Lite statsrådhjelp
OLAV HATLEMARK
![]() |
FLORØ: Audun Hammerseth, gruppeleiar for Frp, er svært skeptisk til kva som vil komme til å skje med nærsjukehuset, etter at sjukehuset heller ikkje denne gongen blei sikra i statsbudsjettet. Han konstaterer at statsbudsjettet ikkje gav pengar til å dekke inn underbudsjettering av Helse Vest eingong.
Mistenkeleg
– Eg fryktar at dei no berre ligg og ventar på eit høve til å legge ned nærsjukehuset. Når regjeringa har oppretta eit pilotprosjekt utan at det er sett av pengar, trur eg berre det går ein veg, seier Hammerseth. Han synest samstundes det lenge har vore mistenkjeleg stille kring nærsjukehuset.
Gruppeleiaren til Frp i bystyret fryktar no at Helse Førde og Helse Vest let tida gå og berre let vere å fornye avtalane med dei som jobbar på nærsjukehuset, for så å overføre dei rett til Førde.
Avtalen om nærsjukehuset går ut ved årsskiftet. Han tek avviklinga på forskot og spør kor stor skade denne regjeringa skal gjere for Flora.
Først trassar dei stortingsvedtaket om privat drift av helibasen og lagar ei filialsak ut av dette. No spøkjer det for nærsjukehuset.
Flora-samfunnet ser ikkje ut til å få mykje draghjelp same kor mange statsrådar fylket får i regjeringa, hevdar Hammerseth


