![]() |
|
Kommunen har navnet sitt etter haugane (kleppane) på garden Kleppe. Landskap og natur er prega av eit bølgjende jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøer og lange sandstrender. Tinghaug er høgste staden i bygda og ligg 102 m.o.h. Kommunen har eit flatemål på 115 km2. Av dette er 80 km2 jordbruksareal. Med 600 gardsbruk og høgt dyretal er Klepp den nest største jordbrukskommunen i Rogaland, og ein av dei fremste i landet Med basis i landbruksnæringa har det vokse fram flere forskings- og forsøksstasjonar i kommunen: Planteforsk Særheim forskingsstasjon, Felleskjøpet forsøks/stamsædgard, GENO og Tine Meierier Fou, Voll. Jordbruk, industri, privat og offentlig tjenesteyting er hovudnæringar i kommunen Innen kommunen sine grenser har vi flere mekaniske verksemder som ligg i fremste rekke når det gjeld kompetanse og teknologi. Øksnevad Næringspark er ein stor næringseigedom der over 30 bedrifter er lokalisert. Av andre større bedrifter kan vi nemna Kverneland Klepp AS, Block Berge Bygg AS, Serigstad AS og ABB AS. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st, Kåsen, Pollestad og Voll. Jæren folkehøgskole og Øksnevad vidaregåande skole er lokalisert i Klepp. |
Innbyggere pr 01.01
| 1900 | 1950 | 1960 | 1970 | 1980 | 1990 | 2000 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2010 | 2011 |
| 2608 | 4985 | 5981 | 8845 | 10758 | 11871 | 13780 | 14125 | 14313 | 14534 | 14832 | 15271 | 16918 | 17379 |


