Framstegspartiet er sterk motstandar av offentlige monopol, og deriblandt ølmonopol. Førde er ei av veldig få kommunar i landet som framleis har ølmonopol, og dette gjer vi alt vi kan for å endre.
Førde Framstegsparti vil åpne for at butikkar får selje alkohol, på lik linje med andre kommunar. Dette har vi foreslått i bystyret, men fekk berre Høgre med oss. Det er svært beklageleg at politikarane ikkje ser svekkinga av butikkane, og den omfattande handelslekkasjen til nabokommunane som eit problem.
Det er inga forsking som viser at ølmonopol er eit virkningsfullt tiltak for å redusere alkoholkonsumet, og difor meiner vi at det må åpnast for butikkane å få selge øl.

