Kalender Sogn og Fjordane

30.08.10 00:14

Pressemelding 29.08.2010

Medlem i Hovedutval for samferdsle og Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik, avviser totalt at Framstegspartiet sine representantar kjem til å stemme for bompengar på ei eventuell bru over Nordfjord.

FrP-politikar på Eid, Lars Svein Drabløs, uttalte på eit møte mellom formannskapa på Eid og i Gloppen i forrige veke at han var positiv til ei bompengefinansieringa av eit slikt prosjekt, så lenge prisen ikkje vart høgare enn dagens ferjetakst.

Djuvik på si side seier at alle representantar for partiet har lov å ytre sine meiningar, også positivt, til eventuelle bompengeprosjekt, men garanterer at ingen som representerer FrP i folkevalgte organ vil stemme for bompengar. - Våre folkevalgte har forplikta seg til å følge FrP sitt landsmøtevedtekne program og rettningslinjer. Det er det vi har lova veljarane våre, og det kjem vi til å holde, seier han.

Sjølv om Djuvik kategorisk avviser bruk av bompengar, har han forståelse for Drabløs sitt synspunkt. - Eg kjenner Drabløs som ein ideologisk og prinsippfast politikar, men når regjeringa løyver så lite midlar til samferdsle som dei gjer, så har eg full forståelse for at desperasjonen vert stor. Dette er nok eit bevis på at den raudgrønne regjeringa pressar lokalpolitikarar til bruk av bompengar, ved å konsekvent løyve for lite midlar til vegbygging. Dette er ein bevisst politikk, seier Djuvik.

Djuvik kan ikkje love at Framstegspartiet vil løyve dei statlege midlane som skal til for å byggje brua utan bompengar. - Vi har programfesta, og gått til val på at vi skal sikre gul stripe på heile E39 gjennom Sogn og Fjordane, og her gjenstår det mykje, også i Nordfjord. Store delar av vegen mellom Skei og Sandane treng utbetring, og ikkje minst Lote-tunnelen. Brua er ikkje vår førsteprioritet no, men vi vil i staden få på plass gratisferje på strekninga.

Framstegspartiet har programfesta at dei kan gå inn for bompengar hvis eit fleirtal av innbyggjarane i dei berørte kommunane, seier ja til prosjektet i ei folkeavrøysting, men Djuvik ser på det som lite truleg sidan den ligg så langt bak i finansieringskøen. - Hvis ein skal finansiere brua med 100% bomfinansiering vil prisen for kvar passering verte så høg at ingen med vett og forstand ville stemme ja til noko slikt, avsluttar han.