![]() |
Lokalprogram Lindås FrP 2011-2015
Last det ned her
Eller les det her:
4 nye år
Lindås FrP blei stifta i 1981 og stilte til val fyrste gongen i 1983 og kom inn med 2 representantar i kommunestyret. Sia den gong har me vakse jevnt og blei ved valet i 2007 største parti med 28 %.
Dette kjem til syne i Lindås kommune sine tenestar , blant anna i skule og eldreomsorg. Her har me starta på mange endringar som vil vere til beste for kommunen sine innbyggjarar. Vi ber om fornya tillit til å gjere ferdig dei mange satsingane som no er starta.
Lindås FrP sine representantar tar sin oppgåve på alvor, vi skal tene folket. Me er til for folket – ikkje omvendt. Dersom du har ei problemstilling i det offentlige, kan du alltid ringje ein av våre representantar, og me vil hjelpe deg.
Me har som motto at: «Ingen sak er et problem, berre ei utfordring.»
Desse enkle sakene er viktige for den det gjeld og då er dei viktige for oss i FrP. Så nøl ikkje med å ta kontakt, så garanterer me at me skal sjå på alle saker, og lytte til alle innspel. Du finn kontakt informasjon om våre representantar på lindas.frp.no
Dei 22 kandidatane våre er no klare til innsats for deg og for Lindås. Me ynskjer alle eit godt val.
Programmet byggjer på å vidareføre den gode utviklinga i Lindås kommune.
Fremskrittspartiet tar mål av seg å styre Lindås kommunedei neste fire årene. Me ynskjer å styre kommunen på vegne av deg som innbyggjar, ikkje som ein forlenga arm av administrasjonen.
Gjennom dei neste sidene i programmet vil me vise korleis me har tenkt å bevege kommunen i den retning me ynskjer. Me vil vise kva områder vi meiner må forandrast eller forbetrast for at innbyggjarane skal få nyte godt av fridom og ansvar.
Lindås FrP ynskjer deg god lesing og eit riktig godt val. Uansett kva politisk retning du måtte velja, så ta eit standpunkt. Hugs, me lar deg bestemme!
Ideologisk grunnlag – vårt grunnsyn
Fremskrittspartiet i Lindås kommune er et liberalistisk parti. Det bygger på Noregs grunnlov, norsk og vestlig tradisjon og kulturarv med basis i det kristne livssyn. Vårt hovudmål vil framleis vere å arbeide for sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlige inngrep.
Enkeltmennesket i fokus
Desse dokumenta gjengir Lindås FrPprogram for perioden 2011 – 2015. Her kan du lese om kva prinsipp som vi i Fremskrittspartiet legg til grunn for vår politiske tenking og kva vi vil gjennomføre i den kommande 4-års perioden.
Me som representerer Fremskrittspartiet veit at jobben som folkevalt er ein viktig og krevjande jobb. Jobben sluttar ikkje etter at vallokala har stengt, men begynner nettopp da. Alt for mange politikarar gløymer sin ombudsrolle i det dei får makt, og nesten blir ein del av administrasjonen. Me skal representere deg, uansett om me kjem i posisjon eller opposisjon.
Me ynskjer din stemme slik at me kan få større innflytelse i Lindås kommune og moglegheit for å utføre det oppdrag du som veljar har gitt oss – kvar dag, frem til neste val.
-
Me vil kjempe for at barn og unge skal få bu i et samfunn som stimulerer og gir ein god oppvekst.
-
Me ynskjer at ungdom skal ha gode fritidstilbod og ein moderne skule.
-
Me ynskjer at alle barn skal ha et fleksibelt barnehagetilbod
-
Me ynskjer at familiar og einslige skal ha ein felles oppfatning om at Lindås er ein kommune som har plass til alle
-
Me ynskjer at det skal være godt å bli gammal i Lindås kommune
Lindås Kommune – veien vidare
Lindås FrPvil arbeide for at Lindås blir ein framtidsretta og moderne kommune, som skal utvikle seg som et lokalsamfunn med plass til alle, og med ein vilje til å utvikle seg i takt med nabokommunane, kanskje også bli del av ein ny og større kommune. Samhandlingsformen vil tvinge frem eit auka interkommunalt samarbeid, og me vil også i den samanheng arbeide for at Knarvik får eit distrikts medisinsk senter, tilknytte ein utvida legevakt teneste for regionen.
Me vil legge til rette for at næringsdrivande skal sjå Lindås kommunesom ein naturlig kommune å etablere seg i, og skape nye arbeidsplassar.
Fremskrittspartiet vil fortsette arbeidet med å begrensa det kommunale byråkratiet, forbetre samspelet mellom kommune og innbyggar. Innbyggarane i kommunen skal bli høyrt i saker som grip inn i deira kvardag.
Kommunen er etablert for å gi service og tenester til innbyggjarane.
Kommunen som arbeidsgivar
Kommunen er ein stor arbeidsgivar, og produserer svært mange tenester som innbyggjarane er avhengige av. Fremskrittspartiet har gjennom dei siste år sett med stor bekymring på eit auka sjukefraver, og ynskjer at det regelmessig skal gjennomførast statistikk på korleis arbeidsmiljøet i kommunen er. Berre med fornøyde og dyktige medarbeidarar, vil kommunen sine innbyggjarar få den kvalitet på tenestene som dei fortener. Det er viktig at dei tilsette blir verdsett og får moglegheit til å utvikle seg i sitt arbeid..
-
Lindås FrP fekk gjennomslag for sitt forslag med mål om å redusere til 6 % sjukefraver for dei tilsette, og ein arbeider aktivt med å nå dette resultatet.
-
Lindås Frp har dei siste 4 årene arbeida med å unngå uønska overtid, og større stillingsbrøker for dei som ynskjer det.
-
Ein god seniorpolitikk
-
Auke antall lærlingar
Fremskrittspartiet vil arbeide vidare for å prioritere kommunen sine primæroppgaver; eldreomsorg og skule.
Fremskrittspartietynskjer at kommunen i langt større grad skal bruka Ja-stemplet, og gi innbyggjarane fridom til å realisere sine ynskjer.
Dei økonomiske ressursane som kommunen forvaltar tilhøyrer innbyggjarane. Fremskrittspartiet vil derfor arbeide aktivt for at kommunen bruker skattebetalar pengar på ein så fornuftig måte som mogleg.
Fremskrittspartiet seier:
-
JA til å innføre svarfrist på 48 timer på alle henvendelser til kommunen.
-
JA til kortere saksbehandling iLindås kommune.
-
JA til å bruke IKT i ein større grad som informasjons verktøy for kommunen sine innbyggjarar.
-
JA til å begrensa det kommunale byråkratiet
-
JA til areal og byggesaker
Skule og undervisning
Me vil i tida framover prioritere å vedlikehalde våre skulebygg. Me vil også arbeide for at våre elever får dei aller beste lærermidler slik at dei står best mogleg rusta for framtida. Me har ikkje råd til å la barna våre hengja etter innan IKT, derfor ynskjer me eit krafttak innan skulane for å prioritere fleire PCer til elevane og tilrettelagt undervisning som tar høgde for at ingen elevar er like. Sikre læraren moglegheita til vidareutdanning.
Lindås FrP vil arbeide for å oppfylle intensjonane bak skulebruksplanen, og byggje opp under oppvekstsentrane som vedtatt. Me har starta opprusting av Alversund skule, Lindås barneskule, Ostereidet ungdomskule, Leiknes skule med storstove. Me vil arbeide for at alle elvar får ein god symjeopplæring.
-
JA til NY barneskule i Knarvik
-
JA til NY Seim skule med skytebane
-
JA til NY skule på Eikanger
-
JA til oppgradering av Lindås ungdomskule
-
JA til å sikre gode arbeidsforhold for elever og lærarar
-
Ja til trygg skuleveg
-
NEI til mobbing i skulen
Barnehage
I inneverande periode har vi oppnådd full barnehagedekning i Lindås Kommune i følgje regjeringa sine retningslinjer. Dette takka vere utbygging av private barnehagar .Dersom det skulle bli behov for nye barnehageplassar, vil Lindås FrP vurdere om det er best med private eller kommunale barnehageplassar. Det viktigaste er at kommunen har et kvalitativt tilbod som passar for alle.
-
JA til private barnehagar
-
JA til likestilling mellom kommunale og private barnehagar
-
JA til 2 opptak til barnehagane i året
På lag med næringslivet
Næringslivet behøver stabile rammebetingelser som gir vekstmogligheiter for lønnsame, kreative og tilpasningsdyktige bedrifter i Lindås kommune. Me ynskjer å tilby næringslivet best moglege rammebetingelser.
Lindås FrPvil føre en liberal næringspolitikk, og sikre rask, positiv og velvillig saksbehandling frå kommunens side. Kommunens arealpolitikk bør utformast slik at den fremmer nyetableringar og utvikling.
Lindås FrPvil arbeide for at det finnes nok ferdig regulert areal til næringsformål. Vi vil også stille oss positivt til private planer, bruksendringar, byggesøknader, løyvesøknader og liknande frå næringslivet og industrien.
Lindås FrPynskjer at kommunen skal støtte og vidareutvikle de fortrinn vi har gjennom den etablerte industrien. Lindås kommune må i større grad tilretteleggja for nye etableringar, og ynskje dei velkommen.
Lindås FrPstiller seg positiv til henvendelser om frådeling av eigedommar slik at bonden har økonomisk tryggleik og muligheiter til fornybarheit.
Lindås FrP ynskjer ein aktiv utnyttelse av bergverk og mineralforekomstar. Lindås FrP ser det som en klar fordel atLindås kommune er positiv til tiltak som kan auka rekrutteringa til næringen.
Lindås FrPvil være en pådrivar for at vår region til einkvar tid har den infrastrukturen som næringslivet treng, det gjelder seg veg, bane, vatn, straum og breibånd.
Lindås FrPynskjer at Lindås kommune skal klare seg utan eigedomsskatt på verk og bruk, og vil arbeide for at denne skal reduserast og fjernes helt over tid.
Fremskrittspartiet seier:
-
JA til å stille kommunale areal til rådigheit for næringsutvikling
-
JA til Nyborgs tunnel
-
JA til Samband vest
-
JA til storhavna på Mongstad
-
JA til Jernbane til Mongstad
-
JA til forenkla og rask saksbehandling, der næringslivet retter søknader til kommunen
-
JA til vidare satsing på næringsfondet
-
NEI til eigedomsskatt.
Samferdsel
Lindås FrP vil forsettja arbeidet med at drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet skal konkurranseutsettjast og at kommunen sin maskinpark ikkje er større en naudsynt. Det er for Fremskrittspartiet viktig at vegnettet i kommunen vert tilrettelagt for framkommeligheit og tryggleik. Det er viktig at standarden på de kommunale vegane blir auka, og Lindås FrP vil arbeide vidare for å auka budsjetta og standaren på dei kommunale vegane.
Samferdselsårene inn i Lindås kommune, er særdeles viktige rammevilkår for våre bedrifter. Me vil arbeide aktivt for at våre kommunale, fylkes og riksveier vert prioriterast for vedlikehald .Me vil benytta våre regionale og sentrale representantar for å øve press på styresmaktene.
Vi støtter dei store veg prosjekta som Nyborgstunell og SambandVest, men ønsker IKKE bompengefinansiering av disse. Dette mener vi STATEN må betale av de avgifter de tar inn.
Bompengarvil Lindås FrP til einkvar tid gå sterkt imot.
-
Ja til å auka standarden på kommunale veier
-
Ja til en effektiv kollektivtransport.
-
Ja til gang og sykkelveg
-
Ja til skyssbåt Knarvik, Frekhaug, Bergen
-
Nei til bompengar
Areal og busetting
Lindås FrP meiner at den enkelte grunneigar veit best når det kjem til eigen eigedom. Me er derfor positiv til alle innspel
så lenge det er innan for lovverket, og ikkje påverkar naboar i vesentlig grad, og vil arbeide for at ein vel løysingar som
begrensar inngrep i privat eigedom.
Lindås FrP er framleis din garanti mot inngrep i eigedomskatten og vil til einkvar tid gå sterkt i mot innføring av eigedomsskatt på hus og hytte i Lindås kommune.
Lindås FrPer positiv til bustadbygging. Likeins vil vi opphevevedtak om tomtestørrelser og bustadtettleik.
Lindås FrPvil arbeide aktivt for å unngå dyre planer og tiltak der utgiftene i sin heilskap må bæres av innbyggarane i form av store avgiftsaukningar, eller kutt i sentrale tenester.
Lindås FrPer prinsippfast i sitt syn på at alle kommunaltekniske avgifter skal bereknas etter sjølvkost. Lindås FrPer din garantist for at utgiftene skal haldast på et lågast mulig nivå.
Ja til at kommunen innløysar eigedommar til full marknadspris der det er fleirtal for at kommunen beslaglegger privat eigedom. Full marknadspris skal også leggast til grunn der kommunen vedtar handlingar som forringar verdien av privat eigedom.
Fremskrittspartiet seier:
-
JA til sjølkostprinnsippet for kommunaltekniske avgifter.
-
JA til salg av kommunale eigedomar.
-
JA til private reguleringsplanar.
-
JA stempel i byggesaker.
Integrering av flyktningar og asylsøkarar
Lindås kommunes mottak av flyktningar/asylsøkarar skal ikkje vere større enn at integrering kan gjennomføres. Familiegjenforeining må også tas med i vurderinga. Lindås FrPkrev at alle som busett seg i Lindås kommuneskal gjennomføre det 2-årig introduksjonsprogrammet for flyktningar. Og at kommunen får dekt alle kostnader med integrasjonsarbeidet frå staten. Dei siste åra har Lindås kommune lykkast i sin integrering, sjølv med stort påtrykk frå sentrale myndigheiter, har vi ikkje auka inntaket.
Eldreomsorg
Lindås FrPvil sette dei eldre fyrst når dei kommunale midlar skal fordelast. Kommunen skal ha et best mogleg utbygd hjelpe- og serviceapparat. Lindås FrPvil auke antall institusjonsplassar så lenge behovet er tilstede, og ser det som helt naturleg at ingen mot sin vilje skal måtte bu på dobbeltrom.
Eldre menneske er en ressurs for kommunen, ikkje minst på grunn av sin lange arbeids- og livserfaring. Lindås FrPtar derfor sterk avstand frå dagens tendens til umyndiggjering av menneske einsidig på grunn av høg alder.
Lindås FrPvil gi alle en reell valfridom. Vi trur på enkeltmennesket og dette kombinert med kravet om en verdig alderdom vil alltid vere eit av våre hovudmål. Ved ein godt utbygd heimehjelp/heimesykepleie, vaktmeister og transportteneste, mattdistribusjon og aktivitetssentra skal dei som ynskjer det kunne bu i sitt eigen heim så lenge dei sjølv ynskjer.
Lindås FrPer mest opptatt av kvaliteten på tenestene, ikkje kven som utfører dei. Me stiller oss derfor positive til private løysingar og samarbeid med frivillige organisasjonar.
Lindås FrPstiller seg positiv til etablering av omsorgsbuliger med heildøgnsbemanning, dette gjer at en kan bo i en lettstelt bustad med tilbod om felles måltider og aktivitetar.
Lindås FrPønsker å realisere «Lyngtunet» som skal bli eit spesialsenter for demenspasientar.
Lindås FrPmeiner Lindås kommune trenge ein opptrening og rehabiliteringssenter, og meiner dette må komme i samarbeid med våre nabokommunar i samhandlings reforma.
Fremskrittspartiet seier:
-
Ja til at eldre er en viktig ressurs i et moderne samfunn.
-
Ja til meir varme hender i eldreomsorga.
-
Ja til framtidsretta sjukeheimar
-
Ja til at kommunen skal ha tilstrekkelig antall med korttidsplassar.
-
Ja til eit nytt senter for demente.
-
Ja til omsorgsbustader med heildøgnsbemanning.
Alkohol/skjenkepolitikk
Lindås FrP ønsker en liberal alkoholpolitikk med stikkordet "Fridom under ansvar." Skjenkebevilling skal være lett å få, men også lett å miste. Lindås FrP ynskjer lik opningstid innanfor loven sin ramme for aktørane i bransjen. Fremskrittspartiet går imot forskjellsbehandling.
-
Ja til like opningstider som Bergen.
Turisme
Lindås FrP går inn for en sterkare satsing på sommar og vinterturisme. Lindås kommunemå styrke tilrettelegginga og marknadsføringa av kommunens turistmål.
Satsinga på turisme må skje gjennom fylkes- og regions samarbeid, på tvers av grenser. Lindås kommunebør søkje samarbeid med kommunar som har lukkas med å tilretteleggja for turisme. Tilrettelegging av turisme må gjennomføres i samarbeid med lokalt næringsliv og frivillige organisasjonar.
Beskatning av innbyggarane
Fremskrittspartiet går inn for en sterk nedsetting av skattar, avgifter og offentlige inngrep. Byråkratiet veks stadig, og en altfor stor del av innbyggjarane skattepengar går til administrasjon.
Me er sterk motstander av at kommunane kan krevje inn skatt på eigedom. Utgifter knytt til å bo i egen bustad er høye nok i Lindås kommune, slik at en boligskatt i tillegg vil være direkte urimelig. De kommunale utgiftene som denne skatten var tenkt å dekke, blir i dag belasta i form av kommunale vann, avløps og renovasjonsgebyr, og dagens eigedomsskatt må derfor sjåast på som en dobbeltbeskatning. Vi vil derfor gå i mot einkvar vurdering av eigedomsskatt.
Fremskrittspartiet seier:
-
Nei til alle forslag om å innføre eigedomskatt på hus, hytte og næringsbygg
-
Nei til avgiftsauke på Vann, Avløp og Renovasjon,
-
Ja til effektivisering og konkurranseutsetting
Kyrkje, kultur og fritid
Mykje av folks trivsel er knytt til opplevingar på det kulturelle området. Lag, foreiningar og enkeltpersonar gjer ein fremifrå innsats for å tilby et variert utvalg arrangement i kommunen vår. Lindås FrP vil støtte og oppmuntre til fortsett frivillig innsats og være positive til løyvingar som bidrar til dette. Kommunen skal vere ein samarbeidspartnar og støttespiller for lag og foreiningar, yte økonomisk bistand ved behov og stille kommunens areal og bygg til disposisjon når dette passar.
Lindås FrP vil sjå til at kommunens støtte til kultur og fritidsaktivitetar skal komme flest mogleg til nytte. Det vil si at vi vil prioritere aktivitetar som fangar opp ein bredde i folket, mens dei med spesielle ynskjer i større grad må dekkje disse sjølv. Offentlig privat samarbeid vil vi prioritere høgt, der frivillige lag, næringsliv og kommunen jobbar saman for dei beste løysningane.
Fremskrittspartiet seier:
-
Ja til folkelig kultursatsing
-
Ja til dobling av støtte til ungdomsrådet
-
Vidareutvikle Knarvik Stadion og omliggande områder.
-
Ja til ny kyrkje i Knarvik
-
Ja til symjehall i Knarvik
-
Ja til symjebasseng på Lindås
-
Ja til idrettspark i Alversund
-
Ja til fritidstilbod til alle.


