Kalender Hordaland

03.01.08 18:48

Har me svikta hestesporten?

 31.12.07

Eg ser at Grannar har fått med seg noko av det som gjekk føre seg på årets siste kommunestyremøte. Ein av dei tinga dei har fått referert er at det kun var ein representant som stemte mot den nye reguleringsplanen for Etnesjøen del 2. Dette er vel og bra, men eg må med handa på hjartet sei at det knapt nok er halve sanninga når det kjem til kva som kom fram med hensyn til hestesportanlegget.

Underteikna overleverte for to månader siden ei interpellasjon om saka til ordføraren som dessverre ikkje blei handsama når ho skulle. Grannar publiserte ein artikkel om interpellasjonen før ho vart handsama, noko som har gitt vatn på mølla til andre politikarar og samstundes har skapa eit engasjement i lokalbefolkninga. I tillegg har saka blitt belyst frå fleire sider dei siste to månadane, og det er relativt lenge siden det gjekk opp for alle partar at det ville vera stor semje om at reguleringsplanen ville bli godkjent under handsaminga i kommunestyret.
Den positive responsen frå fleire grunneigarar som mediadekninga av interpellasjonen har ført til, burde gjera alle som er involverte i hestesport glade heller enn skuffa. Etter mitt syn har betre vilkår for dette miljøet aldri vore nærare enn no, og det er mi tru at det skal bli enda betre.
Det Grannar ikkje fekk med seg, eller valde å oversjå, var at ordføraren på direkte spørsmål frå underteikna i fyrste omgang sa seg einig i at Etne kommune har eit moralsk ansvar for at hestesportmiljøet har ein plass å gjera av seg. Han lova også at han skulle fylgja opp anmodninga frå underteikna om å føra prosessen om å finna eit alternativt område for hestesportanlegget vidare saman med interesserte grunneigarar og hestesportlaga. Samstundes blei det sagt i frå om at siste ord ikkje er sagt i saka om korleis Etne kommune eventuelt skal kompensera for dei verdiane som ligg igjen på Tongane.
Så har me svikta hestesporten?? Svaret er heilt klart NEI, og saka skal haldast varm inntil me har fått ei løysing dei hesteinteresserte kan vera nøgd med!
Roger Nilsen
Etne FrP

Faksimilie: http://www.grannar.no/nyhet.cfm?nyhetid=3377