med saker som dei vil gjennomføra dei neste åra. Me i Etne Fremskrittsparti har mellom anna programfesta at gang- og sykkelvegen mellom Skånevik sentrum og idrettshallen skal lagast. Dette er ei prioritert oppgåve for oss dersom me får folkets gunst, og er eit svært viktig moment i den totale planen for samferdsle i kommunen. Prosjektet er, slik eg kjenner saka, for ein stor del ferdig regulert. Vannes sine argument for endringar i desse planane er både fornuftige og gjennomførbare, og må sjåast nærare på.
Fremskrittspartiet kalles jo ˝asfaltcowboyane˝, eit tilnamn me er stolte av å ha fått. Det viser at me har viljen til å gjennomføra viktige tiltak innan samferdsle, og me i Etne Frp vil gjera alt me kan for å knytta kommunens bygder og grender tettare saman i åra som kjem. Om me får makt til å gjera dette er det du som bestemmer ved kommunevalet. Me i Etne FrP står klar til å lytta til kva innbyggjarane i heile kommunen er opptatt av, og setter æra i å vera gode ombudsmenn for deg og di einskilde sak.
Roger Nilsen
ordførarkandidat
Etne Framstegsparti

