Kalender Hordaland

Oppdatert 29.08.07 18:39

Industribløff frå partia i Radøy?

Når kommuneplanen for Radøy vart rullert,vart industriområdet på Toska og djupvasskaien der teke ut av planen mot FrP sine 5 stemmar. Når det no stundar mot val er alle parti oppteken av at næringslivet i Radøy skal få gode vilkår og gode område til industriføremål. Kan ein stola på dette?

Det var ein aktiv gruppeleiar frå FrP,Jonny Sjursen,som prøvde desperat å behalde industriområdet og djupvasskaien på Toska i planen. Vi vart møtt med argument om at dette ikkje var eigna areal til formålet og at det var urealistisk å tru på ein djupvasskai. FrP meinte at det allikevel ikkje kunne skada å la området liggje regulert til industri, men tala for døve øyrer. Området vart fjerna, og berre FrP stemte mot.

MEN: no når valet nærmar seg, er det ved fleire høve trekt fram dei fantastiske mogelegheitene som ligg i industriområdet og djupvasskaien. Ap har uttalt seg om dette fleire gongar, og kvar gong vorte minna på vedtaket dei var med på i samband med rulleringa. Dei hugsar tydelegvis ikkje at industriområdet vart fjerna med deira hjelp.

Det kan lova godt for industrien på Radøy om alle parti står ved dei lovnadane dei kjem med i valprogramma. Det er jo berre å håpa. Men desverre viser det seg gong på gong at vegen frå fine ord til handling kan vere både lang og ein smule inkonsekvent.