
Bjørn Lødemel og Høgre sviktar lokalsjukehusa
Då forslaget om å fryse omstillingsprosessane som gjaldt nedlegging/nedgradering av akuttberedskap/ortopedi og fødeavdelingar var behandla i Stortinget fann Høgre det ikkje nødvendig å røyste for dette forslaget.
Bjørn Lødemel (H) prøvar no i lokalavisene å forklare og bortforklare kvifor Høgre røysta ned frysforslaget i Stortinget.
Vi i FrP ønskte med dette forslaget å kome statsråden i forkjøpet med å stadfeste Helse Vest og Helse Førde sitt ønskje om å fjerne ortopedien og fødeavdelinga på Nordfjordeid og den forsterka fødestove i Lærdal.
Det var med stor skuffelse å registrere at Høgre ikkje fann det nødvendig å røyste for forslaget. Dersom Høgre hadde røysta for frysforslaget ville det lagt eit stort press på Senterpartiet, på grunn av at det då har vore ein samla opposisjon som stod bak forslaget om å fryse omstillingsprosessane.
Hadde ein samla opposisjon greidd å legge press på SP i denne saka, slik at det hadde blitt eit fleirtal i Stortinget som røysta for å fryse omstillingsprosessane, så kunne ikkje statsråden teke beslutninga om å legge ned ortopedien og fødeavdelinga på Nordfjordeid og den forsterka fødestove i Lærdal. No har imidlertid statsråden nytta seg av den retten ho har og raskt kalla inn til føretaksmøte for å godkjenne tidlegare vedtak i Helse Førde og Helse Vest om å legge ned ortopedi- og fødeavdelinga på Nordfjordeid, og å fjerne den forsterka fødestove i Lærdal.
I tillegg ville vedtaket lagt sterke føringar på kva innhald lokalsjukehusa skal ha når Stortinget skal behandle Nasjonal helseplan i juni. No vert det spennande å sjå kva standpunkt Høgre tek når det gjeld lokalsjukehusa i den debatten, eller om dei godtek det standpunkt som den raud/grøne regjeringa har teke når det gjeld innhaldet i lokalsjukehusa.
Åge Starheim
Stortingsrepr. FrP

