15.09.09 12:21

Framstegspartiet er er prinsipiel motstandar av eigedomsskatt. Dette fordi dette er ein usosial dobbelbeskatning som rammar dei med lågast inntekt hardast. I Førde har vi programfesta å fjerne eigedomsskatten, og vi har foreslått ein nedtrappingsplan på 4 år. Dette har desverre dei andre parti stemd imot.

For Førde Framstegsparti står den private eigedomsretten sterkt, og vi vil difor fortsette å foreslå å redusere eigedomsskatten. Innbyggjarane i Førde betaler allereie svært høge avgifter på vatn, avløp og renovasjon, og eigedomsskatten er med på å gjere Førde til ei av dei dyraste kommunane i Norge å bu i.

Fleire har foreslått å auke eigedomsskatten i åra som kjem, og dette vil Framstegspartiet gjere alt for å motarbeide.